onsdag 22. januar 2014

FRØ AV MAGNOLIA SIEBOLDII


Ein av frøpakkane frå STA var Magnolia sieboldii. Desse frøa er utstyrte med eit frøskal som skal verte fermenterte i fuglemagen, før dei fell i jorda og veks opp. Dette har eg funne ut ved Googling og fann ut at det høyrdest rimeleg ut. Det er jo på langt nær alt som vert skrive på nettet som er rett, kanskje ikkje dette heller, men med kryssjekking og sunn fornuft så går det som regel bra. 
Dersom frøa er heilt ferske så skal det vere lett å få av skalet, men desse var små og tørre så deå måtte eg hjelpe naturen litt. 
Eg har hatt nokre dråpar oppvaskmiddel i litt lunka vatn og lagt frøa i. 


Etter 20 timar sjekka eg frøa for å sjå om det hadde skjedd noke og då såg eg at frøa hadde trekt godt med veske og at skalet gjekk av lett som berre det. Så då renska eg frøa, skolte såpa av og hadde dei i Zip-posar i fukta vermiculite. Dei bør få omlag 4 mndr i kjøleskåp.
 Så då får vi sjå om det kan verte magnoliabusker om nokre år.


mandag 20. januar 2014

FRØ FRÅ STA OG SÅING AV PIONFRØ

I dag fekk eg fruktene av arbeidet eg hadde i haust med å sanke frø og renske dei, for så å donere til STA. Ein stor velfyld konvolutt kom med posten og alt eg ynskte hadde eg fått, for ei lukke.
Eg hadde kryssa av for frø av pionar, det er ikkje dei kjappaste frøa å få planter av, men det er stort når eg finn spirer i pottene.


Her har eg stolt pakka opp alle frøpakkane, 30 pakkar ialt. No er turen komen til å få dei registrerte i Excel-arket mitt, så skal eg finne ut korleis eg skal så dei forskjellige sortane.


Eg starta med Pionfrøa, det er forskjellige måtar å gjere dette på, men etter som eg forstår så kjem alle måtane fram til spiring, det er helst eit spørsmål om tålmod. Eg har tidlegare prøv å legge frøa i zip-posar med mose på badet, for så å ha dei i kjøleskåpet, før eg sådde dei og hadde dei ut ilag med den andre staudesådden.
Eg har og sådd dei direkte og sett dei ut ilag med dei andre pottene.
Eg meinar at eg har fått spiring på begge variantane, men det har vore ein god del frø som har rotna.
I dag har eg rigga meg tel med vermiculite, den har eg fukta og her står han til avrenning. Denne metoden har eg frå ein svensk hageblogg, og frå Hagepraten sitt forum. 



Eg har skaffa meg 9 ulike artar og sortar frø, og som det går fram av biletet så er det stor forskjel i storleik. Det var og stor variasjon i kor mange frø det var i kvar pose, mellom 4 og 11 frø.
No har eg plassert alle posane med frø, vermiculite og plastspil med namn og nummer attmed vedaovnen i stova. Den optimale temperaturen framover no skal vere på 25 C og slik skal det vere i omlag 3 mndr. Posane må sjekkast ofte for å sjå om det er frø som myglar, det kan for ødelegge alle dei andre i posen og. Det er liksom meininga at no skal det kome rotspire på frøa medan dei ligg varmt, når det er kome rot så skal dei inn i kjøleskåp for å vidareutvikle seg, før eg har dei over i potte med jord.
Den som lever får sjå.

fredag 3. januar 2014

Julerosene er på veg, det same er dei nye skota på rosene.



I dag har eg hatt første dag med såing, eg har sådd masse staudefrø, i tillegg har eg sådd ulike sortar lobelia, blodbeger, pelargonia og asarina.
Jammen er det kjekt å komme i gang att. Eg trur? at eg skal så litt mindre sommarblomar, men eg har sålangt ei liste på 100 ulike staudesortar som skal såast i løpet av våren. Det tok litt av med bestillingar i haust, men eg reknar med at det skal gå greitt. I år har eg hoppa uti det og berre skrive nummer og årstal på lappane i staudepottene, det sparar meg for mykje arbeid med å skrive merkelappar. Det er jo ikkje alt som spirer heller og då er det like greitt. Det viktigaste er at det er lettare å tyde store tal, og så er det lettare å halde orden på kva for eit år frøa var sådde. 
Eg skal legge ut liste over staudesortane eg skal så når eg har fått frøa frå STA, i år har eg sendt inn frø så då kan eg få tildelt heile 30 sortar i første tildeling. 
Eg har vore heilt fråverande i bloggverda i lang tid, men no reknar eg med å livne til att, så no skal eg ta meg ei runde å sjå kva de styrer med rundt omkring.
God helg!