tirsdag 28. juni 2016

1000 OPNE HAGAR - IKKJE FULLT SÅ MANGE - EG HADDE EIN AV DEI

 Pompomakeleie og fiolkongslys.
 Krypbrudeslør
 Paeonia 'Festival Maxima'
Paeonia 'Nordic Paradox'

Sist sundag den 26. juni var eg ein del av Hageselskapet sine 1000 opne hagar. Eg brukte litt tid på å ta avgjerda om å melde meg på, for det er jo noke med å invitere folk på hagebesøk på ein sundag då det er flust opp av tilbod som kan freiste.
Ikkje minst syntest eg det var vanskeleg sidan fleire som meinte at deira hagar på langt nær var fine nok til å invitere på besøk i.
Hageselskapet reklamerte med å opne hagen sin og sjå vekk ifrå at han ikkje var strigla og perfekt, men det er jo lettare sagt enn gjort. Det som eg tenkte utifrå var at eg har ein hage med ein god del stauder, eg har sådd dei aller fleste sjølv og såleis har eg ein billeg hage. Det treng ikkje koste allverden å få masse planter i hagen. Eg har alltid hatt interesse for hage og planter, men helsa strakk ikkje til å arbeide i hagen etter arbeidstid og å kjøpe stauder i massevis hadde eg heller ikkje råd til. 
Så tok livet mitt den vendinga at eg ikkje lenger kunne vere i arbeid og då har eg fått utfolde meg i det som på ein måte har vorte ei redning både fysisk og psykisk. 
No vart det ikkje fokusert på helsa min den dagen, mange av dei som var her veit tilstanden min, men hagegleda og kva som kan gå an å få til for ein rimeleg penge fekk dei delta i.
Det kom 16 besøkande på ein sundag med lett regn i lufta. Dei gav utrykk for at dei var godt nøgde, og at dei trivdest. 

For meg som hagevert så var det så ufatteleg kjekt å få vitjing av så mange hageinteresserte og få tre heile timar med hageprat, eg lever på ei høg bylje enno. Etter som eg forstår så skal Hageselskapet ha dette som aktivitet annakvart år. 
Eg kjem nok til å invitere til open hage kvart år sålenge helsa held og nokon vil kome.