onsdag 20. juli 2016

PLANTER FOR SAL OPPDATERT LISTE AUGUST 2016

Det er kanskje ikkje heilt tida for å kjøpe planter no midtsommars, men det er no eg har fått klar lista og dei siste ompotta staudene har fått vekse seg litt til i dei nye pottene. For planter som er prikla i 2015 så skriv eg årstal i parentes.

Nokre sortar har eg berre nokre få av og andre har eg i mengder av, avhengig av kor godt frøa har spirt. Det er nokre av plantene på lista som er forholdsvis store til å sende i posten, dei er mest for direkte salg, dei må i såfall sendast som pakke. Eg har sendt ein del pakkar i år, som har brukt 5 dagar på å komme fram og eg har fått melding  attende om at plantene var i god form då dei kom fram, så det vil seie at måten eg pakkar på er god.

Finn du noke av interesse så send epost til else53@hotmail.com med tinging. Dersom du ikkje kan ta imot plantene no på grunn av ferie så send tinging allikavel, då set er dei til side og sender når det måtte høve. I tillegg til pris så må du betale porto. Pengane kan overførast til 3741 10 25455 når plantene er mottekne og du ser at du er nøgd.

Ved å klikke på plantenamnet så får du opp ein link med bilete av planta.

Anemone - eg kallar ho haustanemone, er ikkje sikker på arten

Dette er bilete av morplanta. Blomstrar i august til oktober. Kr 30,-

Angelica gigas - raudkvann
Dette vert ei plante som både du og insekta vil like. Ho vil ha god jord med fukt og må stå på vekseplassen i eitt til to år før hø kjem i blomst i juli til august med ein fantastisk skjerm med purpurraude blomar. Dersom du vil så denne så må frøa såast ferske.  Kr 30,-

To-årig plante som eg har kjøpt for bladfargen si skuld, fantastisk flott mørkt bladverk. Kjem med kvite skjærmar andre året i mai til juli. Frå 60 - 170 cm høg, vil ha det drenert, sol til halvskugge. Dersom planta får sjølvså seg så kan ein god del av frøplantene verte grøne som arten, plukk dei vekk og la dei mørke stå om du vil ha dei hagen.  Kr 30,- 


Fargerike store blomar på denne arten, dei er ikkje så lengelevande som dei andre artane eg har har i hagen, men eg dei er so flotte at eg sår dei gjerne omatt. 50 - 70 cm og trivast best i halvskugge. kr 20.


Blomane er kvit - lavendelfarga, vert 40 - 80 cm høg og vil ha sol til halvskugge Kr 30,-

Aquilegia viridiflora - grønakeleie
grøn/purpurfarga blomar på 25 cm høge stenglar. Sol til halvskugge  kr 30,-


Veit lite om denne planta i Noreg, men ho er vintergrøn, får rosa blomar i juni - juli og trivasti sol til halvskugge. Kr 20,-

Heliopsis helianthoides - glattsolauge
Høg staude, 90 - 140 cm, som får gullgule blomar i august til september, vil ha sol. 
Kr 30,-

Denne vert omlag 100 cm høg, får gule blomar i august til sepetmber, sol.
kr 30,-


Hesperantha baurii
Frøa til denne har eg fått frå svenske STA, men eg finn lite bakgrunnsstoff frå norske hagar om denne. Ho blømer i august til oktober med rosa blomar og vert 20 -  30 cm høg. Kr 20,-

Hosta sp - bladlilje (2015)
Frøa kjem av ulike artar med Hosta, avkommet vert sjeldan lik mora, og desse ser ut til å verte av den vanlege grøne arten. kr 20,-

Iris setosa
Denne irisen vert 30 - 70 cm høg og blomstrar med blå/purpurfarga blomar i juni - juli. Trivast i sol til halvskugge og i vatn 0 - 5 cm. kr 30,-  

Jasione laevis - sandmunke
Tørketålande låg staude, som får blå blomar i juni til august. Sol og drenert. Kr 20,-


Levesticum officinale - kjærleiksurt
Dette er ikkje ei staude, men ei krydderurt som veks seg stor og kraftig. Smaksrik og allsidig, sol til halvskugge. Kr 30,-

Luzula nivea - sølvfrytle/snøfrytle 
Gras som får kvite blomar i juni til juli. 20 - 40 cm høgt til fjellhage eller tørre parti, sol. 
Kr 20,-

Meconopsis baileyi syn Meconopsis betonicifolia - blå valmuesøster (2015)
Blomstrar i juni - juli med blå blomar på 60 - 70 cm høge stenglar. Trivast i fuktig jord i sol til halvskugge. Kr 30,-

Meconopsis regia 
Denne får lysegule blomar og vert frå 100 - 150 cm høg. Halvskugge. Kr 30,-
Denne valmuesøstra har raude blomar på stenglar som kan verte opp til 160 cm høge. Blomstrar i juli, vil ha sol til halvskugge. Ho er monocarp, det vil sei at ho dør etter blomstring, men ho spirer lett frø frø så det går an å framleis ha ho i hagen om ho får frøså seg. Kr 30,- 

Ei nokso ukjend plante i Noreg, men den likar fuktige forhold i skugge til halvskugge, og skulle soleis høve godt. Får rosa/grøne blomar i juni til juli, 15 - 25 cm høg. Kr 30,-

Paradisea liliastrum - paradislilje eller liljegras
Denne vil ha det drenert og sol, vert 30 - 50 cm høg, visnar heilt ned etter frøsetjing, men kjem att neste år. Kvite blomar. Prikla 4 - 5 planter i kvar potte.  kr 30,-

Pardancanda norrisii - karamellilje (svensk namn)
Blomstrar i juli til september med blomar som er kvit med karamellfarga spettar. 60 cm høg, likar sol og er fin til snitt. Kr 30,-

Phytolacca americana - kermesbær
Busk som vert 2 meter høg og 1,5 meter vid. Dei unge skota kan etast, men ellers så er heile planta rekna for å vere giftig. Kr 30,-
Ei lita mure utan norsk namn som høver i fjellhagen. Får rosa blomar frå juni til august.
kr 20,-

Potentilla 'Snow Queen' - mure
Mure som vert opp til 60 cm høg og blomstrar mmed kvite blomar frå mai - august og trivast i sol til halvskugge Kr 20,-

Rosa glauca - doggrose
Busk som kan verte opp til tre meter høg, får rosa enkle blomar i juni og raude nyper om hausten. Kr 30,-

Teppedannande låg silene som får kvite blomar i juni til juli, 15 - 20 cm, sol og drenert.
kr 20,-

Silene suesica - fjelltjøreblom
Kystplante som trivast i steinbedet eller på ein drenert veksestad i sol. Får mørk rosa blomar, 10 - 20cm. Kr 20,-

Denne kan trivast både i fjellhagen og god kompost som er godt drenert. Likar sol og får kvite blomar, 15 - 20 cm.  Kr 30,-

Tiarella wherry - luktskumblomst
Ei  25 cm høg markdekkande plante for halvskugge til skugge. Får rosa/kvite blomar i mai til juli. Kr 20,-

Trollius pumilus - småballblom (2015)
Dette er ein tett liten ballblom som kjem frå Himalaya og Kina og vert ikkje meir enn 15 - 25 cm høg. Blomstrar i mai til juni med små gule blomar. kr 30,-









tirsdag 28. juni 2016

1000 OPNE HAGAR - IKKJE FULLT SÅ MANGE - EG HADDE EIN AV DEI

 Pompomakeleie og fiolkongslys.
 Krypbrudeslør
 Paeonia 'Festival Maxima'
Paeonia 'Nordic Paradox'

Sist sundag den 26. juni var eg ein del av Hageselskapet sine 1000 opne hagar. Eg brukte litt tid på å ta avgjerda om å melde meg på, for det er jo noke med å invitere folk på hagebesøk på ein sundag då det er flust opp av tilbod som kan freiste.
Ikkje minst syntest eg det var vanskeleg sidan fleire som meinte at deira hagar på langt nær var fine nok til å invitere på besøk i.
Hageselskapet reklamerte med å opne hagen sin og sjå vekk ifrå at han ikkje var strigla og perfekt, men det er jo lettare sagt enn gjort. Det som eg tenkte utifrå var at eg har ein hage med ein god del stauder, eg har sådd dei aller fleste sjølv og såleis har eg ein billeg hage. Det treng ikkje koste allverden å få masse planter i hagen. Eg har alltid hatt interesse for hage og planter, men helsa strakk ikkje til å arbeide i hagen etter arbeidstid og å kjøpe stauder i massevis hadde eg heller ikkje råd til. 
Så tok livet mitt den vendinga at eg ikkje lenger kunne vere i arbeid og då har eg fått utfolde meg i det som på ein måte har vorte ei redning både fysisk og psykisk. 
No vart det ikkje fokusert på helsa min den dagen, mange av dei som var her veit tilstanden min, men hagegleda og kva som kan gå an å få til for ein rimeleg penge fekk dei delta i.
Det kom 16 besøkande på ein sundag med lett regn i lufta. Dei gav utrykk for at dei var godt nøgde, og at dei trivdest. 

For meg som hagevert så var det så ufatteleg kjekt å få vitjing av så mange hageinteresserte og få tre heile timar med hageprat, eg lever på ei høg bylje enno. Etter som eg forstår så skal Hageselskapet ha dette som aktivitet annakvart år. 
Eg kjem nok til å invitere til open hage kvart år sålenge helsa held og nokon vil kome. 

søndag 22. mai 2016

Facebook og blogging

Eg hadde aldri tenkt at eg skulle verte brukar av Facebook for venekretsen min er ikkje større enn eg bør klare å ha kontakt med dei utan å¨bruke nettet. Det heiter jo ven, så då tok eg det heilt bokstaveleg. 
Men so sit eg no her med ei masse av overskotsplanter av sågalskapen min og då måtte eg finne ein måte å få fortalt om plantene mine. Då var det at eg let meg overtale til å prøve Facebook. 
Det vart ei heil ny verd som opna seg og eg har funne massevis av lærdom der ogso, i tillegg til hagefora og hageblogging som eg har nytta tidlegare. 
Der er ogso ein del lukka grupper, der det nesten vert kravd at du har i det minste litt erfaring, og der det vert delt mange flotte bilete og mykje god informasjon om hage og planter.
Staudeglade på Facebook er ei slik gruppe og den kan eg trygt anbefale. Der er det mange med erfaring og kunnskap som villig vekk deler det dei kan. Så er det jo veldig kjekt at det vert kravd at vi brukar botanisk namn på plantene slik at alle veit kva for ei plante det er snakk om, og då får vi opp masse informasjon ved å bruke søkefeltet. 
Ja det er berre å innrømme, eg er ein ihuga brukar av Facebook.

onsdag 18. mai 2016

SALG AV STAUDER



Det vart bra overvintring av staudepottene i vinter og no er dei i god vekst. Lista ligg til venstre på bloggen. Lista vil heile tida verte oppdatert, for det er stadig nye stauder av årets prikling som er store nok til å verte planta ut i bed. Eg kjem til å sende dei to første dagane i veka, då reknar eg med at dei er framme hjå mottakar før helga. 

torsdag 31. mars 2016

OMPOTTING

 I går potta eg om tomatplantene i rein kukompost, det var ikkje alle som hadde vokse ut av potta, men i eg tok alle som var sådde først. Eg har to andre sortar som var sådde mykje seinare så dei skal få stå.
 Sommargeorginene fekk og komme i større potter med kukompost.
I dag var det dei største astersane som hadde flyttedag, det same hadde dei største pyntekorgene. 
Så no vonar eg berre på litt stabil nattetemperatur over 4 C, så eg kan setje ut dei små staudespirene. Eg kjem til å dekkje dei med fiberduk den første tida, men det er ikkje så gunstig med så kald jordtemperatur som det fort kan verte no i april, så eg trykkjer plass til alt eg kan i drivhuset. Eg veit av erfaring at det er utruleg kor mykje eg kan få plass til i eit tilsynelatande overfylt drivhus.

fredag 18. mars 2016

SNØKLOKKER OG KLOSTERKLOKKER


I 2015 sådde eg for første gong frø av Leucojum vernum og då vart eg klar over at snøklokker og klosterklokker er to ulike slekter. Eg har alltid trudd at det var same slekt. I dag har eg gått litt nærare inn i saka og sett at det som for oss vanlege plantefolk er lettast å skilje dei på er tal kronblada. Til venstre er det Galanthus nivalis og er ei vanleg snøklokke som dei aller fleste har i hagane sine. Dei sprer seg lett ved å setje nye løkar og ved frø. 
Dei til høgre er klosterklokke, Leucojum vernum og har ein større blom.
Båe klokkene har seks kronblad, på snøklokka er det tre store ytterst og tre små innerst. Klosterklokka har og seks kronblad, men her sit alle i ein ring ytterst.

Snøklokkene har ein blom pr stengel medan marsklokkenen kan ha fleire, så er det jo og stor forskjel på lauvet.

Løkane av begge desse er lettast å få til heilt ferske, dei bør helst flyttast med lauvet på. Det er vel difor så mange har vore skuffa då dei vil ha nye fine klokker i hagen, men løkane kjem ikkje att neste år. 
Eg ser og at det er litt ulike namn ute å går for det som eg kallar klosterklokke eg har funne både marsklosterklokke og marsklokke. Men eg trur at her omkring så er det klosterklokke som er vanleg. 




lørdag 12. mars 2016

Cosmos atrosanguineus spirer


Ikkje så at det er ein sensasjon, men det er første gong eg har funne frø av denne arten. Sjokoladekosmos får berre sterile frø i USA og Europa, men ein gartnar i Russland sel slike frø, og eg har kjøpt dei av Seedsite eit frøfirma som eg ved eit tilfelle fann i år. Det var 10 frø i pakken, fem sprier kom opp, men den femte spira utvikla seg ikkje vidare så no har eg fire håpefulle att. 
Eg har tidlegare hatt ei sjokoladekosmosplante i potte, eg prøvde å overvintre den inne, men det vaqr ingenting att i potta då eg tok ho framatt om våren. Det kan jo tenkjast at dei hadde vorte mat for mysene. Får prøve att til hausten, dersom plantene veks seg store og fine igjennom sommaren.
God helg til alle!

torsdag 10. mars 2016

Dei siste staudefrøa er klar for såing.


I dag har eg klargjort dei siste frøpakkane av stauder som eg har tenkt å så i denne sesongen. Eg  har brukt mykje tid på å finne ut av korleis eg skal merke pottene slik at dei vert lette å finne att i listene mine etter fleire år. Tidlegare så skreiv eg berre namnet på frøsorten, då fekk eg problem med gamle såpotter som det ikkje kom spiring i. Eg pleier å tømme dei som ikkje er spiring i på komposten etter tre sesongar. Det kan jo tenkjast at det er frø som treng endå lenger tid på å spire, men då ventar eg ikkje lenger. Så hadde eg eitt år då eg berre skreiv nummer og årstal, men det vart altfor mykje styr når eg måtte inn og sjekke sålistene etterkvart som nye spirer dukka opp. Så no merkjer eg med nummer/årstal og namn. Då har eg ein god backup i tilfelle at pc-en skulle låse seg. Eg har rett nok lagra dei viktige filene på ein ekstra harddisk, men dette er ein grei måte å gjere det på.
No har eg 176 sortar, men eg ser jo at Aquilegia ...McKana Giant har eg tre sortar av, eg synest dei er så flotte og første gongen eg sådde så var det ikkje så god spiring. Eg kjem til å legge inn lista oppe til venstre på bloggen seinare. 

fredag 4. mars 2016

PRIKLA TOMATAR I DAG



I år har eg sådd 23 sortar tomatar. Eg har plass til 24 planter i drivhuset så det vert velfyllt i år ogso. No er det nokre sortar som er frilandstomat og dei har eg tenkt å ha ute. Dersom sommaren vert fin så vert det nok tomatar der ogso. 
Ein av sortane heiter Solanum spontaneum, den anar eg rett og slett ikkje noke om, men det er jo spennande å prøve. 

torsdag 3. mars 2016

SPIRING I STAUDEPOTTENE



I dag har eg plukka fram staudepottene frå vinteropplag. I fjor måtte eg kjøpe nytt teltdrivhus, det synte seg å vere av så dårleg kvalitet at saumane rakna då det vart litt vind. Så då måtte vi finne alternativ oppbevaring og det vart  til at mannen min rydda plass i vedboda og der har dei vore i vinter. Det har vel knapt vore kuldegrader, men litt var det nok i januar. 

Ved første gjennomgang så ser det verkeleg ut til at dei fleste plantene har overvintra godt. No står dei ute i regn og snø, men så snart det vert god varme i lufta så skal ha gjennomgang på dei og sjå korleis det står til.
I dei to pottene som står bak er det er det trepion og ein meir ukjend som eg sådde i 2015 og som det er masse spiring på.
Pottene framme er frå 2013, 2014 og 2015. No står dei inne i drivhuset ilag med sommarblomane som er i god vekst. Dei kunne godt ha stått ute framleis, men ved at dei no får komme inn i varmen så kjem dei raskare i vekst og eg kan få prikle dei. I dag har eg tenkt å ta inn pottene som eg har sådd denne vinteren slik at dei og kan få komme igang.