mandag 21. november 2011

FRILANDSTOMAT I NOVEMBER


Naboen kom nett innom med tomatar av Gardeners Delight som har har hausta i dag på terassen sin. Han kjøpte to planter av meg i sommar og med den traurige sommaren som var så var det treg start, men med den milde hausten som vi har hatt no så kan han plukke tomatar - gode er dei og. Så vi er nok mange som altfor tidleg har kassert tomatplantene våre. Ha ei god haustveke.

tirsdag 15. november 2011

RIMFROST

 Dette er truleg ei solsikke frå fuglefrø, altfor sein for denne sesongen, men flott i vinterprakt.
                                                            Timian er utruleg vakker med rim på.

 Rosa er så tung av rimfrost at ho nesten brotnar, men jammen har naturen pynta ho vakkert.

I natt kom frosten, men det er første morgonen med skikkeleg frost, og det har vore kaldt idag. No har eg fått dekka til staudekassane og den siste potta med blodbeger har fått plass på planterommet.
I går smakte eg på den første og kanskje einaste Physalisen som modnar og den var GOD. Eg har ikkje overvintringsplass til planta i år, men eg reknar med at neste år så har vi fått eit rom som passar.

mandag 14. november 2011

Heilt i skodda






I dag har det vore skodde som har vore ganske tett heile dagen, og før første gong har eg teke bilete der skodda var ein del av motivet.
No har eg pakka ned Kirsti blodsdråpte, pelargonia og noken forsøk på blodbeger og bacopa ned i isoporkassar ilag med mose og sett dei under kjøkkengolvet.  Så har eg stabla alle kassane med småplanter ihop og skal dekke dei med plater slik at dei held seg tørre igjennom vinteren.
I dag har det vore 4 - 5C og no klokka 19.38 er det 1C. Det ser ut på meldingane framover at det no vert kjøligare og greitt er det, for no er eg igang med førebuing av julematen innomhus.
Men enno har eg ei runde att med staudesådd, eg ventar spent på at det vert min tur til å få frøboksen i hus.

søndag 6. november 2011

NOVEMBERBLOMSTRING

Denne potta har vore verkeleg fin i heile sommar og heilt inn i hausten, eg veit ikkje kva slags blomst dette er og ville vere takksam dersom det er noken som kan gje meg eit tips.

 Pyntekålen er sjølvsådd, men fekk altfor lang stilk til at han ville pynte i potte så dei står  ved drivhuset og er fine når eg ser rett ned på dei-
Ei potte med lobelia og blodbeger som er til pynt enno.


Tusenfryden som eg sådde i sommar er med å lyser opp i haustmørket.

                                                            Det same gjer solhatten.

Dette er ei forvirra kubjelle.

Cosmosen blomstar og enno.

No har vi hatt nokre fine dagar, det har vore mellom 12 og 15C både dag og natt. I går regna det, men no er det fint måneskin og 6,4, det vert nok lægre nattetemperatur til veka.  Eg har sådd ein god del staudefrø, først sto dei inne på planterommet, men no har eg plassert dei bak uthuset. Eg gler meg til ei veke med fint haustveir, då skal eg plante enno litt stauder ut i beda og dei som eg då ikkje finn plass til skal eg stable kassane og legge bølgeblekk over så dei held seg tørre.
Då ynskjer eg alle som er innom bloggen ei god haustveke!