Romtopf
Oppskrifta er Camilla Plum som er ansvarleg for, og det er tredje året at eg lagar denne luksusdrikken/desserten. Eg kjem ikkje til å ha så mykje heimelaga ingrediensar, det vert jordbær, bringebær og kirsebær frå eigen hage. Resten kjem frå norske og utanlandske fruktdyrkarar og romen kjem frå Havana. I dag var det aprikos og nektarinar som vart starten. Så no skal Norgesglaset/glasa stå i spiskammerset og godgjere seg og få stadige påfyll av frukt, rom og sukker fram til vesle julaftan om kvelden. Då er det tid for ein aldri så liten smaksprøve av heimelaga Romtopf og andre gode heimelaga julelikørar. Lenge å vente - men så absolutt verdt det. Men innan den tid skal eg ta til meg alt det som den kommande årstida har å by på og ha det som ballast når hausten og vinteren kjem.