mandag 28. februar 2011

FØRSTE TEIKN PÅ VÅR

Vanleg raud kubjelle, Pulsatilla, mi aller første erfaring med Pulsatilla. Denne rota har eg hatt nokre år, og det er ei plante som eg likar godt. Ho er av dei aller første som kjem, blomstrar lenge og kjem med fine frøstandar. I fjor sådde eg fire slag av frø frå Magnar og Akoen. Dei har spirt, med unntak av Pulsatilla vulgaris Mix. I haust sådde eg Pulsatilla alpina ssp apiifolia. Dei står bak uthuset og ventar på litt meir varme i lufta.
--
Dette er Clematis alpina, den har eg hatt i ei krukke på terrassen i mange år no, og gler meg med blomar tidleg i mai. Eg har ein plan om at den skal plantast ut i hagen til sommaren og ein ny skal i krukka. Har sådd ein del clematis og, i fjor sådde eg Clematis chilsanenses, C. macropetala og C. recta purpurescens. Dei to første har spirt og kom i god vekst, men eg veit at spiretida kan vere lang på Clematis så eg kjem no til å kike spent i såpotta til våren. Eg har og sådd mange sortar i haust som står bak uthuset, pluss at eg hadde god erfaring med å ta avleggarar.

Ellers så er det lite teikn til vår, den eldste peonen min kjem og med raude skot. No er det raude Celsius grader på meldingane framover så då kan det verte mykje som skjer.
I dag er det omlag 7 grader, vindstille og etter at skodda letta så har det vore klår himmel.
No skal eg i planteromet og vatne litt og sjekke såpottene, kanskje er det meir på gang.
Posted by Picasa

fredag 18. februar 2011

SPIREPOTTER OG PRIKLEPOTTER


Dette er litt av alt som veks i planteromet, i dag har eg prikla resten av Lobeliaspirene, dei kvite vart sådde sein, så dei har ikkje spirt endå. Dei to STORE frøblada til venstre er Månevindel og den vesle til høgre er mimosa. I pottene til høgre er det Lobelia.  Eg er veldig glad i Lobelia, dei trivest godt både i sol og halvskugge. Tåler både regn og vind, sjølvrenskande er dei og.  No er det ikkje so eg har det at eg ikkje likar planter som krev stell, tvert imot, det er mykje terapi i å pusle med planter, eg likar å gå med sekatøren og pusse og pynte på plantene. 
I dag har det vore overskya, lett bris og 2 grader, no er det minus 1,5 og eg kan sjå fullmånen. Månen skal visst sjå ekstra stor ut i helga, men han ser normal ut for meg.  Lista under er oversikt over det som har spirt hittil. Eg har vore ute og letta på såkassane bak uthuset, men der er jorda frosa så eg må nok vente nokre veker enno, men når først dei tinar og det kjem litt varme, så reknar eg med at det skjer noke der og.

Cistus ladaniferSteinroseBusk
Phellodendron amurenseAmurkorktreBusk/tre
Fragaria vescaAlexandriaMarkjordbærBær
Agastache foeniculumGolden Jubilee'AnisisopEttåring
Alonsoa meridionalisRebelVippeblomstEttåring
Anagallis monelliSkylover'BlånonsblomEttåring
Cerinthe major purpurascensPride of GibraltarStor voksblomstEttåring
Commelina dianthifoliaHimmelsblommaEttåring
Eccremocarpus scaberFakkelrankeEttåring
Felicia heterophyllaThe BluesZuluastersEttåring
GazaniaGazaniaEttåring
Ipomoea albaMånevindelEttåring
Lobelia erinus compacta«Riviera Blue Splash»KantlobeliaEttåring
Lobelia erinus compacta«Rosamund»KantlobeliaEttåring
Lobelia erinus pendula«Cascade Rainbow»HænglobeliaEttåring
Lobelia erinus pendula«Saphir»HænglobeliaEttåring
Lobelia erinus pendula«Red Cascade»HænglobeliaEttåring
Lobelia tenuiorBlue wings'PyramidelobeliaEttåring
Physostegia virginianaCrystal Peak White'VirginialeddblomstEttåring
Salvia viridisDusksalvieEttåring
Senecio cinerariaSilver dustSølvkransEttåring
Verbena speciosaImaginationStor hengeverbenaEttåring
ArtiskokkArtiskokkGrønsak
Impatiens wallerianaSuper Elfin Blush ImprovedFlittige LisePotteplante
Cerastium alpinumFjellarveStaude
CrocosmiaLuciferVærhaneStaude
Erysimum cheiriTudor roseGyllenlakkstaude
Iberis sempervirensSnowflakeSnøsløyfeStaude
PhysostegiaLeddblomststaude
Verbascum phoeniceumViolettaPurur kongslysStaude
Verbascum phoeniceumKongslys MixedKongslysStaude
Verbascum thapsusFiltkongslysToårig
MimosaSanseplante?




søndag 13. februar 2011

SOLNEDGANG TORSDAG KL 17.10


So vakkert kan det vere når sola går ned på ettervinteren. No klyv sola over Tårnet om ettermiddagen, så vi har sol heile dagen til ho går ned i havet om kvelden. HERLEG.
I dag har eg som vanleg skjekka om det er nye sprirer som tittar fram, og då såg eg ei kjempe som hadde brote seg fram gjennom natta: Ipomea alba, månevindel, det er eit gigantisk frøblad som no held på å folde seg ut. Eg har lese litt om planta og klarar eg å få den fram, det ligg nokre fleire frø og ventar, håpar dei kjem og, så har vi noke å sjå fram til i fine sommarneter.
I dag er det vind frå nordaust, klår morgon, men no skyar det til frå sydvest. 2,5 grader.
Posted by Picasa

lørdag 12. februar 2011

FRØ AV KLEMATIS


I dag har eg renska frø av klematis som skal brukast som bytefrø i Frøpakke 2 som forhåpentlegvis kjem på rundtur snart. Haugen til høgre er frøa sine vengjer som eg vil tru dei brukar når dei vil flytte langt vekk frå mora. Det til venstre er frø med litt restvenger. I tillegg til nokre sortar klematis så har eg laga til ein pose med frø av Blodbeger. Eg håpar at dei som får av dei får like godt spireresultat som eg har fått. Det er vel i seinaste laget å så blodbeger no, men det er mindre enn 11 mndr til neste såing av blodbeger.
Har nett vore ein tur i planteromet og vatna ørlite. Når spirene er så ørsmå, nyprikla og lita rot til å ta opp vatn, så er det viktig at dei får akkurat nok vatn. Det skal ikkje mykje til før det vert formykje eller forlite, begge deler med like dårleg resultat.
Eg tykkjer det er så fantastisk med den flotte grønfargen på spirene, sjølv om eg har planter i glaskarmen som er grøne, så er det noke heilt spesielt med grøne spirer. Der ligg det mykje håp.
I dag har det vore frå klårt til lettskya, bris frå aust og omlag 0 grader, i natt var det -8.
Posted by Picasa

torsdag 10. februar 2011

FELICIA HETEROPHYLLA

Zuluaster som den vert kalla i Sverige.
Dette vart ein av favorittane mine som krukkeplante i fjor og i dag har eg sådde nye frø.
Ein nydeleg blå farge, med sølvperler i midten. Den kom tidleg i blomst og gledde meg langt utover sommaren. Dersom eg hadde klypt ho ned når blomstringa dabba av så hadde den truleg vart lenger.
No er det stor aktivitet på planterommet, såing, spiring og prikling nesten kvar dag.
I går fekk eg ei ny hylle med plantelys over, så no har eg 3x1,50m.
Ortaket om at "Mykje vil ha meir" vert meir og meir sant for meg.
I dag er det sludd, lett bris og 1,5 grader. Yr-varselet seier at frå imorgon vert det minusgrader og opplett i 10 dagar framover. Då vert det lysare i veiret og så kjem Per varmestein og plutseleg er det vår. Eg kan ikkje sjå at det er noko som livnar til i beda mine, med unnatak av at eg ser pionspirer såvidt.
Posted by PicasaDette er dagens frøsådd:
MimosaSanseplante?Mari
Alonsoa meridionalisRebelVippeblomstEttåringImpecta
Cerinthe major purpurascensPride of GibraltarStor voksblomstEttåringImpecta
Clitoria ternateaDuevingeEttåringMari
Felicia heterophyllaThe BluesZuluastersEttåringImpecta
Nicotiana alantaGrandifloraVengetobakkEttåringImpecta
Asparagus plumosusSløraspargesPotteplanteImpecta
Impatiens wallerianaSuper Elfin Blush ImprovedFlittige LisePotteplanteImpecta

tirsdag 8. februar 2011

FRØSÅING 7. OG 8. FEBRUAR


Posted by PicasaPussige frø, gjev pussig plante.  Dette er frø som eg fekk av Mari på Hagegal. Som det går fram av lappen så er planta lite prøvd i Noreg, men eg har ikkje lese noke om at dei forsøka som har vore, har vore mislykka.
Eg held på å lage plantelappar til alle frøslaga som vonleg vert planter om litt. Ideen til lappane har eg fått på Hagegal, og no skriv eg ut lappar med bilete og litt informasjon om planta.  Då er det mykje enklare å vite litt meir om planta enn berre eit namn som kanskje berre er latinsk.
Etter at eg har klypt lappane til så laminerer eg dei og klypper dei til att så det vert fine plantetikettar.  Håpar berre ikkje at skjora tykkjer det same når dei kjem ut til våren.
I tillegg til sålista under så har eg lagt nokre frø i vatn og noken til stratifisering i kjøleskåpet.
I dag har det vore snø og sludd, 1-2 grader, men no er det litt lysare i veiret og det melder om kjøligare veir.
 

CrocosmiaLuciferVærhaneStaudeMari
Heliotropium arbrencensMarine'LuktheliotropEttåringImpecta
Ipomoea albaMånevindelEttåringMari
Cephalaria gigantheaGullknappStaude
CistusKvit småbladaSolroseStaudeMari
Darmara peltataStaudeMari
Echinops spKuletistelStaudeMari
Verbascum phoeniceumViolettaPurur kongslysStaudeFrøtorvet
Aristolochia baeticaMari
Cistus ladaniferSteinroseBuskMari
Commelina dianthifoliaHimmelsblommaEttåringMari
Salvia viridisDusksalvieEttåringMari
ArtiskokkArtiskokkGrønsakMari
DagliljeDagliljestaudeMari
Paulownia tomentosaKjeisertreTreFrøtorvet

mandag 7. februar 2011

SÅLISTE OG SPIRING

Dette er sålista 3. februar og i dag spirer Erysimum cheiri, gyllenlakk og Verbena speciosa, hengeverbena. Noken fleire var åt å krype over jordskorpa, dei kjem eg attende til i morgon.  I dag er det regnbyer, vindstille og 3 grader.


Asclepias physocarpusHedgehogsEttåringMari
Aubrieta cultorumLeichtliniiHageputeStaudeImpecta
Aubrieta cultorumWhitewell GemHageputeStaudeImpecta
Convolvulus tricolorBlue EnsignTrikolorvindelEttåringMari
Convolvulus tricolorRoyal EnsignTrikolorvindelEttåringMari
Dendranthema x grandiflorumFanfare MixedKrysantemumStaudeMari
Eccremocarpus scaberFakkelrankeEttåringMari
Erysimum cheiriTudor roseGyllenlakkstaudeMari
Fragaria vescaAlexandriaMarkjordbærBærCamilla
Fuchsia x hybridaBallerina MixFuksiaPotteplanteMari
GazaniaGazaniaEttåringMari
Gladiolus italicusstaudeMari
Lobelia erinus pendulaCascade WhiteHengelobeliaEttåringMari
Rosmarinus officinalis RosmarinUrtCamilla
Scabiosa caucasicaPincushion MixedKaukasusskabiosaStaudeMari
Senecio cinerariaSilver dustSølvkransEttåringFrøtorvet
Solenostemon scutellarioidesWarpaintSpragleEttåringMari
Stevia rebaudianaSukkerplanteFleirårFrøtorvet
Thalictrum rochebrunianumLavender mistFrøstjerneStaudeMari
Valerian St. GeorgeVendelrotStaudeMari
Verbascum thapsusFiltkongslysToårigMari
Verbena x hybrida MistyVerbenaEttåringMari