lørdag 5. januar 2013

Vinter i hagen?

Cyclamen neapolitanum, alpefiol, eg fekk 2 planter av frøa eg kjøpte frå Jungelseeds. Enno står begge friske og fine, trass i alt regnet som har vore og er. I dag er det 5,8 C og eg tok med meg ei runde i hagen for å sjå om det var noke som var friskt og grønt.

Linaria purpurea, purpurtorskemunn

Tellima grandiflora

 Akeleiene er tidleg ute med dei første lysegrøna rosettane sine.
 Polemonium pauciflorum, trompetflokk.

Kva denne heiter veit eg ikkje, det er ei arveplante.
 Helleborus niger, kvit julerose, med masse knoppar. Eg har sett at eg kanskje burde flytte denne til ein plass der ho kan vere meir verna mot regn. Blomane vert litt prega av fukt og væte.
Denne derimot, Helleborus corsicus, tåler det meste. Så blomstrar ho litt seinare og og då er den verste regntida over.

fredag 4. januar 2013

Frø, frø, frø,,,,,


Omslaget till TA 4/2012

 
2034 ulike variantar av frø kunne eg velje mellom i STA si frøliste som kom før jul.
Så måtte eg velje 20 av dei eg hadde mest lyst på, det var jo sjølvsagt ei uoverkommeleg oppgåve. Sidan energinivået mitt i det siste har vore på eit lågmål så var det heilt i siste liten at eg klarte å ta fatt på lista. I går fekk eg sendt av stad bestillinga, pluss ein del reserve i tilfelle dei gjekk tom for dei sortane eg hadde mest lyst på.
I dag har eg vore på planterommet og sådd lobelia, asarina og blodbeger. I tillegg fekk eg sådd Magnarfrøa som eg ikkje hadde overskot til å så før jul. Du og du kor ein herleg følelse det var å setje seg ned i ro med frøposane og spre frøa i den svarte passeleg fukta jorda.
Dette er  fjerde sesongen min med planterom som er tilpassa å ale opp frøplanter til eg kan flytte plantene ut i drivhuset. Planterommet er egentleg vaskerommet mitt, men det er lite som minner om vaskerom i tida frå januar til april, då eg flytter ut dei siste plantene.
Eg har tre hyller med plantelys over, temperaturen i romet er omlag 15 C. So har eg fått opp hyller til tomme potter og anna som eg treng. Eg brukar plastfolie til å dekke pottene med fram til frøa spirer. Dei fleste sortane spirer greitt i denne temperaturen, men dei som treng meir får stå på badegolvet og då skjer det som regel fort. Då må eg passe godt på slik at eg flyttar pottene med småspirene i lys slik at dei ikkje vert for lange i mangel på lys.
Etter spiring set spirene og som regel pris på litt lægre temperatur så då er det ideelt på planterommet.
Temperaturen ute dei siste dagane har veksla mellom 2 og 7 grader, det har regna dag og natt, men no ser det ut til at i løpet av neste veke skal det verte litt betre.
 

Godt nytt år til alle som besøkjer bloggen min og som legg att hyggelege kommentarar. No tek vi til på ei tid der dagane gradvis vert lysare og vi kan snart gå ut å kike etter dei første teikna til dei første vinter/vårblomane.