mandag 27. mai 2013

SNART SOMMAR


Flittige Lise, Impatiens som eg har fått fram av frø.


Utsikt frå gangdøra i dag.
I dag har eg og ei dame frå hagelaget vore i Sansehagen på Sjukeheimen og arbeidd dugnad. Veldig kjekt å få delta i noke som kan vere med å gjere det triveleg for dei som har måtte flytta frå hus og heim. Mange har har sikkert forlete ein fin velstelt hage. Eg kan godt tenkje meg at det kan ha vore vemodig å oppleve at kreftene har minka og at dei ikkje lenger har kunna hatt alt på stell som då dei var yngre og friskare. Difor er det med glede at eg i dag for første gong har vore med på dugnad i hagen. 
Eg tenkjer med gru på når den dagen kjem og eg ser at eg ikkje kan få stulle med plantene slik eg gjer no. Eg har og opplevd at kreftene ikkje har rokke til å få stelt i hagen slik eg kunne ynskje, difor er eg så takksam for at eg no kan få bruke alle dei kreftene eg har med å så frø og få fram vekstkraftige planter. Og eg har hage med god plass til å plante i, iallefall enno nokre år. Så no nyt eg kvar dag eg kan få utfolde meg med plantene mine. 
Måtte de alle få ei grøn veke!

tirsdag 21. mai 2013

Fiolett inne og ut


Nemophila menziesii, 'Penny Black' , på norsk blåauge, er heilt ny. Frøa kjem frå Aiaus i frøboksen og dei er heilt fortryllande fine. Stengelen er litt laus i fisken, men den kjem seg vel når ho vert planta ut.


Her har det tydelegvis gått heilt feil i merkinga, på lappen står det Pulsatilla alpina ssp apiifolia, men ettersom eg forstår så skal den vere gul. Har de kjennskap til denne så er eg interessert i svaret. Eg skal prøve å sjå på forumet for Hagegale, der brukar det å vere svar på det meste.
Ha ein flott tysdag!



søndag 19. mai 2013

VÅREN HAR FÅTT HETESLAG

For ei veke var det klagesang om at eg måtte bruke fleece og fiberduk mot kulde, no har vi hatt nokre dagar med 25 grader, og alt rundt oss eksploderar i vekst. Eg har mitt fulle hyre med å vatne alle småpottene. Nokre nyprikla stauder trur eg at eg har forsømt med vatn slik at dei har tørka inn. 
Den tidlege blå Alpeklematisen er klar for blomstring.

 Gamle raude tulipanar.
 Utsikt frå gangdøra i kveld 19. mai, det vert lubnare i beda for kvar dag, og bjørka har snart fått fullvaksne blad.
 Nyklipt lavendel har sett pris på varmen.
 Sanguisorba officinalis, blodtopp.
 Pulsatilla vulgaris
 Mertensis pterocarpa, Steinsøsterurt. Denne sådde eg av Magnarfrø i okt. 2011, eg vonar at det vert blomar på denne i år. Eg har ho fleire stader i  hagen.
 Duppesoleie som snart er i full blomst. Denne får ikkje anledning til å verte stor, for det er stadig ein eller annan kunde som fell for denne og får med ein liten rotbit på kjøpet. Ho kan som tidlegare sagt ikkje formeirast med frø og ettersom det er ei kulturarvplante så er det om å gjere å få ho spreidd.
Cephalaria gigantea, gullknapp, sådd i oktober 2011 av Akoenfrø, eg fekk berre ei plante og i år ser ho ut til at ho skal gjere ære på namnet. Ho er svært kraftig, eg vonar at ho blomstrar i år, i så fall vert det første gong eg ser blomane hennar.

 Ein pion som er i krafti vekst.
 Tomatane har kome på plass i kassane sine. Eg har ikkje fått sett dei nedi før i dag, for jordtemperaturen var for låg. 12 kassar har eg med 2 planter i kvar. 
 Drueplanta kjøpte eg for 3 år sidan og ho står no på tredje plassen. Det ser ut til at ho har tålt flyttinga inn i veksthuset, for no veks knuppane.
 Eg er ikkje heilt sikker på kva slags frø denne kjem frå, men ei blålilla Pulsatilla er det iallefall. Denne står slik at ho får sol mesteparten av dagen så ho snur seg nok ein 300 grader får soloppgang til ho no nyt siste solstrålane.
Rhodiola rosea, rosenrot, på Rolv kan du lese meir om denne planta og bruk i folkemedisinen. Her veks ho rundt i fjellhamrane ned mot sjøen, og på denne tid pyntar ho godt opp.
No har vi feira 17. mai og pinse med litt familie på besøk, det har vore flotte dagar og eg ynskjer alle som kjem innom bloggen god sundagskveld, framleis god pinse og ei god veke.

søndag 12. mai 2013

VÅRTEIKN I OG UTANFOR DRIVHUS OG VEKSTHUS

Her kjem eit ras av bilete, mesteparten er frå planteproduksjonen min, det er i hovudsak den som fyller tida mi no. Takk og pris for gode fleece-klær. I kvilepausane så er eg stadig inne å sjekkar Yr og Storm, dei lovar betre temperaturar fram til neste helg. Så då set eg min lit til fleece til meg og fiberduk til plantene.


Denne kassen har eg vist før, frå eg den 8. april delte ein georgineknoll  , Dahlia, og no poppar det opp med spirer. Slike knollar treng litt tid til å komme i gang, men no kan eg potte dei opp i større potter, om eg vil, eller passe på å vatne med gjødselvatn og gje dei lys og vern mot frost, så vil det vere flotte planter å plante ut om 3 - 4 veker. 


Matthiola, levkøy, med Ageratum, blåkorg i bakgrunnen. Dette er sommarblomar som eg har sådd for første gong i år. 


Blodbeger har eg sådd kvart år, og i år har eg endeleg rikeleg med planter. 

Phlox drummondi, fargerik og fin sommarfloks.


Middagsblomar har eg sådd kvart år, i år breisådde og prikla eg. Det vert nok første og siste gongen. Vel er eg utstyrt med stort tolmod når det kjem til prikling, men desse var ikkje gode å ha med å gjere. Men no er dei i god vekst, ingen av dei tørka opp i jordskorpa, så eg fekk det til.


Ein låg og kompakt sort tomat som heiter Vilma, den kan stå inne og ute i potte og vert ikkje høgre enn 30 cm.


Dette er dei store tomatane, som eg har bestilling på.


Lobelia, tagetes, puslingkrage og nokre stauder. Desse har eg flytta ut, og no i kveld har eg dekka dei med fiberduk.


Slik ser det ut i veksthuset no, pottevis med georgineknollar som står og godgjer seg til sommaren. 


Så har eg planta opp ein del amplar, denne har fått lobelia i fargeblandin og blodbeger. Har fleire tingingar på desse.


Cosmosen står attemed drueplanta. 


Endå ei knollgeorgine, det vert ei stor kraftig plante av denne vesle potta.


Aquilegia, akeleie, i mange variantar klar for sal og bed.


Eg og mange av kundane mine har fått smaken på månadsjordbær, Fragaria vesca. I år har eg sådd heile tre sortar, dette er Mignonette som skal passe god i ampel.


Skrytebilete av sjølvsådd pion, i dag prikla eg to små planter frå frø eg sådde i august 2011. Det er tolmodsarbeide dette, men akk så godt å halde på med.


Utsikt frå gangdøra i dag, det vert litt lubnare i beda, bøane har fått litt grønfarge og trampolina er montert.
God søndag!



lørdag 11. mai 2013

VÅRONN I ROSEBEDA

''

No skal eg ikkje skryte på meg at det ser slik ut i rosebeda mine, det er knapt nok nye skot.
Men altso, i dag har eg vore ute med saksa og alle rosene har fått ein god stuss, og det det ser ut til at alle buskene har overlevd. Så det vert nok ein vakker rosesesong i år og. Eg gler meg.
Eg kan ikkje hugse at eg har vore så seint ute med å få stelt rosetrea som i år, bjørka har såvidt fått eit skjær av grønt og i går slo mannen min plenen. Det var atskilleg mindre å slå i år enn i fjor då han slo i mars. 
Eg reknar med det kjem ei ny oppdatering seinare i dag, men dersom det skulle svikte så:
YNSKJER EG DOKKE ALLE EI RETTELEG GOD HELG!

fredag 10. mai 2013

KJØKKENHAGE I KARMAR



 No er eg den lukkelege eigar av det som skal verte grønsakhage i karmar. Den gode mannen min har bygd 4 karmar der han brukte nokre brukte vindauge som skal fange varme. Dei vert brukte neste år for å varme opp jorda slik at eg kan så tidlegare enn i år. Her er karmane fylte av jord, hestegjødsel og litt lauv og anna frå våroppryddinga i hagen. Karman er laga av trykkimpregnert materiale, difor har vi kledd dei innvendig med plast. I såfurene har eg fylt jord og sand slik for at ikkje dei nye røtene skal verte brende i hestegjødselen. 
 

Her er det frø av to sortar gulrot, 'Resistafly' og 'Amsterdam Forcing 3', to sortar raudbete, 'Burpees Golden' og 'Bolivar'. Dei har lege til bløyt i omlag 4 timar, så silte eg dei i tesilen før eg la dei på tørkepapir.


Dette er pallekarmar som eg har kjøpt på ein fabrikk som lagar pallekarmar, og her har eg sådd gulerøtene og Salat, 'Baby Leaf Mix'  i midten. Vi har lagt not over alle kassane i dag, for at ikkje kattane skal verte altfor freista til å ta dei i bruk som toalett, seinare skal eg ha fiberduk over.


Her har eg sådd to sortar pastinakk, 'White Gem' og 'Gladiator', den eine kan haustast tidleg, men begge kan stå i jorda til våren. Til høgre i denne karmen skal eg så bondebønne, 'Witkiem'.


Salat av mange slag: Isberg Great Lakes 118, Plukksalat Salad Bowl og Rucola.


17. mars sådde eg Pak Choi F1 'Joi Choi' og Grønkål 'Nero di Toscana' inne, dei har vokse seg store og fine før utplanting, så direktesådde eg ei rast i midten med Sareptasennep 'Green in Snow'.


I denne karmen har eg sådd fennikel 'Fino' og raudbetane.

I den fjerde karmen har eg to sortar lauk, raud og gul.

søndag 5. mai 2013

STILLSTAND


Dette viser med all tydelegheit at lite har skjedd på ei veke.
Men optimisten, eg, les veirmeldingar frå Storm og Yr, og neste sundag skal det ha skjedd noke.
Ynskjer alle ei varm veke!