mandag 30. mai 2011

Første frøpakke frå Impecta til neste sesong

Impecta lokka med 30% rabatt på alle frø, det var noke eg ikkje kunne la gå frå meg, så no sit eg her med 14 nye frøpakkar.
  Eg har kjøpt tomat, Black from Tula, ein kulturavsort frå seint 1800 talet. Den får store gode store tomatar og kan vere både ute og i drivhus. Så har eg kjøpte jordbærspinat - mest for rariteten si skuld. To slag forglemmegei som eg tenkjer kan vere brukande på fleire plassar. Lewesia tykkjer eg er ei flott plante som eg har kjøpt fleire gonger, men dei har drukna om vinteren. No trur eg at eg har funne plassen dei kan like seg på. Flittige Lise viste seg å vere mykje lettare å ha med å gjere enn eg hadde tenkt så no har eg kjøpt Super Elfin Seaside, i tillegg har eg planer om å samle frø av dei eg har.
Dagfiol kom med fordi eg likar å ha blomar med lukt i hagen, dei sprer eg mest mogeleg rundt omkring. 
Så likar eg blomar som liksom svevar over dei andre, dermed vart det ein pakke med Anemonopsis macrophylla. I tillegg til desse vart det Rutelilje, fattigmannsorkide, ein lavendelblå risp, veronica, Erodium pelargoniflorum og til sist sommarasalia som var bonusblomst.
Eg ser at noke av dette kan eg setje igang å så no så det vert det rekna som 2011 - sesong. Det eg skal så til hausten av stauder reknar eg som 2012 sesong. 
I dag skin sola det er 12 grader om frisk bris frå syd.

lørdag 28. mai 2011

Snart sommar etter ein kald vår

Blomar til bryllaupsfest, Impatiens walleriana, Super Elfin Blush Improved, desse Flittige Lisene er verkeleg så flotte at eg kunne nesten delteke på utstilling med dei. Eg har toppa dei ein gong, då tok eg skota på toppen og let greinene på sidene stå. No har dei breia seg godt utover og dei tek til å blomstre i midten og.  Håpar at dei held fram med å utvikle seg like fint dei tre vekene dei har att. 
 Dette er ei Kanadisk rose, kvit med raude kantar, hugsar ikkje namnet, men no er ho i knopp.
Vinteren har vore for hard for nokre av rosene min og, men det er då noken att. Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal plante inn att nye roser, heller fylle på med stauder og sommarblomar. Nye roser som eg fell i freisting for eller som eg kan klare å få fram frå avleggarar skal kome i nytt bed. Då slepp eg problemet med nematodar.

 I frøpakken frå UnaCita var det ein pakke med Clematis herbaceous mix. Frøa har eg lagt i ein plastboks frå Konkel med fuktig vermiculite og boksen har vore i romtemperatur. Det tok ikkje lang tid før den første typen frø kom med spirer og dei sår no i god vekst. Eg skulle oppbevare frøa i boksen i minst 6 månader for å sjå om alle frøa spirte. Dersom det er noken som les dette og veit noke om desse klematistypane så skriv gjerne ein kommentar. Frøa kjem frå Gardens North.

Eg har sådd to omgangar med Podophyllum hexandrum, Himalayafotblad. Desse har eg først hatt i vermiculite i kjøleskåpet og så sådd i drivhuset. I går såg eg første spira og er nesten sikker på at det ikkje er gaukunge.
 Ampeltomaten, Hundreds and Thousands, kom i god vekst etter at han vart planta ut, men etter å ha sett bilete av han hjå Solfang så lurer eg på om eg må gje han større ampel.
 Cosmosane var gule i toppen av å stå ute i kaldt regn, så no har dei fått kome innatt i drivhuset og fått litt ekstra med gjødsel, så no håpar eg at dei kviknar til att.
 Dei Cosmosane som har vore inne heile tida er mykje kraftigare.
 Tropaeolum peregrinum, Kanariblomkarse som treng å komme ut  og få nye potter. Dette er ei ny plante for meg, eg synest det er ei veldig elegant plante slik som lauva står ut frå stilken.
 No er tomatplantene i god vekst, dei har vore 3 veker i drivhuset og vert stadig kraftigare.
Tomatillo.
Eg fekk to spirer av tomatillo, og dei har eg jammen styra med. Først så knakk eg ei då eg skulle flytte på plantene på planteromet, toppen sette eg ned att og den er omsider i vekst. Den andre voks og vart rett fin. Så skulle plantene ut i drivhuset og då klarte å kutte planta av med ein merkelapp som var laga av eit rømmebeger. Så var det ny topp ned i jorda. Denne har no ste i 3 veker og luta heilt ned i jorda, men torsdag klarte han å lette hovedet såpass at eg ser at det vert plante av denne og. 

 Bloody Butcher er først ute med blomst.
 Her er det plass til mange planter endå. Eg har planta ut knollgeorginer i rada mellom steinane, så har eg planta Ammi majus, kvit kongeskjærm i mellom dei, eg håpar at det kan verte fint.
Slik ser bedet ut når eg står i gangdøra idag den 28. mai. Det regnar og gradestokken viser 8,1.

tirsdag 24. mai 2011

Tropaeolum speciosum??

Sandeleg ikkje mykje å lage blogginnlegg på, eit einsleg frøblad. Men no er det nemleg so at i dette brettet har eg sådd frø av eldblomkarse som eg sanka i fjor haust i hagen til son min i Haugesund. Dei vart sådde heilt ferske 25. oktober og har overvintra ute. Der veks planta på ei kuletuja, og den er berre heilt fantastisk fin når ho blomstarar på seinsommaren. Eg har teke stikling av ho utan å få den til, eit år kjøpte eg frå eit firma, kanskje Hageglede, utan at det skjedde noke meir, men no har eg eit håp. Men no er det no slik at eg har hatt mange gaukungar i frøpottene mine i år, så eg kjem til å gå i spaning.
Dersom det er noken som ser dette innlegget og veit kva det er så gje gjerne ein lyd. Eg skal tole støyten om noken seier at dette er rett og slett ugras. Men enno lever eg i håpet.
I dag har det om mogeleg vore meir vind enn dei andre dagane, men det har regna litt mindre. Det har voere mellom 8 og 10 grader.

søndag 22. mai 2011

Kvite blomar

Meconopsis betonicifolia alba i blomst, eg hadde ikkje tid til å vente til ho opna seg heilt, før eg måtte ut å fotografere og dokumentere på bloggen. Velkomen i hagen! Dette er frø som eg kjøpte av Magnar i 2010. Eg hadde god spiring på både den kvite og blå. Det vart den kvite som slo først ut i blomst.

Dette er Potentilla White Queen, av frø som eg kjøpte hjå Akoen i 2010. 4 prikleplanter vart det, men eg trur det er berre denne som har overlevd vinteren. Denne er til gjengjeld svært kraftig og eg reknar med at eg kan samle frø som eg kan så til hausten. Velkomen du og.
Det er heilt spesielt å få fram planter som eg aldri har sett før, og meir skal det verte. Eg har prikla ein masse med stauder som står og veks seg til.
Dette er priklelista så langt:
Gudeblom, 2 sortar kongslys, 2 sortar hagepute, fløyelstjæreblom, limefarga anisisop, værhane, 2 sortar alunrot, lerkespore, blodmure, kjempestikle, kjempeverbena, sabellilje, ein slag nøkkelblom, 2 sortar akeleie, hollenderpipe, rosa og fleirfarga røvebjølle, artiskokk, riddarspore, staudeklematis, dagliljer, gyllenlakk, blodstorknebb, skogflatbelg, purpurtorskemunn, rosa oleander, trompetflokk, gul kubjølle, blodtopp, stjernesmelle, stjerneskjærm, ildblomkarse og stokkrose.
Det er berre eit fåtal av desse som kjem til å blomstre i år, men eg har mykje å glede meg til.
No har det regna rikeleg i ei heil veke, i dag har gradene helde seg over 10, i føremiddag var det opplett, men no regnar det att. Vi har og hatt ei veke med svært mykje vind, og det ser så ut på meldingane att det skal halde fram i komande veke og.

tirsdag 17. mai 2011

Grunnlovsdagen 2011


Dette er ei samling av det eg fann i hagen i dag. I natt har det vore 6C, no er det 6,6, så det er verkeleg ein av dei kalde 17. mai dagane.
Det er regnbyer og vind frå nordvest. Skogen er heilt grøn i år, det har ikkje vore frostneter hittil som har gjort skade på lauvet. Dei kvite rhododendronane er i full blomst, epletrea har fått farge på knoppane og månedsjordbæra blomstrar.
Ein god dag til alle!
Posted by Picasa

lørdag 14. mai 2011

Laurdag 14. mai 2011

Frøstandane på Pulsatilla er nesten finare enn blomen.

Her måtte fotografen legge seg flat, ein nydeleg blåfarge.

Barnehageruss

Tulipanane har fått ein storvoksen nabo, dette vart rått parti, men ikkje ante eg at kvannen vart så stor.

Det er langt frå alle frøpotter som har spirt enno, men i ei av desse pottene er det to valnøttfrø av Juglans regia som har spirt. Det vart stor ståhei då eg oppedaga første spira, ein planteinteressert slektning vart kalla inn for å vere med på fødselen.

Det er først i år at eg har sett det vakre i tulipanar som er på hell, eg ser at eg har gått glipp av mykje. Men heretter skal dei nytast til siste slutt.
God helg!

søndag 8. mai 2011

Tomatplantene har kome på plass i drivhuset.

 
Den 7. mai flytta 12 av tomatplantene ut i drivhuset der eg fylt baljane med hagejord, lecakuler, litt kjøpejord og mykje hestegjødsel. Eg har nokre fleire tomatplanter, physalis, tomatillo og agurk som skal ut og, men først er det fleire planter som må flytte ut.
I dag har det vore mellom 20 og 24 grader, bris frå aust som har kome i sterke rosser. Så dei plantene som no er ute har fått kosta seg. Mesteparten av tida i dag har gått til vatning.

Eg har hatt bilete av luktlupinen i mange stadier, slik er stoda no.

Petuniaplantene veks i rekordfart.

Dette er ei plante eg aldri har sett før
Cerinthe major purpurascens, stor voksblomst, ho veks og ser ut til å verte ei svært kraftig plante, 80 cm trur eg det var.


Zuluastersen vert fin i år og.

Dette er litt av staudene mine, dei store nede er overvintra frå 2010, dei på hylla over er av årets sådd. Eg har mange såpotter att å prikle, pluss at det er mange som ikkje har spirt endå.

Attende i drivhuset, dette er før tomatplantene kom inn, det er sommargeorginer som står i dei nederste kassane. I kassane over er det ulike sortar lobelia.

Dette er eit variert utval av planter, eg har mange cosmos, blodbeger og raude vippeblomar. Her er og mange blodbeger.

Eit bilete som viser litt av kaoset. I kassane nederst til venstre er knollgeorginer.

Valmuesøstrene er i knopp.

Heggen blomstrar. Det må vere rekordtidleg.Eg kjende lukta i dag tidleg før eg såg dei hadde opna seg og tenkte dette måtte vere feil. Men varme neter og dagar driv alt fort fram.

Ein tulipan til å verte glad av.

Tulipanar og narcissar på geledd.

Endå ein sjarmerande tulipan.
Har ikkje tid til å skrive meir no, det er alt for fint veir ute. Ha ein fin kveld!