onsdag 8. desember 2010

Juleførebuingar

Eg pussar messing og sølv som ein del av juleførebuingane kvart år, enten det er trong for det eller ikkje.

Eg har vore innom mange ulike merke, og vore rimeleg nøgd kvar gong , MEN NO har eg funne supermiddelet. POL heiter det og er for alle metallprodukt. Eg har ikkje sett det før, men det skal visst vere omtala i Familien.  Eg kjøpte det på ein butikk for antikvitetar og dei prisa det opp i skyene.  I dag har prøvd det og aldri har eg hatt så fint sølv og blank messing før.  Lett å bruke var det og.

mandag 22. november 2010

FJORÅRETS RIDDERSTJERNE

Posted by Picasa
Testing på å leggje inn bilete.

HAGEBLOGGEN MIN

Dette er i første omgang ein blogg der eg vil skrive litt om kva eg gjer i sårommet, drivhuset og hagen. Det har kanskje berre mi eiga interesse, men det kan vere godt å ha oversikt ein stad, så får eg sjå kva det kan utvikle seg til.

I dag er det klart og 0 grader. Alle bed er frosne, utan at det er kome snø, men eg trur det er sterke stauder så det vil truleg gå bra. 
Eg tenkjer at denne vinteren vil eg bruke til å lese så mange hagebøker som råd, for å lære om planter, stell og formeiring. Eg skal og lære meg meir om å lage blogg, slik at den kan verte så bra at det vert kjekt å bruke den og eventuellt at den kan verte til inspirasjon for andre hageinteresserte med tida.