PLANTER FOR SAL 2015

No har eg laga eit oversyn over plantene som eg har for sal no. Det vart veldig seint i år, men sidan musene åt opp mesteparten av fjorårets produksjon så måtte eg vente til dei som eg har prikla i år fekk vekse seg til.  Staudene på lista her har flytta ut av priklepottene, og nokre er komne over i både eitt og to nummer større. Det er berre Amsonia tabernaemontana som er frå 2014.
Meconopsisane og Pardancanda norrisii er små enno, men fullt i stand til å flytte i bed.

Er du interessert så send ein epost til else53@hotmail.com med tinging. I tillegg til prisen for plantene så må porto betalast. Pengane kan overførast til konto når de har fått plantene og ser at du er nøgd.

Acinos alpinus 
Vintergrøn låg staude (10 - 15 cm) som blømer med purpurblå leppeblomstforma blomar i juni til august. Sol.      Kr 20,-

Allium cernuum - prærielauk  
Blømer i juni - august med fine rosalilla blomar som heng i klase. Høgd 30 - 50 cm. Sol. Denne er veldig liten enno, og har ikkje flytta ut av priklepotta.    Kr 20,-

Allium tuberosum - kinagraslauk
Denne har eg sådd fordi lauvet smakar kvitlauk, men på langt nær så sterkt som vanleg kvitlauk. Heile planta kan etast, blada kan tørkast eller frysast. Vert 35 - 40 cm og vil ha sol.    Kr 20,-

Allium wallichii - himalayalauk  
Denne har eg fordi den ser ut til å få ein fin purpurblå kuleforma blom på 5 - 7 cm i diameter  på seinsommaren. Det er ingenting i vegen for å nytte han som matplante, lauvet smakar av kvitlauk.      Kr 20,-

Amsonia tebernaemontana - amsonia 
Denne kjem frå det austlege USA og er vinterherdig i Noreg. Ho får lyseblå blomar i juni - juli. Ho tåler truleg vegsalt ettersom Norsk Gartnerforbund har ho på lista over tilrådde planter i rundkøyringar og veganlegg. Ho vert 60 - 70 cm og dekkjer godt.       Kr 30,-  

Anemone sylindrica 
Dette er ei Anemone son noken seier kan verte heile 80 cm, vel og merke blomsterstengelen. Ho har bladrosett som held seg nede ved bakken. Blømer i juni - august med grønkvite blomar og får ein flott frøstand seinare. Trivast i sol til halvskugge og er tørketålande. Kan gje blemmer i munnen dersom ein prøver å smake på ho. Vinterdekkast første året.     Kr 20,-  

Aquilegia vulgaris 'Tower Light Pink' - vanleg akeleie   
Knoppane på denne akeleia er rosa med lysegrønt, når dei opnar går det lysegrøne over til kvitt. Eg ser at det vert operert med forskjellig høgder, noken heilt opp til 80 cm. Blømer i mai - juni. Trivast i sol til halvskugge og er fine til snitt.      Kr 20,-  

Aquilegia pompom - pompomakeleie
Denne er fyllt og det er fargeblanding. Blømer i mai - juni, vert 60 - 70 cm og trivast i sol til halvskugge.       Kr 20,-

Corydalis linstowiana 
Frøa til denne har eg fått frå Gøteborg Botaniske Tradgardsforening og eg har funne lite norsk informasjon. Ho er to-årig, men frøsår seg slik at ho går ikkje ut. Blømer i mai til juni med lyseblå blomar og trivast i sol til halvskugge. Plantene har utvikla god rot, men ser litt spinkle ut.  Kr 20,-

Dianthus barbatus - busknellik 
Gamal hageplante som har vore brukt i Noreg sidan 1700-talet. To-årig, men frøsår seg og har du fått han i hagen så kan du ha han lenge, men det er heller ikkje vanskeleg å verte kvitt han dersom han ikkje fell i smak. Fargeblanding i nesten alle fargar frå kvitt til mørk burgunder. Luktar godt og er fin til snitt. Med blomestenglar vert han opp mot 60 cm og blømer frå juni til august. Eg synest denne er for stor til å sende i post.     Kr 30,-  

Dinathus chinensis var. heddewigii 'Velvet'n Lace' - kinanellik
Dette er ein fylt nellik der blomane er fiolette med kvite frynser som blømer i juni - august. To-årig, men formeirar seg sideskot så han vert som ei staude. Kan brukast i bed og potte, sol til halvskugge, god lukt og snitt. Eg synest denne er for stor til å sende i posten.    Kr 30,-  

Digitalis mertonensis - røvebjølle  
På svensk heiter denne "laxrød fingerborgsblomma" og det seier vel sitt om fargen. Blømer i juni til juli på 70 - 80 cm høge spir. Trivast i sol til halvskugge. Staude. Giftig. Denne er for stor til å sende i post.   Kr 30,-

Lamprocapnos spectabilis 'Alba' syn. Dicentra spectabilis - kvit løytnantshjarte  
Dette er ei av dei vanlegaste hageplantene i eldre tider og ho er svært elegant med dei kvite blomane som heng på dei vassrette blomeaksa. Trivast i sokalla vandrande skugge, blømer i mai - juni. Blada held seg lenger etter avblomstring på denne enn på den som er rosa.   Kr 20,-

Linaria purpurea - purpurtorskemunn 
Dette er ei 'lett' plante, som er kortliva, men frøsår seg. Eg har hatt namnesorten 'Canon J. Went' i minst 5 år, utan at ho har gått ut, ikkje har eg sett nemneverdig spredning heller.  Kr 20,-  

Meconopsis baileyi syn. M. betonicifolia - blå valmuesøster
Blømer i juni - juli med lys blå farge på 60 - 70 cm høge stenglar, trivast i sol til halvskugge, i fuktig jord. Knut Langeland seier i boka Stauder i norske hager at ho helst vil ha sur jord for å få den intense blåfargen. Klipp vekk frøstenglane så overlever ho lengre.   Kr 30,-  

Meconopsis baileyi 'Alba' syn. M. betonicifolia 'Alba' - kvit valmuesøster
Dette er frø av den kvite valmuesøstra eg har i hagen og då kan eg ikkje garantere at alt avkommet vert kvitt.    Kr 20,- 

Meconopsis sp. (mest sannsynleg M. grandis) - stor valmuesøster
Denne har større blomar med kraftigare  blå farge enn den blå valmuesøstra. Kr 30,-   Utseld

Morina longifolia - himalayatistel 
Denne tistelen vert 60 cm med kvit/rosa blomar. Vil ha det drenert og sol, tåler tørke og luktar godt. Kr 30,-

Pardancanda norrisii 
Har ikkje funne norskt namn på denne, men på svensk heiter ho karamellilje. Blømer i juni til september og vert omlag 60 cm. Fin til snitt og likar sol.  Kr 20,-

Penstemon serrulatus - røyrblom
Penstemon er ikkje av dei mest vanlege plantene, det kan vel kome av at dei tåler dårleg vinterfukt, men eg har overvintra dei i potte og i bed der vatnet ikkje vert ståande, med godt hell. Denne blømer i juni - jul med blålilla lippeblomstforma blomar. Vert opp til 60 cm og trivast i sol til halvskugge. Klipp av frøstandane og det kjem friskt lauv seinare.    Kr 20,-

Primula amoena
Amoena syner til søt/yndig og det kan vel seiast om denne primulaen som ikkje vert høgre enn 10 - 15 cm.Blømer i april - mai med fiolette blomar. Etter som eg har funne ut så kan denne trivast i både fuktig  jord og fjellhage.  Kr 30,-

Saussuria iodostegia 
Denne veit eg lite om, har fått frøa frå Gøteborg Botaniske Tradgardsforening. Fjellhage, sol og høgd 45 - 60 cm.     Kr 20,-

Tricyrtis hirta - tusselilje/skuggelilje
Den vanlegaste av skuggeliljene. Som namnet seier så treng ho ikkje sol for å trivast. Blømer om hausten med kvite blomar med lilla prikkar. Ho vert opp mot 60 cm. Det kan vere ein fordel å overvintre henne frostfritt første vinteren.  Kr 20,- 

Trollius pumilus - småballblom
Dette er ein liten tett ballblom som kjem frå Himalaya og Kina og vert ikkje meir enn 15 - 25 cm høg. Blømer i mai - juni med små gule blomar og høver godt i ein fjellhage.  Kr 20,-

Seseli gummiferum 
Eg har sansen for skjærmplanter og er på leit etter ein sort som kan "oppføre" seg i bedet. Dei er som regel fine i bukettar. Denne heiter "Moon carrot" i England, men har truleg ikkje noke norskt namn. Blømer i juni - juli med kvite skjærmar, medan knoppane har vore lys lilla. Ho er tørketålande og vil ha sol, vert 100 - 150 cm høg. Eigentleg to-årig, men dersom frøstandane vert fjerna så kan ho overleve i fleire år.   Kr 30,-

Verbascum phoenicum 'Antique Rose' - purpurkongslys
På 1800-talet var purpurkongslys ei vanleg plante, men er ikkje so ofte notildags. Purpurkongslys er to-årig, så denne blømer i 2016, og så må han få frøså seg dersom han skal kome att. Eg brukar å la ein eller to frøstenglar få stå og så klipper eg ned dei andre plantene, då kjem dei som regel att neste år frå rota. Dei likar sol og kalk. Denne får lyseraude blomar på 80 - 90 cm høge stenglar.  Kr 30,-







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar