torsdag 31. mars 2011

Liv i overvintra staudepotter

Eg har skrive tidlegare på bloggen om at denne vinteren så har eg hatt mange staudepotter til overvintring. Dei har overvintra liggande med eit godt dekke med lauv. Stor var spaninga i dag då eg tok vekk lauvet. Hadde det gått bra? På biletet over er det Kjempeprestekrage Crazy Daisy som med all tydeleg heit viser at det er liv, det same var det i dei andre pottene med Kjempeprestekrage, dei fleste av desse står ganske fast, ettersom røtene har vokse igjennom potta. Eg får lirke dei lause og gje dei nye potter, så går det nok bra.

Dette er eit lauv av ein rynkestorknebb, den ser og ut til å ha hatt det bra, det er nokre andre storknebbar og som eg trur har overvintra.

Frøa til Valmuesøster er svært små, og eg fekk mange spirer. Ettersom eg ikkje kan kaste ei spire, så hadde eg minst 50 potter til overvintring. Det einaste som ikkje hadde tålt vinteren så godt, var sjølve pottene. Det var kraftige spirer i alle som var bøygde mot lyset, men eg reknar med at dei rettar seg opp, no når alle pottene står rett veg. Nokre var faktisk frosne fast i bakken endå, så dei må eg vente med å snu.

Dette  er Pulsatilla papageno, desse lever og.

Eg sådde ein balndingspakke med Heuchera, Emperors New Cloths, 27 planter vart det.  Det var omlag likt fordelt mellom raude og grøne planter. Dei har og overlevd svært bra. 
Kva er dette mon tru? Svar kjem seinare. Ikkje alle merkelappar var på rett plass.

Dette er Helleborus corcisus, Grøn julerose. Friske fine lauv.
I tillegg til dette hadde eg stiklingar av lavendel, ulike slag flox, clematis og avleggarar frå andre planter i hagen. Det ser ut til å leve alt. Vinteren har vore streng, men denne metoden har vore ein suksess.

onsdag 30. mars 2011

Prikleplanter


Nyprikla Aristolochia baetica, 10 planter vart det. Både plante og rot er veldig stive.

 Ipomea alba har vokse seg godt til.
I dag har eg planta dei største sommargeorginene i større potter.

Nyprikla tomatspirer, det vart mange.

Litt av blodbeger-plantene mine, eg har toppa dei og dei bryt fint frå basis.

Flittige Lise har fått større potter og ny jord rundt føtene. Desse har eg ikkje toppa, det ser ut til at dei buskar seg fint.

Eg er og med på Klokkerankekurset til Knut Dalby, fire planter har eg fått, og dei er nyprikla i dag.

Dette er 3 spirer av Kentuckykaffe-plante.

Lobeliaplantene er klar for utplanting. Det vert lenge før dei kjem ut i det fri.

Pelargoniastiklingar med knopp.

Dette biletet lurte seg med, og eg finn ikkje ut av korleis eg skal få det vekk.

tirsdag 29. mars 2011

Kuldegrader i drivhuset

Ved å klikke på biletet så viser frøspirene av Keisertreet betre.
Huff, huff i natt har det vore kaldt i drivhuset, -1,2. Ute har det vore -6,9. Det var så kaldt ute ei natt før, men då har det truleg ikkje vore så kaldt, for då hadde minimumstemperaturen inne vore 1,2. No kryssar eg fingrane for at det har gått bra, dei såg tilsynelatande godt ut, men det ikkje godt for plantene at det vert så kaldt. No er det -3,4 og det ser ut til å verte ein fin dag. I dag har eg tenkt å flytte endå fleire planter ut. Det er meldt adskilleg varmare veir, og så skal eg verne dei med agrylduk i starten.

Stratifisering og frøsåing

Alcea roseaChater's Double IsicleStokkrose2-åring
DigitalisfargeblRevebjelle2-åring
DigitalisgulRevebjelle2-åring
DigitalisrosaRevebjelle2-åring
Digitalis parvifloraRevebjelle2-åring
Syringa reflexaNikkesyrinBusk
Callistephus chinensisAmerikansk BuskSommarastersEttårig
CosmosMiks PyntekorgEttårig
CosmosSensation MixPyntekorgEttårig
Cosmos SeashellsPyntekorgEttårig
Cosmos Yellow gardenPyntekorgEttårig
DaturaKlokkeblomstEttårig
HelichrysumGefullte MischungHøststråblomstEttårig
Limonium sinuatum Miks KnerispEttårig
Malope trifidaMiks SommarstokkroseEttårig
MatthiolaLevkøyEttårig
Mirabilis jalapaMirakelblomstEttårig
Tagetes erectaEskimo weissFløyelsblomstEttårig
Tagetes erectaBoleroFløyelsblomstEttårig
Tagetes erectaOrange FlammeFløyelsblomstEttårig
Rheum rhaponticum L. 'Glaskins Perpetual'RabarbraGrønsak
Nerium oleanderrosaOleanderPotteplante
Clematis fuscaKlematisSlyngpl
Clematis macropetalaKronklematisSlyngpl
Androsace strigillosaStaude
AquilegiaNiedrige - MischungAkeleieStaude
Astrantia majorStjerneskjærmStaude
HeucheraGreenfinchAlunrotStaude
HeucheraRaspberry RegalisAlunrotStaude
Lychnis coronariaFløyelstjæreblomStaude
Myosotis sylvaticafargeblSkogminneblomStaude
Scabiosa columbariaMisty ButterfliesDvergskabiosaStaude
Silene asteriasStjernesmelleStaude
Crataegus intricataAmerikahagtornTrebusk
Angelica archangelica ssp. archangelica var. majorumVossakvannUrt


Dette er dagens innsats. Eg stod på lista til å vere med på Frøboks 2, den kom til meg fredag, men ettersom eg var i Bergen i helga så vart det søndag kveld før eg kunne opne boksen.  Der var det mykje flott.
Først grovsorterete ut det eg hadde frå før og som eg visste eg ikkje ville ha. Det vart ikkje så mange pakkane. Så tok eg ei ny runde med googling for å vite litt meir om plantene, då voks haugen på dei eg ikkje hadde bruk for, men enno var haugen med "ha lyst på frø" alt for stor. Så talde eg opp pakkane eg hadde til å byte inn, og då skjøna eg at eg måtte ta enno ei hard nedskjæring på "ha lyst på frø".  Men eg vart omsider einig med meg sjølv og fann mange godbitar til meg og hagen min.
Eg er iallefall ein sikker deltakar på frøpakken til neste år og, det var gøy. Så skal eg samle frø til hausten, så eg har noke å byte med.

I går brukte eg dagen til å google dei "heldige", og fann ut meir om såmetodar. Så då la eg frø i bløyt, la noken til stratifisering i kjøleskåpet, og dei andre laga eg merkepinnar til, klar til såing.
Eg var og så heldig å få ein pakke med frø til sommarblomar frå vener i Tyskland, den kom med posten i går.
Så då vart det litt meir googling for å finne latinske namn og sortere kva som skulle såast fort og kva som kunne vente til neste sårunde.
Så då vart sårunda i dag som vist ovanfor.
No skal eg prøve å finne bilete til alle slaga eg har sådd, slik at eg kan lage etikettarmed namn og opplysningar om planta. Eg lagar berre ein stor med bilete for kvar sort, så lagar eg små namnetikettar som eg set i kvar priklepotte.  Lamineringsmaskina som eg ynskte meg til jul og fekk, den har jammen kome til nytte.
Dei store lappane er veldig nyttige når eg sånn vanvittig sågalskap, då veit eg med ein gong kva slag plante det er, og treng ikkje å slå opp for å finne ut meir.

torsdag 24. mars 2011

Spiring og prikling

Posted by PicasaDette er så langt utviklinga på Aristolochia baetica, det er ujamn spiring, men det er nokre fleire på gong enn dei som viser på biletet. Det skal verte artig å fylgje denne planta framover, etter som eg kan lese på Hagegalforumet så er ho ikkje lett å få i blomst. Men det kostar så lite å prøve, kanskje vi får nokre "soliga" somrar her i vest. Enno må eg vente litt før eg priklar desse:
Dei som derimot er prikla, og har kome i ei endå større potte er alle variantane av lobelia.  Dei veks og struttar, dei som vert mest ranglete har eg toppa. Andre står med knoppar, og kjem til å blomstre snart. Men dei tek stor plass i glaskarmane når dei står i 8x8 potter.
Andre som er prikla og står inne er: Gymnocadus dioicus - Kentuckykaffi - 3 planter, Stor voksblomst, Blånonsblomst, 2 slag trikolorvindel, 3 slag pyntekorg, 3 slag sommargeorgine, zuluasters, månevindel, blodbeger, stor hengeverbena, raud vippeblomst, flittige lise og ei mimosa. 
Eg set ut i drivhuset det som eg torer, og som eg ikkje treng å drive så fort fram, der står førebels: mange spirer med Alexandria månedsjordbær, mange potter med ulike sortar kongslys, anisisop, fakkelranke, nesten hundre potter med sølvkrans (den spirte godt), artiskokk, værhane, daglilje, snøsløyfe ogPaulownia tomentosa -keisartre (21 stk).
I dag fann eg to potter med Aubrieta cultorum som eg sådde inne i februar, og sette ut ein månad seinare, med spirer. No sette eg dei på ei hylle i drivhuset, og då reknar eg med dei kjem seg fort.
Eg kika litt under lauvdekket som eg har på staudepottene, og ser at etter helga vert det på høg tid å renske lauvet vekk.
I dag er det 3 grader, lette snøfjon i lufta og litt trekk.

tirsdag 22. mars 2011

Staudesådd


Dette er staudesådd våren 2010, staudene var dei første som kom på plass i drivhuset, for eg rekna med at dei var mindre frostvare enn sommarblomstene. Eg har alltid tykt at blå valmuesøster var noke av det vakraste eg visste, men dyre var dei i kjøp og eg hadde ikkje alltid like mykje hell med dei eg kjøpte. Så stor var lukka ifjor når eg kjøpte billeg frø staudefrø hjå Magnar og Akoen og eg fekk god spiring på det meste. Ikkje minst valmuesøstrene slo til med minst 100% spiring.
No er det ikkje så mykje av staudene som har spirt enno, med litt er på gang.
I dag hadde eg ein ryddesjau i alle boksane eg har med frø, og då kom eg over noken som absolutt måtte kome i jorda, minkande måne eller ei.
Så i dag har eg sådd:
Delphinium cashmerianumKasjmirriddersporeAkoen
Eryngium planumHagestikleMari
GoldsturmPraksolhatt ??Mari
LavendelMari
Papaver alpiniumAlpevalmueMari
Romneya coulteriBuskvalmueMari
Sanguisorba menziesiiBlodtoppAkoen
Sanguisorba officinalisBlodtoppMari
Tarakacum pseudoroseumRosa løvetannMari
Posted by PicasaTindved  frå Mari, som eg skal stratifisere i kjøleskåpet.
I går regna det sikkert 70 mm her, og det var 7 grader. I dag her det vore nesten opplett, sydvest bris.

søndag 20. mars 2011

Martagonliljene spirer

Jippi, martagonliljene som eg sådde i fjor, ved hjelp av kjøleskåpstratifiering, og som då spirte, har overlevd vinteren. Dei stod i små plastpotter under ein benk og har såleis vore verna for altfor mykje nedbør. I dag såg eg spirer i pottene. Små spirer - store gleder.

lørdag 19. mars 2011

Overvintra stauder og staudesådd som spirer


Dette er staudepotter med overvintra stauder. Eg funderte mykje i fjor på korleis eg skulle få staudene som står i potter til å overvintre. Eg rekna med at det ville gå bra med noken av dei, men at det ville vere fare for at dei rett og slett ville drukne.
Så var det at Hageforumet kommeg til hjelp, eg såg nemleg ein bloggar som sa at ho hadde fått eit gartnarråd om å legg pottene på sida. Så no har mine potter overvintra liggande, noken hadde eg dekka med lauv i tillegg og andre utan dekke. Eg har kika litt og eg ser at julerosene, lavendelen, kjempeprestekragane og valmuesøstrene har overlevd. Dei andre sortane ligg under så godt dekke at eg har ikkje sjekka dei enno.
Eg reknar med å ta av dekket om ei vekes tid. Kjem litt an på temperaturen. Reknar med at så lenge det er så pass kaldt, og desse står mot aust, så skjer det ikkje så mykje. Vil jo helst plukke dei fram før dei mugnar.
Eg sjekka staudesådden bak uthuset i går og jammen var det ei potte med stemorsblomst som spirte. Så no har eg flytta den og dei andre stemorspottene inn i drivhuset.
Ellers så er det stor aktivitet i såpottene, eg skal skrive ei oppdatering på dei i morgon.
Dagen idag starta med sol, men no har det skya over og det har kome litt regn.
Temperaturen i natt var -2 og no er det 5. God helg til eventuelle gjestar på bloggen!
Posted by Picasa

tirsdag 15. mars 2011

Tomatfrø 2011

På biletet er tomatplantene i god vekst på føresommaren 2010.

I dag har eg sådd frø og plassert dei til spiring på badegolvet. Mon tru kor mange frøpotter som står til spiring på badet i dei mange norske heimar i desse dagar. Men det er ein ypperleg spireplass, berre å passe på at pottene ikkje tørkar ut og at dei vert flytta i lyset når dei spirer.

Amazon Chokolate - Bifftomat, saftig, tidleg og varer lenge
Striped German - Bifftomat, gamal sort frå Mnnoittane i Virginia, tidleg
Evergreen - Bifftomat, saftig og krydra, gamal Heirloomsort
Black Brandywine - Bifftomat, mykje smak, riktbærande
Big REd Rainbow - Bifftomat, velsmakande
Green Zebra - Mellomstor, søt, frisk krydra, god til salat og salsa. Sein, men varer lenge
Bloody Butcher - Mellomstor, kan dyrkast ute. Riktbærande over lang tid
Kinesisk villtomat - Kirsebærstor, søte
Gul Jellybean - Cherrytomat, søte og aromatiske
Black Zebra - Cherrytomat, intens smak med ein aning røyk, riktbærande
Cherry Roma - Daddeltomat, riktbærande
Alle ovanfor har eg kjøpt frå Camilla Plum
Gardeners delight - Salattomat, kan dyrkast ute i ampel. Fått frå Mari

Dei neste har eg kjøpt frå Elisabeth på Lille tomat:
Hundred and Thousend - Cherry- og ampeltomat. Ein av dei mest riktbærande, kan få opptil 2000 på ei plante. Søte, små tomatar.
Heirloom.
Russian Anna - Kjempetomat, gamal russisk sort, søt og god. Tomatane treng kanskje oppbinding dersom dei ser ut til å vere store, 2 kg.
A Splash of Cream - vanleg størrelse, varigert Heirloomsort, kanskje frå Irland. Søte, gode tomatar.
Shyan - stor, kjøtfull og søtleg. Passar til koking og på skiva.

Ja, no er eg igang med årets tomatsesong, grådig spennande.
Posted by Picasa

Hageglede, eit hageblad

http://www.bladethageglede.no/index.html

dette er ein link til eit hageblad som eg set stor pris på. Det er slett ikkje i alle butikkar det går an å få det kjøpt, men eg har prøvd å få tak i det kvart år, men ikkje alle nummer.
No går det an å abbonere på bladet og det har eg gjort idag. Det har kome ut i 7 år og alt arbeid har vore gjort av Marlen Foseid. No har ho fått med seg Anne Tafjord-Kirkebø, og bladet er vorte endå fyldigare og meir interssant.
Eg tykkjer det er eit flott blad, og heilt norskt.

mandag 14. mars 2011

Drivhussesongen 2011 er opna


Det er litt mykje vinter på dette biletet, men idag har eg flytta inn i drivhuset med nokre stauder. Eg måtte faktisk måke veg opp til huset.
Eg har kjøpt ei frostvakt som eg har montert, og håpar at ho held frosten på avstand. Dersom det melder fleire kuldegrader så vil eg setje inn ein varmeomn.
Plantene som fekk æra av å opne sesongen var kongslys, anisurt og snøsløyfe. Eg la over fleire lag med fiberduk, og håpar det går bra.
Posted by Picasa

Frøsåing 14. mars 2011

Posted by Picasa
Convolvulus tricolorBlue EnsignTrikolorvindelEttåringMari
AmaranthusRibbons & BeadsPonyhaleEttåringMari
Amaranthus cruentusOeschbergRevehaleEttåring
Antirrhinum majus maximumWhite Spire'LøvemunnEttåringImpecta
Brachyscome iberidifoliaBrachy BlueSløyfestråleEttåring
Buddleja davidiiMixSommerfuglblomstStaudeMari
Cosmos bipinnatusPurityCosmosEttåring
Cosmos bipinnatusEarly Summer'CosmosEttåringImpecta
Cosmos bipinnatus*Double Click Rose Bonbon'CosmosEttåringImpecta
Cosmos bipinnatusSweet Dreams'CosmosEttåringImpecta
CymbopogonSitrongrasUrtMari
Dahlia variabilisRedskinGeorginerEttåringFrøtorvet
Gomphrena haageanaStrawberry fields'AmarantEttåringImpecta
Malope trifidaSommerstokkroseEttåringFrøtorvet
Mesembryanthemum crystallinumIsurtGrønsakMari
Oenothera pallidaInnocenceNattlysEttåringMari
Orlaya grandifloraBridesmaidBlondeblomstEttåringImpecta
Salvia farinaceaStrata'UllsalvieEttåringImpecta
Thymus serphyllumWild MagicKryptimianStaudeFrøtorvet
Zinnia elegansGreen AppleZinniaEttåringMari

onsdag 9. mars 2011

Dette gler eg meg til


I fjor var første driVhussesong, med alle dei stunder med stor lukke og mykje glede. Det var så herleg å sitje i drivhuset tidleg om våren når nordavinden peip rundt veggene, og inne var det lunt og godt, der eg sat med priklepottene mine. Det var kjekt å sjå korleis plantene strutta og vaks seg rette, tette og fine.
Eg kjøpte ein pakke med 10 assorterte tomatfrø frå Camilla Plum, dei sådde eg inne i januar, og passa og pusla dei fram til fine tomatplanter som eg sette i store murerbaljar i april. Tomatplantene voks og såg ut til å trivast, men det gjekk seint med blomstring og endå seinarE med fruktsetjing.
Eg rista på plantene, så eg er sikker på at dei skalv av skrekk når dei høyrde meg i drihusdøra, for det skulle fremje bestøving. Eg kunne plukke ein og annan tomat, men ikkje meir enn at det var ein eller to i slengen. Sommaren som eg hadde sett føre meg med dei herlegaste salatar med eigendyrka, velsmakande og spennande tomatar, krydra med eigendyrka urter, god olje og litt god balsamico, vart meir og meir ein draum.
Sommaren kom og gjekk, alle feriegjestane var reiste heimatt og eg gjekk der og venta på den store tomatopplevinga.
Posted by Picasa
Men så var endeleg dagen komen 18. august kunne eg gå i drivhuset og plukke ei god samlinga av tomatar. Eg hadde kjøpt inn utallige mozarelloostar, der er ikkje alltid det er tilgjengeleg på den lokale joker, som gjekk ut på dato. Men denne dagen klaffa alt, i kjøleskåpet fann eg raudlauk og ost, eg hadde fått ein herleg crema balsamico i sommarpresang, god olivenolje hadde eg, salt og pepar og. Når eg ser på biletet no, så trur eg at eg måtte ha gløymt urtene, men det smakte himmelsk.
Då treng eg vel ikkje seie meir!!!
I år har eg venta med å så tomatfrø, men dei skal i jorda neste veke. EG GLER MEG.

søndag 6. mars 2011

DET SOM HITTIL IKKJE HAR GÅTT SÅ BRA

Ikkje all frøsådd har gått like bra. Kan vere greitt å ta ei oppdatering på det og:
Asparagus plumosus, slørasparges, berre ei spire
Cephalaria giganthea, gullknapp, har ikkje spirt enno
Cistus ladanifer, steinrose, var så fornøgd med at eg hadde fått spiring, men ved nærare ettertanke så var  det ein gaukunge
Clitoria ternatea, duevinge, her skulle frø rubbast med sandpapir, det gjorde eg så grundig at eg nok ødela heile frøet.
Dagliljene har ikkje spirt, men dei treng gjerne meir tid
Dendranthema .., Krysantemum, har ikkje spirt enno
Echinops sp, kuletistel, har ikkje spirt, no set eg frøa ut for å sjå om dei spirer då
Fuchsia x hybrida, har ikkje spirt enno
Gazania, har ikkje spirt enno
Gladiolus italicus, der har eg prikla 3 spirer i dag, men eg trur det må vere gaukungar, dei har runde frøblad
Gymnocladus dioicus, kentuckykaffi, såg veldig bra ut lenge, men no ser det dårleg ut.
Lobelia erinus, 'Riviera Blue Splash' dårleg spiring
Lobelia erinus, 'Cascade Rainbow', veldig dårleg spiring
Lobelia erinus, 'Cascade White', manglande spiring
Mimosa, berre ei spire, men den veks fint
Nicotiana alanta, Vengetobakk, har ikkje spirt enno
Rosmarinus officinalis, prikla 2 planter idag
Salvia viridis, dusksalvie, 2 planter, ikkje prikla enno
Scabiosa caucasica, ikke spiring enno
Soleostemon, spragle, inga spiring enno
Stevia rebaudiana, sukkerplante, dårleg med spiring
Thalictrum, frøstjerne, inga spiring enno
Verbascum nigrum album, dårleg spiring
Verbascum thapsus, prikla 5 planter idag
Verbena bonariensus, kjempeverbena, har eg hatt både kaldt og vamt, inga spiring enno
Verbena x hybrida, 'Misty', inga spiring enno
No er det nok håp for mange av desse, eg var jo dum nok til å ikkje notere meg på lista noke om spiretid, får ta meg ei runde med det no når eg har oversikta.  Men eg forstår kvifor det er for det meste berre blå lobelia å få kjøpt, det er dårleg spiring på dei med farge. Men eg har to raude sortar, Rosamund og Ruby Cascade, og dei spirer fint, det gjorde Rosamund som eg hadde ifjor og.

PLANTEROMET ER FULLT, GLASKARMANE ER FULLE.....


Dette er litt av dei nyprikla blodbegerspirene mine, eg har 35 potter, det er berre ei i dei fleste, men noken var så små at dei sette eg to i kvar. Dei største har eg toppa og. Så no får eg håpe dei tåler ompottinga. Har lese at det er ikkje det beste dei veit, men eg var forsiktig og dei fekk god jord som eg hadde litt perlite i. Eg brukar Bogrønt si økologiske jord. Trur eg betalte 130 kr for 3 sekkjer ifjor. Eg trur eg må ha vore ein av dei beste kundane på den sorten jord, for eg kjørde heim mange sekkjer.
Til høgre står lobeliaplantene som eg prikla 15. februar. Det må nesten eit foto til for å tru at det kan gå så fort med dei små spirene.

Dette er Lobelia tenuior, pyramidelobelia. Dei er heilt nye for meg. Dei spirte rikeleg og eg har prikla 3-4 planter i kvar potte og no veks dei godt. Det eg går å lurer på er om eg skal toppe dei, eller om eg då øydelegg heile pyramiden. Eg får kaste eit spørsmål ut på hageforumet, så tenkjer eg at einkvan har erfaring og veit kva som skal gjerast. 
Denne veka har eg sett begoniaknollane i jord og potta om nokre pelargonia som eg tok avleggarar av i haust. Dette er andre ompotting. Eg har ikkje plukka fram eksperimentet med pelargonia og fuksia i isoporkassar som står under tilbygget.  Det er tredje året eg brukar den metoden. Første året var ein suksess, då stod dei i ein kald blindkjellar. I fjor trudde det skulle verte ein normal vinter, og sette kassane godt innpakka i drivhuset, det gjekk ikkje so bra. Så i år er eg spent på korleis det ser ut når eg skal opne kassane.
No har eg potter over alt ståande. Eg fattar ikkje korleis nokre frøposar kan verte til slike mengder med planter. Eg tykte at eg var mykje flinkare enn i fjor til å begrense mengde frø når eg sådde, men det har iallefall vorte mange planter. Så er det vel inga lov som seier at kvar minste spire må priklast, men dei er no så små og nusselege at eg klarar ikkje å bevisst ta livet av dei. Og endå så har eg bugnande boksar med frø som eg MÅ så.  Vel, vel eg får prøve å setje "problema" i perspektiv, og då har eg ingenting og klage over. I dag har det vore sol og snøbyer, gradene  har eg ikkje hatt tida til å sjekke for det har vore ein travel dag, Eg har vore i planteromet, laga middag, baka bollar, sett 5mil, sett dame og herre jaktstart i skiskyting og vore på nettet. No skal eg prøøve å få oppdatert sålista, med spiring og prikling, og så tek eg kveld.

onsdag 2. mars 2011

SJØLVLAGA FRØPOSAR TIL FRØPAKKE


No har eg laga frøpsar med bilete og litt tekst til frøa som skal i Frøpakken og som eg skal bruke når eg samlar frø frå eigne planter til hausten. Bakgrunnen for denne måten å lage posane på har vore at det må vere minst mogeleg papir, dermed tek dei liten plass i Frøpakken. Eg har og tenkt at det er kjekt med namn og litt tekst når eg skal sanke frø sjølv, det er ikkje alltid eg veit kva som er rett namn på planta, men med bilete på posen så har eg iallefall ein ide. No må eg tilstå at ideen er ikkje min, eg har sett litt på posane som andre hagegale har gjort før, men eg har omarbeidd dei slik at det er minst mogeleg papir i dei.
Ellers så er jo posane i pergament supre, men der er ikkje bilete. Eg har brukt litt av dei og.
Frøa som eg har laga til er:
Clematis alpina -sjølvsanka
Clematis 'Miss Bateman' - sjølvsanka
Clematis dunkelrot - sjølvsanka i Tyskland
Clematis lia hell - sjølvsanka i Tyskland
Clematis rot kleinblutig - sjølvsanka i Tyskland
Clematis weinrot - sjølvsanka i Tyskland
Blodbeger - sjølvsanka
Morus nigra, svartmorbær - Impecta
Vacciunium vitis-idaea , tytebær - Impecta
Lupinus regalis, The Pages - Impecta
Ammi majus, Kvit kongeskjærm - Impecta
Paulownia tomentosa, Keisertre - Frøtorvet
Cotinus coggyria, Parykkbusk - Impecta
Coreopsis tinctoria 'Amulet', Tigerauge - Impecta
Viola wittrokiana 'Alpensee' + 'Firnengold' + 'Bergwacht' - Chrestensen
Så får eg håpe at noken får lyst litt av desse sortane, det er jo vanskeleg når det er første gongen å vite kva som kan vere interssant for andre.
Posted by Picasa

tirsdag 1. mars 2011

INSPIRERANDE HAGEBOK

Trädgårdsvisioner : gyllene stunder och glömda misslyckanden

Dette er ei av Hannu Sarenstrøm sine bøker som eg har lese. Eg har lånt ho på biblioteket, og etter å ha lese boka og ikkje minst falle i stavar over vakre bilete så har eg bestemt meg for at denne boka vil eg ha. Han skriv livleg om gode og dårlege erfaringar frå hagelivet. Ikkje minst kjenner eg meg att i ein av hans tidlegare hagefasar: han ville ha alt.  Eg er der enno, og eg trur pr idag at det er lite truleg eg kjem vidare, men kven veit.
Eg kan synest at Japanske hagar med all si nøye gjennomtenkte enkelheit er veldig vakre, dei gjev ro og ettertanke, noke som eg og tykkjer er godt å oppleve i hagen. Eg har vore i den Japanske hagen ved Aboreet på Milde, og det var verkeleg ei oppleving som var vel verdt å ta med seg, og eg kjem nok til å gå både i den og dei andre hagane på Milde ved seinare høve.
 Det same tykkjer eg om hagar som held seg i eit nøye avstemt fargetema.

Etter som eg forsto så hadde Hannu sjølv vore fotograf for bileta i boka og dei var så stemningsfulle og flotte at eg kunne godt tenkt meg å hatt dei innråma på veggen heime alle.  Om han ikkje hadde skrive eit ord, så hadde eg kjøpt boka berre for bileta si skuld.
No les eg Vinterkalas som han og har skrive og fotografert bilete til. Her og kjem den dyktige fotografen fram. No har ikkje eg eit fnugg av peiling på fotografering, lys skugge og komposisjonar o.l så det kan godt hende at ein proff ville lure på kva eg pratar om, men for meg har han fanga nokre stemningar som er heilt fortryllande.