Om meg

Eg er gift med 3 voksne utflytta born, svigerborn og barnebarn.
Har hus med omlag eitt mål tomt. Har alltid hatt interesse for det som veks. Hadde god peiling på markblomstene og kvar eg kunne finne dei ulike sortane når eg var skulejente. Fekk meg eit lite bed rundt eit plommetre, og det vart stelt etter alle kunstens reglar.
Når eg fekk eigen hage vart det vel ein litt enkel hage, eg fekk ikkje dreisen på frøsåing, og det vart dyrt å kjøpe planter opp i alt anna som vi trong til hus og heim. Ikkje hadde eg kapasitet til å få gjort noke meir i hagen enn nokre smale bed. Eg har alltid hatt den filosofien at hagearbeid skal vere rekreasjon og glede.
Åra har gått, eg har fått uføretrygd og har endeleg fått anledning til å drive med hobbyen på fulltid.
Plantene krev ikkje meir av meg enn eg klarar å takle. Det gjev ro og gjev mykje positiv energi å sjå at det veks og trivast rundt meg.
Eg er no inne i andre sesong med drivhus, og det er som å fått livet i gåve att.