søndag 28. juli 2013

SOMMARBLOMAR

Til dokke som føl med på bloggen min, så er det inga hemmelegheit at eg sår mange sommarblomar og stauder. I dag tenkte eg å ta ei lita oppdatering på mesteparten av alle dei fine sommarblomane som no er i full blomst i bed, amplar og potter.

Vi har ei ganske grei fordeling av  eigedomen vår, mannen min og eg. Vi har omlag halvparten kvar, han hjelper meg med min part, medan eg stort sett beundrar han part. Hans part er ein svært velstelt plen, som vert brukt til krokett. Min part er til randen fylt av blomar. Og sidan eg alldeles ikkje kan eller vil begrense meg så er det ei salig blanding, men verkeleg fargerik. Eg elskar plantene mine, og dei vert beundra og fotografert stadig vekk.





Amaranthus cruentus 'Oeshberg' har vorte fast innslag og eg har grupper av desse på fleire stader, dei må plantast i grupper, då gjer dei mest av seg, og eg kan tillate meg å ta eit spir eller to i bukett.




Over er det tre ulike sommargeorginer som heiter Dahlia coccinea og som er favorittsorten min.

Sommarasters er super i bed og til snitt.





 Eg har mange potter med lobelia og fuksia, og eg tykkjer dei alle er fantastisk flotte. 
Her har eg planta mange petunia i eit bed.





I år hadde eg så rikeleg med blodbeger at dei fekk komme i amplane på veggen ilag med lobelia og i nokre tilfelle fuksia.

Her er ei gammal grautgryte som er fylt med petunia, den eine har ein veldig flott sjattering.
Løvemunn har eg i mange fargar.

 Trikolorvindelen er ein flott fargeklatt som kan brukast overalt.

Plants of Distinction sende denne som bonusfrø, det er Poppy Falling in Love, kornvalmue. Ho viser seg i mange variantar frå reint kvitt, blanding av kvitt og raudt, og reint raudt.

 Her har lykkekløver frå Marit fått plass i lag med lobelia.
 Stråleasters
 Sommarfloks både over og under.


Sommargeorgine som står farleg nær krokettbana, men det går som regel bra. Noke fint å sjå må jo spelarane ha medan dei ventar på tur.

tirsdag 16. juli 2013

REGNVEIRSAKTIVITET

Kva i allverden skal eg finne på å gjere når det regnar og regnar og fryseboksen er full av gjerbakst - jau då tingar eg frø. No har eg fått frå Impecta, Plant World Seeds og Thompson & Morgan.
I dag har eg fått registrert alle sortane i Evernote, så no er det berre å finne ut når eg kan starte såinga. Det er vel pakken med juleroser som først må opnast.
Dette er staudefrøa eg har fått om hende:
Anemone barbulata, A. canadensis, A. leveillei, A. rivularis, Aristea ecklonii, Meconopsis baileyi 'Hensol Violet', M. superba og Hollyhock Choice mix (bonus) alle frå Plant World Seeds.
Meconopsis napaulensis, Pulsatilla turczaninowii, Delphinium semibarbatum, Lamprocapnos spectabilis 'Alba' + sommarblomar og grønsaker frå Impecta.
Armeria pseudoarmeria 'Ballerina Mixed, Lysimachia ephemerum, L. atropurpurea, Polemonium boreale 'Heavenly Habit', Amsonia tabernaemontana, Geranium pratense 'Purple Haze', Saponaria ocymoides, Primula vialii, P. japonica 'Miller's Crimson' og Helleborus purpurescens alle frå Thompson & Morgan.
Eg treng vel ikkje fortelje om den fantastiske rike kjensla eg har når eg sit med eit knippe frøposar, som eg skal studere nærare. Det går jo litt for når eg bestiller, det er ikkje alltid eg tenkjer meg så mykje om, så difor er det så kjekt når eg kan setje meg ned med posane  for å prøve å finne ut mest mogeleg om frøa eg har fått tak i.

mandag 15. juli 2013

LITT AV KVART

Denne har eg ikkje kontroll på kva ho heiter, eg finn ho ikkje på sålistene mine under Campanula, så då må eg leite vidare, med mindre noken kan seie meg kva det er.

Laurdag var eg i Parken i kommunesenteret og selde planter, eg hadde desse amplane med lobelia og blodbeger, sommarblomar og stauder. Det var ikkje vanskeleg å selje amplane.

Staudekassane var ganske tomme dei og då eg reiste heim att. Eg har faktisk hatt ein del respons på å Plantelista mi og, eg har sendt ein del plantepakkar og fått gode meldingar attende. No har eg potta opp ein del nye stauder, så lista vert snart oppdatert.

I hagen er det VÅTT, men hjelpe meg som det veks. Eg brukar alltid å ha tre gjødslingar, men i år slutta eg etter to. 


Denne storknebben er altfor stor for denne plassen, så enten må han få ny plass eller ny hage, får tru det vert det siste.

Her veks noken abnorme kongslys og blodtoppar. Kan ikkje ha kongslys i rosebedet, og blodtoppane må og få nytt bed eller ny hage.


Endå eit kongslys som kjem til å dominere bedet.

Denne anemona veks i eit reint staudebed, der gjødslar eg minimalt, så den er meir normal i størrelsen.


Allium cernum som eg sådde første året i Hagegalskapen, no har den eine løken som eg planta utvida seg og planta er voksen seg stor og kraftig.
No er omsider sjasminen i fullt flor.
I dag regnar det OG, eg ser ikkje over fjorden, vi fyrer i ovnen og eg har ei brøddeig på gong. Det melder sol og 20 C frå fredag, det skal verte herleg med sol og varme og feriegjestar.
Ha ei flott veke alle!

onsdag 10. juli 2013

3 KJØPTE PIONAR



Det er noken kjempestore blomar på pionane i år, denne er minst 19 cm i diameter. Eg trur denne heiter Madame Emilie Debatene.
Denne viste eg i forrige innleg, uten namn. No har eg sett i innkjøpslista mi og den skal heite Dr. Alexander Flemming.

Dette er Bowl of Beauty, og han luktar som ei god gamaldags rose.
Det heiter at pionane skal ha gjødsel under blomstringa, men desse tre er så kraftige i år at eg har bestemt meg for å utsetje gjødslinga til neste år.

søndag 7. juli 2013

1. SUNDAG I JULI

Midt i pionblomstringa, denne pionen er snart ferdig med showet sitt, som vanleg fekk han ein god del regn, men både humlene og eg har fått nyte han. 

Rose nr 2 som er i blomst.

 Astrantia major over og under. Retting: det Knautia macdonica som er under.

Denne kjem på 3. plass

 Lilium martagon som eg har fått fram frå frø, truleg ein sort som eg sådde i 2010.
Eg er altfor sein på avtrekkaren til å fotografere humler.

Tomatane veks.


No er det ein månad sidan eg har prikla småplanter, dei større plantene har fått meir merksemd, men no stod Murtorskemunnen og blomstra i såpotta, så då var det på høg tid. I kassane er det Allium, Liljer, Meconopsis, Leyceteria og murtorskemunn m.a.

Dette er ei arvelilje, som eg tykkjer er veldig lik martagonlilja, men eg ho luktar heilt bedøvande godt, tykkjer eg.
Er det noken som kan seie noke om denne så er eg takksam, for eg har massevis av knollar for salg, men då burde lilja ha eit namn.
Ha ein god sundag alle!