mandag 29. august 2011

Sommarblomar som gjev haustglede

 Rudbeckia hirta 'Prairie Sun', flekksolhatt, dette er litt av ei plante. Kraftig plante med dei nydelegaste gule blomar som er fine både i bedet og i bukettar. Det er første året eg har ho, og ho står i vandrande skugge så ho kom litt sent i blomst, men for ein fin gulfarge. Garantert på plass i bedet neste år og, då skal ho stå i full sol.
 Coreosis tinctoria 'Amulet', tigerauge, denne kjem seint, men er vel verdt å vente på. Veldig blomsterrik med ein varm fin farge. Det er andre året eg har ho og ho vert fast innsalg i hausthagen.
Chrysantemum 'Schartz, Rot, Gelb', ei krysantemum med enkle blomar med stor blomsterrikdom og som har blomstra lenge og ser ut til å vare lenge enno. Det er første året eg har denne og, men skal vere med vidare. Flotte i bukettar er dei og.

lørdag 20. august 2011

Rosekonkurranse på Moseplassen

Dette er Frøken Trufast. Ho er meir som ei moden mor, men sidan dette er ein frøkenkonkurranse så la gå. Dette er ei klatrerose som eg har hatt i 16 år, i vår såg det ut til at vinteren  hadde teke knekken på ho, men no kjem ho seg litt etter litt og eg trur ho er redda. I allefall så er det ei frisk, remonterande rose som eg har stor glede av, og ho vert mitt bidrag til konkurransen. Eg ynskjer henne lukke til mellom mange gode konkurrentar. God helg til alle som er innom bloggen!

søndag 14. august 2011

VELKOMEN TIL VIRTUELL HAGEVANDRING PÅ AMFJELL

Ampel med lobelia og Brachyscome iberidifolia
Bacopa
Bacopa, blodbeger og Brachyscome iberidifolia
Stilkrose "Maxim"
Botndekkar "Sommerwind" - ei nydeleg rose både i knopp og blomst. Ei ypperleg rose til å pynte kaker, is og dessert.
Her er det sommarblomar og knollgeorginer ilag med artisjokk.
Leucanthemum superbum Crazy Daisy og asters.
Endå meir sommarblomar og knollgeorginer, dei gule er Chrysanthemum  Schwarz-Rot-Gold
Dette er den etterkvart kjende kanadiske rosa Louise Bugnet, veldig flott både i knopp og utsprunga
Dette er Louise Bugnet i knopp
I framgrunnen er det ridderspore
Dette er Chrysanthemum  Schwarz-Rot-Gold
Endå eit bilete av Louise Bugnet
Klaserose "Nina Weibull"
Klaserose Katharina Zeimet"

Kryprose Swany

Nærbilete av Swany
Cosmos med timian som botndekke
Astrid Lindgren
Lavatera trimestris Silver Cup og Eryngium giganteum Miss Willmot's Ghost Kjempestikle

Roser, løvemunn og cosmos




Fantastiske stokkroser og klematis




Blodbeger


3 ulike sortar valneter i god vekst





torsdag 4. august 2011

PIZZA I BAKAROMNEN

 Onsdag andre august var det tid for ein hyggeleg kveld i godt lag med steiking av pizza i bakaromnen vår. Då samlast vi mange og det vert steikt MANGE pizza med stor variasjon av fyll på ein god tomatsaus som vert toppa med god ost.
 Ein av variantane klar for å gå i omnen.
Det går fort å steike med god varme. Botnane er såvidt forsteikte, då held dei betre når fyllet kjem på.
Det smakar himmelsk og alle vert mette og nøgde.

onsdag 3. august 2011

Blomar utan regndråpar

Ei lilla klematis som lever ilag med kvite enkle stokkroser

Ei rose ilag med valmuer og raude Alonsoa meridionalis Rebel. Eg planta mange Alonsoa, vippeblomst,   innimellom rosene og det vart fint.

Antirrhinum majus maximum White Spire'  som og vart planta mange ilag i rosebedet, her ilag med Verbascum phoeniceum vert fine ilag, og dei kan godt få kome i rosebedet neste år og.
 Her er det ei kvit rose som har fått Vippeblost som bakgrunn.
 Så har vi "de hvite skærme" som Claus Dalby seier. I år har eg to sortar Ammi majus og Orlaya grandiflora Bridesmaid, Blondeblomst. Ammi majus vart størst og gjorde mest av seg, men eg trur eg held ein knapp på Blondeblomsten. Eg trur kanskje at det vert berre han som vert med til neste år. Ammi majus vart heller ikkje så god til snitt, eg tykkjer at han drys for tidleg.
 Dette er og frå rosebedet.
 Lavatera trimestris Silver Cup, Hagepoppelrose ilag med Eryngium giganteum Miss Willmot's Ghost, Kjempestikle er eit flott par. Kjempestikla sådde eg ifjor og i år har ho vokse seg til. Eg håpar verkeleg at eg får behalde denne for dei sølvgrå/blå blomane er verkeleg flotte. Humlene likar dei og.
 Begge Astrid Lindgren rosene overlevde vinteren og det er eg glad for, dei tåler ein skvett regn og.


 No er knollgeorginene endeleg igang. Det er dei kvite og burgunder som er først ute. Dei har selskap av Ammi majus og det ser bra ut.
Det har vore nesten opplett no nokre dagar. Så idag har alle bileta vore utan regndråpar. I dag har det vore 20 - 25C, ein flott sommardag og vi hadde heldigvis anledning til å nyte han.
Vi har ete tre slangeagurkar frå drivhuset og no er det like før vi kan hauste plommetomatar.