fredag 30. august 2013

GEORGINE I UTVIKLING


Denne georgina har vore knollgeorgine i 3 år, etter at eg sådde ho som frø i 2010. Ho har heile tida hatt enkle blomar som blomen nede i høgre bildekant, men no er ho plutseleg komen med mykje større doble blomar. Biletet er frå same plante, teke i kveld, og ikkje manipulert. Er det andre som har hatt liknande erfaring? Eg har ikkje lagt merke til det før.

torsdag 29. august 2013

SISTE VEKA I AUGUST

Her kjem ei samling av litt av det som no er fint i hagen min. Eg har masse stauder i potter som skulle vore planta ut no, men forma er ikkje den beste, så det får vente. Men ei runde med fotografering er jo kjekt.




No er solsikkene på veg mot himmelen og eg treng stige for å fotografere dei, men eg har utsikt til dei frå stoveglaset og der ser dei flotte ut.

Det må nok verte meir oppstamma roser i hagen min, dersom eg skal få plass til alle staudene eg har lyst til å prøve.

Like før desse, duehode, er i full blomst.

Det er ikkje alltid at pottene med sommarblomar er fine på denne tid, men desse to pottene her kjem til å vere fine langt inn i hausten.

Noken humler er så berusa av nektar at dei berre klamrar seg fast og heng der.

 Kubjøllene brukar alltid å kome med ein par blomar i august.
 I fjor kom eg over Susanne med det sorte øyet på ein blogg, og då likte eg henne så godt at ho kom på sålista i år. Eg hadde gule og African Sunset, eg planta alle i støtta som eg laga til solsikkene, dei har ikkje vorte så høge, men fine er dei.
Endå varer sesongen for månadsjordbæra lenge, ein god munnfull kvar dag.

Her skal det liksom vere eit rosebed, men det er det ingen som ser. Kongslysa har teke heilt overhand, desse er attpåtil ei staude som kan verte endå større neste år. Nei her må eg nok fram med spaden så rosene kan få vise seg fram att. 
Under kjem fleire fargar av sommarflox.





Clematis Rouge Cardinal, denne har eg planta ilag med New Dawn og eg har håp om at dei skal klatre i ein apal. No har eg ei potte med forskjellige sommarblomar attmed, og eg kan sjå på biletet at ein knopp av blodbeger har plassert seg på eine klematisblomsten.
I dag har eg mi første runde med tomatar kokt i olje på gang i steikeovnen, det er ei herleg lukt som fyller huset. 
Ha ein god torsdag - og takk for alle hyggelege kommentarar som de legg att på bloggen min.

onsdag 28. august 2013

ER DETTE MELON?


I vår sådde eg to sortar melon, Honey Dew og Minnesota Midget, og no har eg ei plante i veksthuset. Dei andre tykte det vart for kaldt då eg planta dei ut. Planta kom med rikeleg blomar, men det var berre hoblomar såvidt eg kunne sjå, så då vart det inga ykt med sokalla handpollinering frå mi side.
To av blomane har allikavel kome med frukt, desse to, som først var grøne, til forveksling like agurk, men som no er byrja å verte gule. Eg er spent på om det er noken som kan seie meg om eg kan forvente melonar av desse, eg trudde at dei skulle vere runde i heile utviklinga. 

fredag 23. august 2013

KVA SLAGS DANS ER DETTE?

I dag tok eg meg ei runde med fotojakt på blomar og insekt. Då såg eg dette paret her. Eg må vedkjenne at eg har vanskar med å identifisere mange av insekta eg ser, så der må eg vente å sjå om noken kan gje meg info om det. Den eine var ivrig oppteken av å samle pollen, og fauk ivrig frå blomst til blomst

 den andre var like ivrig til å følgje med, men ha stod still i lufta rett over

 Her er det like før han fekk ein treff på den under og forsvann,
Den andre heldt fram som ingen ting og samla nektar. 

VILLGEORGINER

Eg vert meir og meir begeistra for villgeorginene mine, Dahlia coccinea. Ikkje fordi at dei er så spesielle korkje i farge eller variasjon i blomsten, men dei er veldig blomsterrike, på kraftige stenglar. Blomstrene står lenge og dei tåler regn. 










Insekta er og veldig begeistra.

tirsdag 20. august 2013

1000 opne hagar og Give Away hjå Marit


Sundag var det Hageselskapet si markering av 1000 opne hagar. Hagen min var ikkje med der, men eg var på besøk i ein hage. Vertinna for hagen vart mildt sagt overrumpla då eg ringde på døra og inviterte meg inn i hagen, for ho hadde meldt frå om at ho kunne ikkje delta i år. 
Men ho var sporty og inviterte meg på ei runde i hagen, noke eg sette stor pris på. Ho har mange rosetre, både slyngroser og buskroser, men alle dei var tydeleg prega av at vi har vore mottakarar av mange mm nedbør i det siste. Ho gav meg denne rosegreina som står i ein fløytemugge og fyller romet med den herlegaste roselukt.
Marit har utruleg mange jarn i elden, stadig full av ideear og innfall, noke som gjer at det alltid triveleg å ta ein tur innom bloggen hennar. Denne gongen har ho fått tak i fuglehus som ho inviterar til Give Away på.
Eg vil sjølvsagt vere med på den, eg har rikeleg med potensielle leigebuarar som vil flytte inn i eit sånt flott hus. 


fredag 16. august 2013

LETT AUGUSTBLANDING


I vår sådde eg asparges, den spirte 100%, så no har eg 177 aspargesplanter. Dette er litt av alle pottene. Eg er spent på om dei overlever vinteren. Dersom så skjer så har eg rikeleg for eige bruk og for salg både her på bloggen og til dei kjem innom for plantehandel. Eg har potta dei opp i 10 cm potter for vinteren og det er mellom 2 og fire spirer på kvar plante.

 Solhatten er ei fin plante for seinsommaren.

Desse, Verbascum nigrum, Album, er i blomst for første gong i år, dei er fleirårige, og det står å lese om planta at dei kan verte ei stor tue etterkvart. Eg tykkjer dei er ei stor tue alt etter første året. Men dei er absolutt dei finaste kongslysa eg har sett.

Eg har sådd denne Amaranten i fleire år og vore like fornøgd kvar gong, men i år har dei gjort ein ny vri, ingen stilk, berre blomen som kjem rett opp frå jorda.

 Flott blanding med Amarant, Purple Amaranth og makedoniaraudknapp. Den siste er ein vevar, noke som til fulle viser på dette biletet og det under.


Heldigvis så har eg ein blomstervillig makedoniarudknapp for pyntekorga har fått alt for mykje gjødsel, dermed er det sparsomt med blomar.


Utsikt frå gangdøra 15. august. Eg har lenge sett at eg må gjere noke her i framkant, men er framleis på leit etter god løysing.

Det er siste året denne klematisen har bakgrunn i raudt og blått. No har huset skifta farge til heilt kvitt. Dette rekkverket er så dekka av klematisar at det lyt vente med oppgradering til våren.
For dei som er interessert så har eg oppdatert salgslista oppe i venstre hjørnet.
God helg til alle hagevenner, og lykke til dersom det er noken av dokke som skal ha open hage på søndag. Eg skal ikkje ha open hage, men har ein plan om å besøkje ein.