Phlox og Lobelia
Denne brukar å vere som ein magnet på humler og sommarfuglar, men i år er dei totalt fråværande.
Ei sjølvsådd Alonsoa meridionalis, Vippeblomst, som held stand mellom rosene.
Eg tok opp Dahliaknollane for 2 veker sidan og då kom denne fram att, Helleborus corsicus, med varigert lauv, imponerande vekstkraft i denne sorten juleroser.
Heuchera, alunrot, ilag med Marikåpe.
Astrantia major, stjerneskjærm, eg sådde dei i 2010 og plata dei ut i år, ganske små planter enno, men fine, eg håpar dei veks seg store med tida.
Ein eller annan art av Skjærsmin står vakkert mot blå hausthimmel.
Er ikkje dette ein vakker kløver kanskje? Det er Trifolium rubens.
Andre året eg har sådd Coben scandens, Klokkeranke. Dei treng lang tid på å setje blomst, men der eg er ute etter flotte haustfargar, så er dette eit godt alternativ.
Cornus alba Sibirica Variegata får fine haustfargar.
Eg har fått inn alle potter med Fuchsia i drivhuset, men har ikkje pakka ned plantene enno.
I går fekk eg operert venstre handledd, karpaltunnelsyndrom, så no lt eg halde meg unna hagearbeid for ei tid. Men for eit hagemenneske som meg, som startar frøsåinga og sesongen om 2 og ein halv månad så hadde eg ikkje kunne planlagd tidspunktet betre sjølv.
Ynskjer dokke alle ei god helg!