onsdag 29. februar 2012

Med håp om ein god tomatsesong


Dette biletet er frå 24. juni 2011, og i dag har eg lagt grunnlaget for sesongen 2012.
I tillegg til sortane eg sådde i fjor så har eg sådd:
  • Black from Tula, frøa er kjøpte hjå Impecta og vert i Sverige rekna som ein kulturarv frå seint 1800-talet. Kan plantast både ute og inne.
  • Marmade VR - Plantasjen. Kan plantast både ute og inne.
  • BAlkonzauber - Plantasjen. Kan plantast både ute og inne.
  • Ace 55 VF - Plantasjen. Veksthustomat.


torsdag 23. februar 2012

SNART ER DET VÅR

 Akeleiene er mellom dei første som viser at våren er i anmarsj, dei står med nye skot så snart snøen tinar.
 Denne har eg vist før, det er Helleborus corsicus/argutifolis, og eg er veldig spent på om det som viser seg her kjem til å verte blomst. Den har vore slik i heile vinter.
Snøklokkene har ikkje opna seg enno, men knoppane er der og då er det berre å vente på sola så tenkjer eg at dei er klar til å skine.
Vi har hatt veldig vekslande veir i det siste, med snø og regn og litt sol. Snøen som kom sundag er no vekke att og i dag er det 6 C ute, overskya og vindstille.

onsdag 15. februar 2012

Isrose


No har eg vore med i alle delane av Anne på Moseplassen sin x-faktor-konkurranse utan at rosene har vore presentert. Knapt nokon kan seie at dei ikkje har eit forhold til roser i ei eller anna form. Utan å vere for bombastik så må det vere den planta som vi er mest omgjevne av enten det er på dynetrekk, på koppar, i vase, på maleri, på kaker, i vegkanten i hagen eller alle andre tenkelege eller utenkelege stader. Naturen skapar sine eigne isroser av berre vatn, men her er det ei rose som er pynta med is.
Eg elskar rosene mine, i slutten av april så klipper eg dei ned så pass at sjølv naboen tykkjer det er i meste laget. Så får dei naturgjødsel  i mai, juni og juli, i tillegg til det får dei gjerne litt beinmjøl og plengras. Når lusa gjer sitt inntog så dreg eg over med fingrane eller spyler med litt vatn. Så går eg der og ventar og ser etter den første knoppen skal opne seg og det er eit like stort under kvar gong, sjølv om det skjer kvart år. 
Etter det så gler dei meg kvar dag med dei mest vidunderlege velforma og velluktande blomar heilt til frosten set stopp. Eit kriterie for å komme inn i hagen er at dei luktar og helst remonterar så då går eg der med sekatøren og klypper av dei som er avblomstra for å late energien gå til dei nye knoppane og eg er heilt rusa av roselukt. 
Dersom det skal lagast festkaker i løpet av sommaren så er dei sjølvsagt pyta med roser. 

tirsdag 14. februar 2012

Medlemsskap i STA

For nokre veker sidan sende eg innmelding til STA, svenske hageamatørar. Grunnen til at eg melde meg inn var at dei har ei rikhaldig frøliste med mange spennande stauder, nesten 2500 namn, i 2011. I dag fekk eg det siste medlemsbladet som kom ut i 2011 som inneheld frølista og masse spennande hagestoff. Eg har ikkje lese noke enno, men sett at det er gode bilete med tekst til og eg gler meg til å lese. Eg trur det skulle vere 4 nummer som kjem ut i året.
Eg håpar det vert eit langt og givande medlemsskap.
http://www.tradgardsamatorerna.nu/
Omslaget till TA 4/2011

Dette er framsida på siste medlemsbladet som kom ut i 2011.

mandag 13. februar 2012

Første dag med prikling i 2012

 Dette er spirer av Rhodochiton atrosanguineus, Blodbeger av frø som eg sanka i 2010
 Dette er spirer av Asarina, rosa frå frøboksen
Potter med spirande Lobelia

 Prikleplanter av Blodbeger, 27 stk og Asarina, 28 stk


 Liularia sibrica, desse har kraftige spirer og det vert store kraftige planter på opptil 1,5 m. Dei likar seg i fuktig jord. Den naturlege vekseplassen for desse kjempene er Vest-alpane, Ural, Sibir og Japan.
Codonopsis clematidea, porselensklokke, frøa har eg bytt til meg frå frøbyte i hagelaget og eg trur alle frøa må ha spirt for eg har prikla 35 små spirer med kraftige røter. 

I dette begeret har eg sådd fleire sortar Lobelia og det vart 38 priklepotter.

Dette er prikla, 15 stk, Ligularia siberica, sibirnøkkeltunge. 

Ja så då er eg igang med galskapen. Eg hadde eit forsett om at eg ikkje skulle prikle meir enn 24 planter av nokon sort, og lobelia skulle eg iallefall ikkje ha så mykje av. Vel frosetta mine er brotne etter første prikledag, så får vi sjå seinare, plassmangelen vil vel setje ein stoppar for galskapen. 

Mure ??



Her er kandidaten som skal delta i X-faktorkonkurransen Orange. Eg må vedgå at eg slett ikkje er sikker på kva slags art dette er, men reknar med at det er ein Potentilla. Dette er den som er i alle hagar her rundt omkring og det ser ut til at dei tåler det meste. Eg likar dei godt, kanskje aller mest på grunn av det fine bladverket, men og fordi ho kjem trufast med orange blomar heile sommaren, dersom eg passar på å ta vekk dei som er avblomstra. Fin til botndekke.  Lykke til i konkurransen.
Dersom nokon kan gje meg eit hint om identifikasjon så er eg takknemleg.

søndag 12. februar 2012

Klematis


Lilla, seier Anne på Moseplassen, skal vere fargen for dagen. For meg er det litt vanskeleg å seie at ein farge er blå, lilla eller rosa og eg hadde bruk for litt hjelp til å sjå om eg verkeleg har lilla i hagen. Eg tykte det var mest rosa og blått, men som med litt godvilje kanskje var lilla. Så dukka denne klematisen opp mellom den kvite stokkrosa mot ein blå bakgrunn og då var eg ikkje i tvil lenger. Lilla er han og vakker er han og var veldig fin der han snodde seg i dei kraftige stokkrosene. Eg trur der er Rouge Cardinal, men er slett ikkje sikker. Men uansett så er han kandidaten min til X-faktor konkurransen.

Så ynskjer eg alle lilla-bloggarar ein god sundag og for dei det gjeld ein god morsdag. Eg er så heldig å ha besøk av barn og barnebarn og no skal eg nyte dei resten av dagen!

torsdag 9. februar 2012

Georgine - Dahlia


No har eg nett sett igjennom dei som har meldt seg på til X-faktor rød. Der var det jammen mange flotte kandidatar. Men eg tykkjer at min er den vakraste av alle og meir utfyllande forklaring er det vel neppe trong for.

Eg vil gjerne takke alle som har kome med positive og gode kommentarar til kandidatane mine. Eg har likt denne konkurransen spesielt godt, fordi at denne gongen er det ikkje fotografen si dyktigheit som skal vere avgjerande. Eg likar godt å ta bilete av plantene i hagen min og bileta er som regel gode nok til mitt bruk. Men eg kan trygt seie at eg mange gonger vert stum av beundring når eg ser mange av dei flotte fotografia som vert vist på bloggane, anten det no er blomar eller natur.

tirsdag 7. februar 2012

Ranunculus aconitifolius L.’Flore Pleno’ Duppsoleie



Denne har eg hatt i hagen i omlag 20 år og eg henta den heim frå Mariahagen. Biletet er nok ikkje av ein slik kvalitet at det yter planta rettferd, ialle fall dei fantastisk velforma blomane. Biletet er teke den 14. mai og då står ho på det finaste. Planta har vokse seg stor og kraftig i hagen min, der står ho i kraftig, fuktig jord som får godt med kompost. Ho er på sitt finaste i mai, og etter blomstring klipper eg ho heilt ned og då er det plass til andre vekstar. Ettersom dette er ei plante på Plantearven si liste så deler eg ho opp og gjev vekk til dei som måtte ynskje. Ho set ikkje frø, men om det er fordi her ikkje er insekt som kjem til å bestøve eller ho mangler anlegg, det veit eg ikkje. 
Denne tykkjer eg fortener sin plass mellom dei kvite plantene som skal delta i X-faktor konkurransen til Anne på Moseplassen og eg ynskjer hene lukke til. 
Du kan få meir informasjon om planta ved å klikke på linken under. 
http://www.plantearven.no/flora-pa-nett/slekter-og-familier-med-flere-arter/ranunculus-hvite-dupper-og-gullknapp/hvite-dupper-duppesoleie/
                                                      

søndag 5. februar 2012

Tiriltunge


Den som skal representere dei gule blomane i Anne på Moseplassen sin X-faktor er Lotus corniculatus eller Tiriltunge som er det mest nytta namnet.  Dette er planta som eg forbind med sommar og ein tørr sitjeplass. Ho ser ut til å trivast der andre får vanskar med å overleve. Ho er valgt til kommuneblomst i Fredrikstad. Det er ikkje har visst om planta før eg googla ho i dag at ho har vore brukt til te og som brennvinskrydder då skulle den ha effekt på magen, rota vart nytta som blodrensande middel. Planta vart brukt som omslag på juret til kyrene dersom dei fekk infeksjon i juret. Brukt som plantefargemiddel gav h ein fin gul farge. Eg hugsar eg tykte det vart dumt at ho ikkje hadde blomsterstengel slik at eg kunne bruke henne i markblomstbukettane eg laga som barn, men det er ei plante eg vert glad av. Så no ynskjer eg henne lykke til i konkurransen!

fredag 3. februar 2012

Lobelia - Blå


I dag er temaet i Blått i X-faktor-konkurransen til Anne å Moseplassen. Då er er valget utan tvil Lobelia, den sår eg i januar og passar og priklar og tynner ut og klipper ned og renskar vekk det som får mugg før eg endeleg sit att med den finaste potte med lobelia som eg plantar i amplane på veggen mot nordvest og som sjelden ser sola. Der vert dei planta ilag med Fuksia som og trivast der det ikkje for mykje sol. Der heng dei og prydar opp i utekroken vår som vi brukar når sola er for varm om ettermiddagen og når vi nyt dei siste solstrålane om kvelden. Kombinasjonen lobelia/fuksia er prima, den eine veks opp og ut og den andre veks ut og ned. Dei vert finare og finare utover sommaren og dei er dei siste som tek farvel når eg ryddar pottene om hausten. Så Lobelia er så klart favoritten min.
Dersom eg ikkje hadde vore so glad i Lobelia så hadde valget vore vanskelegare, men mellom favorittane mine då hadde desse vore: blåklokke, storknebb og alpeklematis.





onsdag 1. februar 2012

Prima Ballerina


Prima Ballerina skal prøve seg på ball i lag med mange rosa yndfulle fargeklattar i X-faktor konkurranse hjå Moseplassen. Eg vil sjå den kavaler som ikkje byr opp til dans når denne frøkena viser seg fram og eg ynskjer ho lukke til i konkurransen!