torsdag 27. januar 2011

STOOOR FRØPAKKE


I går fekk eg frøpakke hjå Mari, det var med skjelvande fingrar eg opna og byrja å lese på posane kva som var inni. Ei svært god blanding av sommarblomar, stauder, grønsaker og urter. Det var nesten ingen sortar som eg hadde frå før.
No skal eg bruke helga til å finne ut meir om såtider og såmetodar for dei ulike staudefrøa, og såtider for sommarblomar og grønsaker.
For meg er det å sitje å finne opplysingar om plantene, korleis dei skal behandlast frå frø til ferdig blomst nesten like spennande som å så dei ferdige som planter. Den store Werdsveven er ei fantastisk oppfinning, der er det mykje å hente, ikkje minst frå alle norske og skandinaviske hagegale.
Skravleforum for hagegale er ei oppkomme av gode råd og kunnskap. Eg må innom fleire gonger for dag, for å sjå kva som er oppe av tema. Ellers så les eg hagebloggar.
Nett no har eg Hageselskapet si sortsliste liggande attmed meg, den skal eg bruke når eg har fått skrive ut lista over frø frå Marit. Det er ei nyttig bok.

Ellers så fekk eg biblioteket til å fjernlåne Trædgårdsvisioner av Hannu Sarenstrøm. Har ikkje fått tid til å lese i ho enno, men der er fantistiske bilete.
I dag er det lettskya, vindstille og 0 grader.
Posted by Picasa

mandag 24. januar 2011

VERBASCUM PHOENICEUM - KONGSLYS


Verbacum phoeniceum - kongslys, eg tykkjer det er sus os svung over både det latinske og det norske namnet. Planta var heilt ukjend for meg før eg kjøpte frø frå Impecta i fjor og sådde. Eg trur det var omtrent 100% spiring, eg prikla og prikla og til slutt fann eg ut at eg måtte berre kompostere ein god del småspirer. Så planta eg ut små fine kongslysplanter rundt omkring i hagen og rekna med å vente til 2011 før eg fekk sjå planta i blomst.
Men så ein av alle dei våte haustdagane så stod ei i blomst og eg var seld. Som biletet syner så er det verkeleg ei flott plante, så no har eg kjøpt inn fleire sortar frø som er sådde og skal såast. No spirer første potta, Verbascum phoeniceum mix.
Iberis sempervirens og fleire slag lobelia spirer og.
I dag har det regna heile dagen og gradene er 4.
Posted by Picasa

søndag 23. januar 2011

JUGLANS AILANTHIFOLIA


I dag har eg sådd 12 valneter, 4 gav eg vekk til nevøen min, som er interessert i tre og planter. Ei nåt knekte vi og delte på tre for å prøvesmake. Den smakte godt, det måtte ho og gjere for det er den dyraste nåt eg nokon gong har ete. Det var veldig hardt skal, så det er ikkje rart at denne typen ikkje er mellom julenetene i butikkane.
Netene låg i lunka vatn i 4 timar før eg sådde og sette dei i eit kjøleg rom. I fylgje informasjonen frå B & T så spirer dei etter 30 til 180 dagar.
I dag har det vore skodde, vindstille og 4 grader.
Posted by Picasa

lørdag 22. januar 2011

2 FRØPAKKAR OG SPIRING


I dag kom endeleg pakken med Juglans ailanthifolia frå B & T, 17 valneter, til ein pris av 27 Euro. Eg tinga dei i september, det står Juglans regia i rest. Eg håpar på å få dei og, men vi får sjå. Eg fekk smørvalnøtt tidlegare i haust av ei snill dame i Oslo som plukka og sende meg. Dei er sådde forlengst, og står og ventar på lys og varme.
I den andre pakken var det frø frå Frøtorvet i Danmark, raskt levert. Det står grei oppskrift på såing og spiring på pakkane, i tillegg var det med eit A4-ark med meir informasjon.
I planteromet spirer to slag lobelia og ein sort Verbascum.
Ute er det 2 grader , vindstille og lett yr i lufta.
Posted by Picasa

tirsdag 18. januar 2011

ENNO ER DET LANGT TIL VÅR


Dette er mesteparten av staudeføra som står til spiring, eg har to kassar til som står innom drivhuset. I dag har eg vore på planterommet og sådd: virginialeddblomst, blånonsblom, anisisop og snøsløyfe.
Det var det som var å så på denne veksande månen. So vert det ganske mykje i februarmånen. Eg tykkjer det er litt vanskeleg å vite når eg skal så, eg vil jo gjerne ha det til spiring så fort som råd, men det skal ha plass når det spirer før eg kan flytte ut i drivhuset. Eg syntes eg var ganske heldig med såtidspunktet som eg valde i fjor, så for dei sortane så vil eg halde på same tidene i år og.
I fjor sådde eg tomatfrø i januar, men det var for tidleg, dei skal eg så i februar.
No har det regna kraftig i fleire dagar, så snøen er nesten vekke. I dag er det kjøleg att og litt sludd.
Posted by Picasa

søndag 16. januar 2011

FRØBESTILLING

I dag prøver eg eit nytt frøfirma, danske Frøtorvet, har tinga to sortar georgine, gråblad, timian, pyntekål, soomarstokkrose, stevia, kongslys og blomkarse. Nokre var på tilbod og andre var ordinær pris. Kjekt at det står kor mykje frø ein kan forvente i kvar pakke.
Eg har planer om å så litt meir sommarblomar på tirsdag. Eg har sett på litt plantelys på vaskerommet, for å stimulere spiring på lobeliafrøa. I dag har det regna mykje, isen er snart vekke frå vegen vår, men det ligg ein del snø att på bøane.  Det er godt, då er det noke som vernar om det kjem kulde att.

tirsdag 11. januar 2011

NO ER EG IGANG


Posted by Picasa
Sort ArtSlagNorsk namnLeverandørSåtidKorleis sådd
Lobelia erinusSappire TrailingHengelobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia erinus compacta«Riviera Blue Splash»KantlobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia erinus compacta«Rosamund»KantlobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia erinus pendula«Cascade Rainbow»HænglobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia erinus pendula«Saphir»HænglobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia erinus pendula«Red Cascade»HænglobeliaEttåring11012011Planter
Lobelia tenuiorBlue wings'PyramidelobeliaEttåringImpecta11012011Planter
Rhodochiton atrosanguineusPurple Bell VineBlodbegerEttåringAmfjell11012011Planter
Verbascum nigrum albumKongslys kvitStaudeCamilla11012011Planter
Verbascum phoeniceumKongslys MixedKongslysStaude11012011Planter
Verbascum phoeniceumKongslysStaudeImpecta11012011Planter
Verbena bonriensisKjempeverbenaEttåringImpecta11012011Planter
Verbena speciosaImaginationStor hengeverbenaEttåringimpecta11012011Planter

Dette er dagens frøsådd, eg har sådd i tomme druebeger, så det er ikkje mykje av kvar sort, men eg tenkjer at lobeliafrø skal eg så ein gong til. I år sår eg sjølhausta frø av blodbeger, det vert spennande å sjå om det vert spiring. I fjor kjøpte eg frø to gonger, både hjå Impecta og Odla, det var ikkje mykje spiring, lite frø i kvar pakke og dyre var dei og. 

torsdag 6. januar 2011

FRØ SOM VART SÅDDE HAUSTEN 2010

Sort ArtSlagNorsk namnLeverandørSåtidKorleis sådd
Cephalaria giganteaGullknappStaudeAkoen13112010Varmep
Cerastium alpinumFjellarveStaudeAkoen13112010Varmep
Clematis spKlematis kvitSlyngplanteAkoen13112010Ute
Dicentra spLøytnantshjarteStaudeAkoen13112010Varmep
Dodecatheon pulchellumGudeblomStaudeAkoen13112010Ute
Dodecatheon pulchellum mixGudeblomStaudeAkoen13112010Ute
Dodecatheon spGudeblomStaudeAkoen13112010Ute
Gentiana asclepiada PinkSkogsøteStaudeAkoen13112010Varmep
Geranium sanguineum mixBlodstorknebbStaudeAkoen13112010Ute
Geranium sobolifolerimStorknebbStaudeAkoen13112010Ute
Helleboruskvit m prikkarJuleroseStaudeAkoen13112010Badet
Viola labradoricaFiol labrador-StaudeAkoen13112010Ute
Thlaspi stylosum ??StaudeAkoen1311201050ute/50inne
Helleborus nigerJuleroseStaudeImpecta15092010Ute
Helleborus orientalesJuleroseStaudeImpecta15092010Ute
Corylus avellanaHatlBusk/treKalhagen15102010Ute
Alcea roseaChatersStokkrose fylte2 åringCamilla Plum24102010Ute
Juglans cinereaSmørvalnøttTreRaell24102010Ute
Alcea rosea ficifoliaSibirstokkroseStaudeImpecta25102010Ute
Astrantia majorRose SymphonyStjerneskjerm storStaudeImpecta25102010Ute
Astrantia majorHageputeStaudeImpecta25102010Ute
Consolida ajacisExquisite Pink'HyasintriddersporeEttåringImpecta25102010Ute
Digitalis purpurea LRevebjelleRevebjelle2 åring25102010Ute
Geranium phaeumBrunstorknebbStaudeImpecta25102010Ute
Linaria purpureaCanon J. WentPurpurtorskemunnStaudeImpecta25102010Ute
Papaver somniferumWhite CloudPionvalmueStaude25102010Ute
Pulsatilla alpina ssp apiifoliaKubjelle gulStaudeImpecta25102010Ute
Viola x wittrockianaSpringtime Pink Shades' F1StemorsblomstEttåring25102010Ute
Viola x wittrockianaSwiss Giants, BergwachtStemorsblomst2-årigErhard25102010Ute
Viola x wittrockianaSwiss Giants, FirnengoldStemorsblomst2-årigErhard25102010Ute
Viola x wittrockianaSwiss Giants, AlpenseeStemorsblomst2-årigErhard25102010Ute
Tropaeolum spesiosumIldblomkarseSlyngplanteKjersti25102010Ute
GeumRaud fyltStaudeAmfjell25102010Ute
Clematis DunkelrotSlyngplanteErhard25102010Ute
Clematis AlpinaSlyngplanteAmfjell25102010Ute
Clematis weinrotSlyngplanteErhard25102010Ute
Clematis lila hellSlyngplanteErhard25102010Ute
Clematis rot kleinblutigSlyngplanteErhard25102010Ute
Clematis Miss BatemanSlyngplanteAmfjell25102010Ute
Clematis Alpina ?SlyngplanteAmfjell25102010Ute
CorealisStaudeKjersti25102010Ute
Helenium ??StaudeKjersti25102010Ute
Podophyllum hexandrumfotbladStaudemaritfri25102010Ute
Arisaema ciliatumstaudemaritfri25102010Ute
Liquidambar styracufluaAmbratreBusk/treImpecta29092010ute
Morus nigraSvartmorbærBusk/treImpecta29092010ute
Ptelea trifoliataKløveralmBusk/treImpecta29092010ute
Zelkova serrataJapansk zelkovaBusk/treImpecta29092010ute
Calycanthus floridus var glaucusKanelbuskBusk/treImpecta29092010ute
Chimonanthus praecoxVinterblomstBusk/treImpecta29092010ute
Hamamelis virginianaAmerikansk trollhasselBusk/treImpecta29092010ute

Førebuing til årets frøseseong

No  er eg klar til å setje igang med frøsådd for 2011-sesongen. I dag har eg rydda på sårommet (vaskekjellaren), såjorda er sett inn til oppvarming og frøposane er sortert etter såtid. 
Staudesådden vart plassert i uthusveggen som vender mot nord i oktober. Der er det fortida snø og omlag 0 grader.
Vert denne vinteren som forårets, så tinar det neppe før april. Inne er det varmt og godt, på badet ligg 6 ulike peonfrø til spiring i posar med mose.  Eg ser spent i posane flere gonger for veka om rota skal vere på veg, men det ser ut til at eg må smørje meg med tolmod.
Jula har vi rydda ut, det ligg litt juledukar att, så er det julestjerner og ei riddarstjerne, den same som er det er bilete av i bloggen. Dei andre knollane er ikkje kome med knopp enno.