torsdag 22. mai 2014

MAIBLOMSTRING


No skjer det så mykje rundt meg at blogging kjem langt ned på lista. Men her kjem litt av blomstringa no. Dette er ein Meconopsis, som eg ikkje er heilt sikker på arten, lappen er sjølvsagt over alle vidder.


Sist ut av Pulsatilla. Denne er og ukjend.

Aquilegia flatabellata Alba


 Dodecatheon
 Meconopsis dette og, den er heilt lik den over med unnatak av fargen.
 Her står plantene attmed einannan.
 Duppesoleia har fått ein fiolkongslys framfor seg.
 Dei vanlege valmuesøstrene, Meconopsis baileyi, har eg mange av både blå og kvite og no har dei starta blomstringa.


Dei vanlege kongslysa er og i gang såvidt med blomstringa.
God helg til alle bloggvener!

onsdag 14. mai 2014

Paeonia veitchii, veitchpion




 

Denne har eg fått fram av frø, og det er min første eigenproduserte pion som blomstrar, og eg er kry som ei høne.
Han var prikla i 2012, så det har gått ganske radig, men så skal dette vere ein av dei enklaste pionane å få til. 
Susanna Widlundh seier i boka Pioner at alle må unne seg minst ein pion i hagen, og for den usikre så kan det vere greitt å starte med Paeonia veitchii. Det er ein villpion , opprinneleg frå Vest-Kina og er svært herdig.
Blomstring i mai med to til fleire blomar på kvar stengel. Fargen kan variere frå lys rosa til ein blåraud nyanse. Bladverket får vakker haustfarge. Det er ei svak roselukt av den eg har i hagen. 
Høgda er omlag 50 cm, og den treng nok ikkje å verte bunden opp.
Blomsten er nedoverbøygd, så eg måtte legge meg på bakke for å ta biletet, men eg har vel godt av litt bøy og tøy.

fredag 9. mai 2014

TULIPANBLOMSTRING

Tulpanbedet mitt er veldig flott, tykkjer eg. For eingongsskuld så har eg fått tulipanane ned i jorda slik at fargane harmonerar. Når tulipanane er avblomstra så tek eg dei opp og lagrar dei til hausten. I mellomtida så er det knollgeorginene som rår plassen. I år vert det ein del knollgeorginer, men mest villgeorginer som eg har fått fram av frø.









Dette er utsikta frå gangdøra i går. Akeleiene er snart i full blomst, mange av pionane har fått farge på knoppane og eg trur at valmuesøstrene står og med store knoppar.
God helg til alle som er innom!