onsdag 25. april 2012

APRILRAPPORT

Dette er Helleborus corsicus/argutifolius  som eg sådde i januar 2010 og som eg har skrive om tidlagare, no står den første i blomst, dei andre har knoppar og så dei kjem nok litt seinare. Blomane er mest grøne og er ikkje mellom dei som lyser opp i bedet, men eg tykkjer ho har sin sjarm og ho har kraftig flott bladverk. Det er mange knoppar på kvar  stengel. Eg har tidlegare skrive at denne har varigerte blad, det har ho for såvidt enno, men no er dei meir einsfarga.

I drivhuset er det ganske fullt, men eg skal no klare å sprenge inn nokre planter til, i tillegg til at her er masse planter som må få eit nummer større potter. Eg har montert opp ventilen som regulerar takluka, så har eg varmeomn på om natta.

Desse pottene gjorde eg klar til påske, og hadde eg ikkje visst betre så kunne eg trudd dei var av plast, det har vore så kjølig at det har vore lite utvikling. Dei står attmed gangdøra og der skin sola frå sør, i tilfelle ho skin, så det pleier ikkje vere så lenge før slike potter seier takk og farvel, men denne kan godt stå litt til. No er det endeleg meldt om litt meir sol, så då må potteinnhaldet bytast ut snart.
 Eg skreiv i bloggen for ein månad sidan at vi hadde slege plenen, det var heilt sant, men no kan eg legge til at etter den tid har plenklipparen stått stilt.
I 2011 starta eg med å ta bilete frå gangdøra, det vil eg halde fram med i år ogso, for det viser tydeleg utviklinga som skjer i hagen. 

Desse flotte oxalisane var med Engletrompeten som eg var så heldig å vinne på Marit sin blogg. Eg tykkjer at fargen på desse var utruleg flott, så desse knollane skal få like stor omsorg som engletrompeten. Engletrompeten har eg no potta opp i ei stor potte og han ser verkeleg ut til å trivast. Han står inne i drivhuset enno, kanskje kjem han på plass ved gangdøra til sommaren. Eg gler meg til å sjå han i blomst, eg har nemleg berre lese om engletrompetar så no skal eg endeleg sjå dei og lukte på dei. 

Det er ikkje så mykje som blomstrar i drivhuset enno, men det er heilt greitt, det kjem nok etterkvart. Lobeliaene er såvidt igang med å blomstre, eg brukar å kutte dei ned nokre gonger for å få tette fine planter, men noken knoppar sparar eg for å glede meg over litt blomar. Det er egentleg mykje arbeid med å få fram fine lobeliaplanter, og i fjor bestemte eg meg for at i år skulle eg ha mykje mindre, men frø og planter lever litt sitt eige liv, og i år fekk eg voldsomt tilslag på spiringa -   så då så.

I fjor sådde eg Nicotiana alanta utan å få spiring, men eg ville ikkje gje opp, for det er planter eg likar, i år sådde eg Nicotiana langsdorfi, Cream Splash og Nicotiana x sandrae, Fragant Cloud, (biletet) og dei har spirt villeg vekk og veks gjer dei og.

 
Dette er spede spirer av ulike artar Paeonia som eg har fått fram frø frø. Eg har nokre fleire frøpotter med peonfrø som eg ventar på.
Dette er Schizanthus wisetonensis, Hagesplittblomst, ein heilt ny sommarblomst for meg. Den vert og kalla fattigmannsorkide fordi blomane vist skal likne på orkidear. Dei har iallefall stor vekstkraft så vert det spennande å sjå korleis den kjem til å klare seg til sommaren.

Det har vore travle tider i drivhuset no, så når kvelden kjem så vert det fort leggetid.Det har vorte lite tid til å lese hagebloggar, som gir meg så mykje, og endå mindre til til å skrive kommentarar. De får bere over med meg, vi har det vel travelt alle, vi får ta det att til hausten. No brukar eg iallefall alle krefter ute i alt som spirer og gror. Det er og så godt å høyre på alle småfuglane som er travelt opptekne med alt sitt no i desse tider. 
Til alle som måtte vere innom bloggen så ynskjer eg dokke ei god veke og ein god vår, og takk for alle positive og hyggelege kommentarar som de legg att!