onsdag 30. september 2015

Frøliste 2015 - frø for sal.


 Her ligg frø av sommarblomar og stauder som er samla i hagen og tørka. I år vart det så mykje at eg har laga ei frøliste, ligg oppe til venstre på sida, der dei som er interesserte kan kjøpe.

Ei skål full av frø frå Angelica gigas. 

søndag 9. august 2015

Stauder for sal


Det har teke si tid før det vart lagt ut liste over planter for sal dette året. Ein god del stauder vart musemat i vinter, forsommaren var kald og treg og sommaren har vore familiesommar. Men no har eg ein god del fine planter ståande dersom det er interesse. Nokre sortar er det berre få att av og andre har eg mykje av. Eg sender dei to første dagane i veka, for at plantene skal kome fram før helga og ikkje vert liggane over helga i ein varm  butikk. 
På venstre side her på bloggen ligg lista over staudene eg har i 2015. 

mandag 18. mai 2015

IKKJE KVAR DAG EG HAR NETT

Kvart år sår eg Flittige Lise og dette er ein av to variantar som eg har sådd i år. Impreza Sherry Splash er namnet.


Denne her Pulsatillaen derimot, veit eg ikkje namnet på. No er eg sovidt igang med å herde sommarblomane. Det har vore kjøleg om dagane og om nettene så har det vore ned mot null, og då vert ikkje det herding, men stopp i utviklinga av plantene. Så no er det ein herleg runddans med fiberduk av og på.

fredag 24. april 2015

Tomatsesongen er i gang



No er det snart eit år sidan siste blogginnlegg, fekk det ikkje til å blogge frå mobilen og så fann eg ut at eg fekk halde oversikta på annan måte. MEN no ser eg at eg ikkje kan klare meg utan blogginga. Det er ei ypperleg anledning til å gå attende for å sjå korleis det har vore tidlegare. 
Sidan sist så har eg oppretta profil på Facebook, det er jo kjempeenkelt å bruke til å legge ut bilde og informasjon til dei som er planteinteresserte rundt meg, men som dagbok til å gå attende i er det ikkje noke særleg godt alternativ. Så no er eg attende i folden og det vert kjekt å følgje med i alle bloggane til dei eg hadde kontakt med tidlegare. Eg ser at de har vore aktive med innlegg så no skal eg ta ein kik.
Men i dag har eg planta tomatane opp i plantekassane, den første blomen synte seg i dag. Det må vere minst ein månad enn nokon gong før. 
I år har eg hatt plantene i drivhuset sidan februar og dei har aldri vore finare enn i år. Det har nok gått ein del meir straum, men du og du for ein fryd det er å komme inn i huset å sjå alt som er på gang.
Dersom det er noken av dokke tidlegare trufaste som les dette så kan eg seie at eg har det bra. Det har vore eit godt år for meg og mine. For eigen del så kan eg vel seie at takka familien og drivhuset og plantene så har eg det bra.