mandag 29. april 2013

HØNSEGJØDSEL OG KALK med retting

Eg har ikkje allverdens kunnskap om gjødsling og kalking, men eg har kome fram til noke som funkar i hagen min. Eg har hatt hage i snart 40 år og heile tida har eg brukt kalk eller skjælsand, hønsegjødsel og kukompost, heimelaga kaldkompost og dei siste 10 åra har eg og brukt beinmjøl og litt blodmjøl. Dei siste 3 åra har eg og hatt tilgang på stallgjødsel av hest som eg har brukt litt av.
Kunstgjødsel og all form for sprøyting har ikkje tilgjenge i beda mine.
Eg har heller ikkje fylt på kjøpejord i beda, for alt dette gjer at det vert nok nok jord. Jorda har etter mitt syn god struktur, ho er full av liv, og det ser ut til at plantene trivast svært godt. Plantene er heller ikkje særleg plaga av sjukdom og lus. Den lusa som kjem om våren på rosene tek eg med fingrane, resten tek meisene, dei andre småfuglane og marihønene.
 Det einaste eg kan komme på er at den einaste Helleborus niger, (skreiv først orientalis) som eg har er plaga med sopp, i år vart heile planta vekke, eg klipte vekk det gamle, og ho stod med masse knoppar, men så vart alt svart, og no har eg teke det vekk. Så får eg sjå om eg finn eit kjerringråd eller eit anna råd slik at eg kan få ei frisk fin plante til neste år, dersom ho overlever. 


I kveld har eg vore ute med kalk på pionane og Helleborusane, dei skal få gjødsel litt seinare.


Rosene har fått rikeleg med kompostert hønsegjødsel og så har eg hatt eit lett dryss av den same gjødselen over staudene. Tulipanløkane fekk og eit godt lag med gjødsel, dei fekk ei god dose med beinmjøl i haust. Det er veldig kjøleg ute, med snøbyer i lufta, men no vert det meldt om varmare veir frå helga, så då tenkte at det kunne vere greit at næringa kom på plass slik at det kunne løyse seg opp til varmen kjem.
Ha ein god mandagskveld alle som er innom!


søndag 28. april 2013

DRIVHUSET SISTE SUNDAG I APRIL


Nokre blogginnlegg kan verte dønn kjedelege, men for meg heilt nødvendige for oversikt og for å sjå attende på korleis det har vore tidlegare, No er det tredje sesong eg bloggar og eg har stor glede av å sjå attende for å sjå korleis alt låg an dei føregåande åra.



Dette er Callistephus chinensis Pinocchio-Mischung, eg har mange av desse i åt og dei veks veldig bra.

 Her er grønkål og pak choi. 
 Dei tidlegare åra har eg hatt godt hell med å så petunia, biletet talar for seg.
Første sommargeorginene har fått knopp, det er fleire som har hatt knopp, men so er det dette med topping for fine lubne planter.

Overvintra fuksia og pelargoneia.

VÅRTEIKN SISTE SUNDAG I APRIL 2013

Elin I hagen ved skauen har oppfordra til å vere med å dokumentere våren i heile landet. Eg ser at hittil er det ingen frå Sogn og Fjordane som har delteke, og det kan jo ikkje gå an. 
Hagen min ligg på kysten i Sunnfjord. Her kjem eit lite utval av det eg fanga i kameraet i kveld.







Bileta seier nok meir enn ord, no kl 19.30 er det 6,3 C og til natta er det vel ned mot null. Det har ikkje vore to-sifra varmegrader enno.



torsdag 25. april 2013

EG TEK MED GLEDE UTFORDRINGA



Ikkje er eg noke til humlefotograf og ikkje sit eg inne med store kunnskapar om humler, men ein ting veit eg, og det er at dør insekta så døyr vi og. 
Det er med glede eg ser at det no er mange både i inn og utland som gjer det dei kan for å auke kunnskapen vår og forståinga for mangfaldet. 
Når eg les frøkatalogar og ellers når eg kjøper planter så er det eit stort pluss at den er rik på nektar. Eg har eigen Tag på Evernote for nektarplanter. 
Den direkte grunnen til innlegget her er at eg las om utfordringa hjå Marit's hagekos... som ho hadde linka til Anne på Moseplassen si utfordring og intiativ. 


mandag 22. april 2013

EG KAN HA BRUK FOR EI HUE





Eg har så lyst på ei flott hue, som det heiter på min dialekt, difor melder eg meg på Give Away-en til Marit denne gongen. 



Takk Marit, for ein spennande blogg!

LEITAR ETTER VÅRTEIKN


Den tidlegaste av Clematisane.


Meconopsis betonicifolia, Blå valmuesøster


Kvit Primula over og Blå Primula under



Helleborus orientalis


Pulsatilla vulgaris


Denne tuliopanspira fekk komme med sidan ho hadde så fin farge.


Den vintergrøne Tellima Grandiflora har ikkje vore vintergrøn denne vinteren.


Pionspirer


Eg måtte leite for å finne antydning til liv på rosene, denne står ein meter frå huset.


Sjølv løvetanna er sein i år


Utsikt frå gangdøra 21.04


I mangel på bilete av trekkfuglar så tok eg med denne karen her.

tirsdag 16. april 2013

LIV I POTTENE


Dette er Dahlia, georgineknollane som eg potta opp fro 12 dager sidan. På overflata har det ikkje skjedd noke som helst, kanskje er dei spirene som var der i utgangspunktet vorte litt kraftigare. Det er her det lett kan gå gale, at vi trur at dei treng vatn for å få fortgang, men då er det lett for at knollane rotnar.


Men her har det skjedd saker, sjå dei fine nye røtene som er på gang. 


Her og kjem det røter. Skal verte spennande å sjå om ein par veker om det er byrja å skje noke over jorda og.


Det er 28 dagar sidan denne fuksiaen vart opppotta. Her og er det mykje meir liv under jorda enn over. Utruleg kor mykje røter det er komne på desse vekene. 
Her gjeld det same som for georgineknollane, pass på så det ikkje vert for mykje vatning. Ta av potta og sjekk korleis det står til, då er det mykje lettare å kontrollere om det er fuktigheit nok i jorda.

søndag 14. april 2013

TOMATPLANTENE HAR FÅTT STØRRE POTTER


I dag har det vore regn og sterk vind frå aust og no frå syd. Temperaturen har vore mellom 8 og 9 C. Så då har det vore ein perfekt dag til å sitje inne på planteromet og potte alle tomatplantene har fått ein til to nummer større potter. Tidlegare år har turen no kome til glaskarmane, fordi det vart for kort opp til lysrøyra, men i dag tok eg vekk undervatningbrettet dei stod på så då kan dei vekse litt til før dei må flyttast. Vonar at dei ikkje veks så mykje at eg må flytte dei før eg kan setje dei ut i drivhuset.

lørdag 13. april 2013

NETTILGANGEN ER ORDNA OG DEI FØRSTE NYPRIKLA STAUDENE HAR FLYTTA UT


No er det meldt om mildare neter, og det er sprengfullt i drivhuset, så då flytta eg ut dei staudene som var komne lengst. No er det lite sol og dei kan stå lunt inne ved veggen. 


Slik ser det ut frå døra i drivhuset i dag. Enno viser det mest i blå kassar, men no er det like før lobeliaene, georginene og blåkorga kjem ut over kantane. 
Eg trur at eg har funne løysinga på problemet med Internettilknytinga, til slutt var det så ille at eg nesten ikkje kom inn på noka side. Så då måtte eg setje meg ned å bruke dei små grå. Då kom eg på at dersom vi fekk telefonproblem på ein av dei tidlegare arbeidsplassane mine så tok vi ut telefonledningen og så vart feilen retta. Eg trur at det må ha vore svaret på problema eg har hatt for i dag har alt fungert utan noke som helst trøbbel.
I dag og i går har det vore mellom 7 og 10 C, så no har eg fått grovrenska i beda. I morgon er vi lova mykje regn og det skal vare ved i ei vekes tid, så då tenkjer eg at telen forsvinn og eg kan klippe rosene og gjødsle dei i slutten av april som eg har gjort dei siste åra.
GOD HELG TIL ALLE I HAGEN! 

tirsdag 9. april 2013

BLOGGPROBLEM - ikkje tilgjengeleg nettside

Eg har fått veldig mykje feilmeldingar "Denne nettsiden er ikke tilgjengelig" no i det siste etter at eg byrja å blogge att og å lese andre sine bloggar. Det er nesten umogeleg å få lagt inn kommentarar hjå andre og, men eg ser jo at andre skriv kommentarar så kanskje det funkar betre hjå andre. Eg brukar Chrome som nettlesar på blogg og hagepraten. Er det noken som kan seie noke om dette?




Slik er utsikta frå gangdøra. I fjor slo vi plenen i slutten av mars, i år ser eg ikkje antydning til grøne strå. 

mandag 8. april 2013

DELING AV DAHLIA, GEORGINEKNOLLAR.


Onsdag og torsdag i forrige veke var det tid for den store vinna med å dele georginerøtene og få dei i jorda. Då laga eg ein informasjon til hagelaget som eg la ut på laget si Facebook-side og eg tenkte eg kunne ta om lag det same her. Dette er ei stor rot av ei kvit/burgunder georgine som eg har hatt i mange år og som eg har delt utallige gonger. 


På dette biletet så har eg delt heile rota opp i så små einingar som eg våga. Det må vere minst eit auge, node, på kvar del for at det skal verte spiring.


Tydeleg spire.


Det er spire her og, men den er vanskelegare å sjå.


Dette er avfall, det kan jo hende at dersom eg hadde plukka kikkerten fram så hadde eg funne spirer her og, men eg komposterte resten.


Til slutt sat eg att med 9 potter med knollar som kan verte til fine georginer til sommaren. No står dei i drivhuset, jorda er fukta, men ikkje våt. Dersom eg vert for ivrig med vatnet no så rotnar knollane. Vatn treng dei ikkje meir før det er tydeleg vekst. Det tek si tid, først skal det danne seg røter, men når først veksten er igang, så er den ikkje til å stoppe. Eg brukar å toppe spirene for å få god forgreining. 
Det er ikkje kvart år eg deler knollane heilt opp i sine enkelte deler, men i år tok eg alle, så reknar eg med at neste år så er di ikkje større enn at dei kan vere eitt år til. Men eg må seie at eg er forbausa over kor knollane veks og legg på seg i løpet av ein sommar. Nokre av knollane er sommargeorginer som har vore så fine at eg ville ta vare på dei. 
Då eg gjorde opp status så hadde 34 knollar vorte til 201. Eg håpar at eg får selt ein god del av dei, og at eg har gode grannar som kan ta imot ei potte eller to. 
Ynskjer alle ei god veke!

søndag 7. april 2013

FØRSTE ARBEIDSDAG I VEKSTHUSET


Slik såg det ut i veksthuset der staudepottene har vore stabla i vinter. Det har vore kaldt sidan januar, og pottene har ikkje har noke isolasjon. Dette året har vore ei prøveår for å sjå om eg kunne få staudene til å overvintre i pottene, utsette for sterk kulde, men verna mot væte. 


Eg sette inn pottene i haust etter at dei hadde hatt ein godveirsperiode og tørka opp litt. Etter vinteren ser dei litt tørre og pjuskete ut.


Det var spennande å sjå om det var teikn til liv, og her står det tydeleg ei fersk spire klar ei av pottene med Gentiana tibetica.


Potentilla atrosanguinea er heilt klar for ein ny sesong.




Eg har mange potter med spirer av ulike pionar som eg har sådd frå frø frå ulike leverandørar. Desse var potta opp ein størrelse før vinteren slik at røtene ikkje skulle vere så utsett for for frost. Det står friske raude spirer i alle pottene.



Papaver radicatum, fjellvalmue, har ikkje hatt problem med vinteren, dei er tette av nye skot.


No har eg rydda i alle pottene og teke vekk alt det som var visna.


Verbascum hybridum Snow Maiden har vinterpels og dei er klar for ny sesong.

I dag har eg vatna alle pottene med lunka vatn, det var litt av ein jobb, nokre potter var tørre som korkar, men med tolmod så fekk alle vatn.