mandag 25. juli 2011

Blomar i sorg og glede

Eg kjenner at eg kan ikkje gå vidare med blogginnlegg før eg har markert tragedien som råka oss alle så brutalt fredag 22. juli.
Eg har tilliks med resten av nasjonen vore vitne til og delteke i sorg og sjokk, og eg ser korleis vi yttrykkjer vår måte å delta i sorga.
Plassen utanfor Domkirka i Oslo er eit hav av blomar, lys og flagg. Dette er symbol som føl oss frå vogge til grav og som er sterke symbol når ikkje ord strekk til.

onsdag 20. juli 2011

Agurk frå drivhuset


Dette er årets første etandes frå drivhuset. Det er ein frilandsagurk som heiter Market More. Det var igrunnen litt lite smak, men han var iallfall ikkje beisk som eg ofte tykkjer kjøpeagurk kan vere. Eg har drivhusagurk og, men dei agurkane er for små til å hauste, men om ei lita veke er dei nok etandes. Plantene i drivhuset er veldig kraftige iår, det ser ut til at det kan verte godt med tomatar.
Vi har såvidt ete litt jordbær, åkeren er liten og det er ikkje det beste veiret for jordbær. Eg har god avstand mellom plantene så bæra er fine og gode.
Posted by Picasa

søndag 10. juli 2011

Markblomstrar

 Blåklokke, ho er vanleg i heile landet, men variabel i Nord-Norge. Ein blome som eg har vore glad i så lenge eg kan hugse. Det har aldri vore overflod av blåklokker der eg har ferdast, men dei har dukka opp mange plasser. Blåklokka er sommarblomsten, den kjem ved midtsommar og står ei stund utover. Fin å plukke med i ein bukett markblomstrar er ho og. Det har ikkje vore lett å velje kandidat til Frøken Markblomst for det er mange fine og dei aller første barndomsminne når det gjeld blomar knyter seg til markblomstrene. Eg har til liks med sikkert alle barn plukka bukettar til ei bestemor og sett kor stor glede og beundring den svette vesle buketten vekte. Då som no veit eg at beundringa var heilt ekte. Og blåklokka var nok nesten alltid med i buketten, sikkert berre med ein stengel eller to, men den var nok med.
 Tiriltunge er eit anna barndomsminne, den gule fargen er til å verte glad av og so er ho å finne dei fleste plasser der eg ferdast.

 Geitramsen har vorte vanleg her i dei seinaste åra. Ei høg og staseleg plante som kjem i hogstfelt og langs vegkantane tilliks med røvebjølla. Like i fargen er dei og, men eg har ikkje våga å ta geitramsen inn i hagen. Røvebjølla derimot får lov å vekse der ho vil.


BLODBEGER


Dette er blodbeger som er sådde av frø som eg sanka i 2010. Eg fekk svært god spiring og etterkvart så har plantene vokse seg store og fine. Denne står ved gangdøra, dei andre har eg planta i amplar rundt omkring, dei er litt mindre enno på grunn av all vinden som har ruska i dei. Dei var sådde 11. januar og eg prikla 41 planter i mars. Eg har planta 3 - 5 i kvar potte. Blodbleger kjem heilt sikkert til å vere fast på sålista heretter. Det er knapt anna plante som gjer så mykje av seg med lite stell når dei først er komne i gang.
No skal vi ha ei ferieveke i Haugesund hjå familien, så får vi sjå korleis det står til i hagen når vi kjem heimatt. Eg har ordna meg med tilsyn til hus og hage, så alt går nok bra. I Haugesund må eg nok ein tur på favoritthagesenteret mitt, Spanne. God sommar til alle hageglade.
Posted by Picasa