tirsdag 31. januar 2012

Siste januardag i 2012

Litt av veden som ligg til tørk, og som skal brukast neste vinter. No er sola komen så høgt at på så fine dagar som i dag så treng vi ikkje fyre i ovnen midt på dag. No er det 0,5C ute, sol og vindstille. Naboen held på å køyre vinterveden heim, det er frose og godt å arbeide ute. 


Dette er blodbegerspirer, Rhodochiton atrosanguines, frøa sjølvsanka i 2010. Det var så dårleg år at eg fann ut at eg ville prøve spireevna på dei gamle først og dei spirer fint, men litt ujamt. Eg tenkjer det vert nok. Eg har teke inn ei potte med blodbeger til overvintring og den står ganske fin. Skota er lysegrøne, men eg tenkjer at eg kan ta noken til avleggarar og så kjem vel grønfargen etterkvart som ho får lys.
I år har eg sådd asarina frå to frøboksar. Når eg googlar Asarina så kan det vere så mangt, men eg håpar at den eine sorten er Asarina scandens og som eg ser vert nemnt i same andeddrag som blodbeger. Men av bileta som kjem opp ser dei fine ut alle, skal iallefall verte spennande å sjå. Den eine sorten spirer iallefall. 



mandag 30. januar 2012

Månadsjordbær

Dette er noke av det eg ser fram til. Små, søte og solmodne månadsjordbær i massevis.
Eg har sådd to sortar med godt resultat og no lever dei sitt eige liv i rosebedet. Dei frøsår seg og dukkar opp både i veggrusen og i bedet, så røskar eg vekk det som kjem på litt feil plass, men mesteparten får stå.
 Dei er til like stor glede for liten og stor,
I dag er temperaturen på rundt 0, sola har skine og det har vore nesten vindstille - med andre ord ein vakker vinterdag. I går var eg på båttur på fjorden og ingen skal seie at det passar best med båt om sommaren.
Ha ei god veke alle som er innom, eg reknar med at vi er mange som har mykje på gang i såpottene våre no.

mandag 23. januar 2012

EVERNOTE - eit nyttig hjelpemiddel

Laurdag var første gong eg høyrde om Evernote, som ser ut til å kunne oppfylle dei meste av ynskja eg har for dataprogram som kan brukast til å ha oversyn i alt som har med hagearbeidet mitt.
Det var Trine, på Hagegal som fortalde om at ho hadde teke programmet i bruk. Ho har skrive meir om det bloggen: Hagen på Knatten.
Hittil har eg brukt Excel til å skrive lister i, og eg brukar det og til å lage namnelappar. I tillegg brukar eg og Excel til å lage små merkelappar med bilete og informasjon om dei ulike småplantene som eg sel og byter. 
EG vart så hauelaust begeistra for programmet at eg lasta det ned og tok det i bruk. Så har eg lese litt på Hagegaltråden og Googla litt om Evernote og ser at det er mange brukarar og som har brukt det over lang tid - dei aller fleste med god erfaring.
Så no har eg brukt helga og dagen idag til å tenkje og prøve litt korleis eg skulle organisere meg for at eg kunne få mest mogeleg nytte av det. 
Det eg vil med programmet er
  • Sikre ei trygg lagring av all informasjon eg har om frø, sprier, planter o.l.
  • Sleppe å ha altfor mange lister å forholde meg til
  • Registrere frøposane når eg sår frøa, og legge til leverandør og sådato, såliste
  • Kunne bruke informasjonen som eg har registrert på sålista når frøa faktisk spirer
  • Når eg så har plante til å selje eller setje ut i hagen så vil eg legge til bilete
  • Få eit system der eg kan enkelt finne planter med før definerte eigenskapar
Etter som eg no kan sjå så er dette programmet fullt ut istand til å ta seg av ynskja mine. Eg har ikkje funne ut korleis eg kan skrive ut frølister, men det er ikkje sikkert at dette vert aktuelt. 

No har eg laga ei Bok som heiter Frøsådd, i den samlar er notat som er laga for kvar sort, der eg registrer frøsorten med Slekt, art, sort og norsk namn. I tillegg har eg brukt etikettar, Tags) for sådato, frøleverandør og plantekategori.
Når så plantene har spirt og eg har prikla så kjem eg til å legge til bilete og legge til etikettar for høgde, farge, blomstringstid m.m
Til sist, når eg så plantar ut i hagen så flytter eg dei over til Boka som heiter Stauder e.l.
Så heretter kjem eg ikkje til å legge sålistene ut på bloggen min, for no har eg sikker lagring av plante- og sålistene mine. Hittil har eg brukt ein ekstern harddisk, men no treng eg ikkje å hugse på den.

I dag har det vore 0C, litt vind og skya.

tirsdag 17. januar 2012

Spiring og såing


 Eg har vore på planterommet i dag og, og jammen var det kome spiring på dei ferskaste lobeliafrøa, så no må eg passe på at det vert litt meir faste tider med lys.
Så har eg no sådd litt i dag og, artiskokk og eit pyntegras som heiter Miscanthus sinensis. I tillegg var hagelaget så heldig å få donert ein god ladning frø frå ein Hagegal som vi skal ha på frøbytekveld snart. Eg har passt på å forsyne meg av frøa medan eg laga porsjonsposar som skal i hagelaget sin frøbyteboks og dette er det eg har sådd:


Trollius ircuticus
Anthyllis vulerraria coccinea
Primula waltoni
Papaver radicatum
Delphinium alpestre
Incarvillea zhongdianensis
Gentiana septemfida
Allium prattii
Delphinium oreophilum
Cremanthodium arnicoides
Campanula barbata
Primula tanneri ssp nepalensis
Potentilla fissa
Ligularia siberica
Androsace carnea brigatica
Codonopsis clematidea
Andmone rivularis
Allium victorinalis
Allium sikkimense

   

lørdag 14. januar 2012

Frøpakke nr 1

I går kom det ein rikhaldig og spanande frøboks på nyttårsbesøk. Det gjekk atskilleg raskare å sortere i år enn i fjor. Eg har tydelegvis lært mykje latin i året som gjekk. Haugen vart sortert i "har lyst på" og ein "vil ha" og som og inneheldt "må google først". Det viste seg at den første haugen måtte leggast i boksen fort for det var mange eg hadde lyst på av dei i siste haugen.
Eg har meir bytefrø, men så har eg meldt meg på Frøboks 2 og og eg kunne ikkje ta risken på at den var full av "måtte ha frø".  Eg skjønar no når eg skriv dette at der er ein smule galskap i dette, men det får så være.  For meg så er dette av dei beste galskapar som eg kjenner til.
I dag har det vore omlag 4C, skya og vindstille. Det er litt snø, men grasttustane stikk opp overalt.Eg har sett ut ein kasse med potter som eg sådde tidlegare i veka.
Eg ynskjer alle som ser innom bloggen god helg!
I dag har eg vore på planteromet og sådd det som skulle såast fort, og det som vart sådd er dette:
Tropealum speciosum
Fritillaria raddeana
Iris chrysographes
Centaura bagadensis
Allium senscens montana
Syrin, kvit
Helleborus
Aquilegia
Asarina
Lilium szovitsianum
Tulipa
Rosa glauca

tirsdag 10. januar 2012

Første sådag i 2012

I dag har eg vore på planteromet og sådd frø av stauder, lobelia og blodbeger. Dette er boksane med staudefrø som skal stå inne noken dagar før eg set dei ut i kulden.
Av stauder er det frø som eg har kjøpt frå Jensen, villinsamla frå frå Kina. Heldigvis var det noken med så mykje frø at eg har helde av litt som eg kan ha til bytefrø når frøboksane kjem innom.
Dette er frø som eg har funne lite informasjon om, men eg tek sjangsen på at med noken få unntak så skal alle stå inne noken dagar og så set eg dei ut.
Det som er sådd er
Allium ?ovalifolium - Hailuogou - dei står i kjøleskåpet
Aquilegia rockii - ShikaShan - dei skal stå ved 20C
Clematis rehderiana - Mugecuo Lake- dei skal ha 22C
Clematis ?repens - Hailuogou
Clematis sp. sect. Camanella - Baoding Temple
Clematis sp. - Hailuogou
Clematis sp. 3 - Hailuogou
Codonopsis aff. forrestii - Lenshuiqin - dei skal ha 20C
Deutzia sp. - Fengtongzhai
Disporum aff. cantoniense - Pujigou - dei skal ha varierande temp
Halenia corniculata - ShikaShan
Lilium ?duchartrei - Pujigou
Lilium duchartrei - Napa Hai
Lilium lophophorum - Mugecuo Lake
Lilium souliei - Tianchi Lake
Lilium ?taliense - Tianchi Lake - dei skal vere inne
Meconopsis cf. impedita - ZheduoShan
Nomocharis aperta - Tianchi Lake - dei skal ha 20C
Sorbus sp - Xuemenkeng pass
Souliea vaginata - ShikaShan
Thalictrum aff. delavayi - Hailuogou - dei skal vere inne
Vibrum propinquum - Jiuchong Shan

Dersom noken les lista og ser at eg har bomma på inne og ute så gje endeleg beskjed, for desse frøa er  så pass sjeldne at det er lite informasjon å finne.

No skal eg gjere klar frøpakkar som eg skal ha til bytefrø når frøpakke 1 og 2 kjem innom med det første. Så skal vi ha frøbytekveld i lokallaget så no er det berre gode dagar å sjå fram til.



søndag 1. januar 2012

GODT NYTT ÅR 2012

Helleborus niger i knopp, denne kjøpte eg i potte våren 2011, og planta ho ut i bedet då telen gjekk. Ho har vokse seg godt til og no står ho med mange knoppar som snart er klar for å opne seg.
I dag har eg sjekka haustens staudesådd, og eg kunne berre sjå spiring på eit frø av Helleborus niger.  Eg er vorten veldig glad i alle sortar Helleborus og kjøper frø når eg kjem over dei, så får eg sjå om det kan verte ei samling til slutt. Eg hugsar eg las om juleroser og alle andre Helleborus artar for mange år sidan i Norsk hagetidend og tenkte at dei kunne eg ha lyst på, men det såg vanskeleg ut, eg rekna ikkje med å kunne tilfredsstille krava til planta og langt mindre få tak i planter eller frø.
Men no vert julerosa tilbydd i alle butikkar i heile vinterhalvåret og dei ser ut til å trivast godt. Så no er eg spent på korleis det går med dei som no veks frå frø. Helleborus corsicus som spirte frå frø våren 2011 veks voldsomt, iallefall den som står innimellom to roser. Eg las ein stad at den kunne ta nokre år før Helleborus blomstra, men dei har eit flott og kraftig bladverk som pyntar opp medan eg ventar.
Eg har ei Helleborus orientales som eg kjøpte på eit planteutsalg for noken år sidan og den veks og utviklar seg og fint.  Ikkje har dei vore plaga av sopp heller enno.
Alle mine planter står på sydsida av huset, innimellom stauder og roser som gjev skugge om sommaren og det ser ut til at dei trivast med det. Eg må vel få meg tak i litt kalk å spandere på dei til våren.
I dag er det lett bris, 5,5C og regnbyer.