tirsdag 31. desember 2013

Ny mobil og nytt år.

Fekk meg ny mobil og no ser eg at eg kjem til å svette litt før eg får til å legge ut meldingar på bloggen med bilete.

Det er lenge sidan eg har vore innom, men eg har hatt ei fin førjulstid med mykje handarbeid, og då har eg ikkje brukt kreftene på alt som har med hage, såing og blogging.
No har eg fått fram alle frøposane, og skal til å så.

EG vil nytte høvet til å TAKKE ALLE for eit godt år og eg gler meg til å ta fatt på eit nytt år.
Eg vonar at alle som er innom bloggen er klar til å ta fatt på eit nytt år, og at vi kan dele hagegleder og hagesorger og anna som delast kan i det nye året.

 
 
Godt nytt år - og takk for det gamle!

onsdag 30. oktober 2013

SISTE REST AV SOMMAREN ER PAKKA VEKK

I dag var det sol og fint nokre timar, då kunne eg ikkje utsetje det lenger. Fuksiane måtte ribbast og setjast i vinteropplag. Det er litt vemodig å ribbe vekk knoppar og blomar, og endå kunne eg hatt mykje glede av plantene dersom eg hadde teke dei inn i stova, men det er godt å få dei rydda vekk.
Eg brukar å pakke plantene i isoporkassar, men no er alle vortne så store at eg tek dei ut av potta, og set klumpen i ein plastpose. Eg ribbar vekk mesteparten av lauv og blomar før eg får plassert dei i ein blindkjellar som er frostfri.

Her står dei pakka og klar framfor luka. Eg har 2 planter med sitronverbena som og skal ha same opphald. Det er første året med sitronverbena, vonar at dei tåler vinteropphaldet sitt.

Alle kassane med staudepottene har kome på plass i veksthuset. Planta som er i ampelen som heng i taket er ei rosa asarina, den har vore inne i veksthuset i heile sommaren, og no håpar eg at eg kan få modne frø. Eg må nok ta ho inn på planteromet dersom det vert kaldare, men enno heng ho her.
Eg har teke ei blodbegerplante og sett på planteromet, den er full av runde frøhus, så det vert nok rikeleg frø å frotse i til vinteren. Eg har og teke ei blodbegerplante å sett inn i stova, ettersom ho vert rekna som potteplante hjå Impecta. Kjem nok til å blogge om den seinare.
No er eg komen i førjulsmodus, eg er i full gang med julebroderi. Det er mange år sidan at eg har helde på med slikt, men det er kjekt å lage noke som vert så fargerikt og fint.
Ha ei flott veke!

lørdag 19. oktober 2013

PRIMSTAVEN ER SNUDD

Dette graset, Hordeum jubatum, blomstrar for andre gong.

Solsikkene strekker seg for å få ein siste rest av kveldssola.

Denne storknebben har fått fine haustfargar.

Frøsådd sommargeoginer over og under


Denne klematisen blomstrar serdeles lenge.

Gravemaskina er parekert for sesongen. Snøen viste seg i Moldura for 3 dagar sidan.
God helg til alle som er innom!

søndag 13. oktober 2013

Snart midtvegs i hausten

Det har bokstaveleg tala runne mykje vatn sidan siste blogginnlegget mitt. Litt har skjedd i hagen på Amfjell sidan sist. Det som er viktigast for bloggen sin del er å oppdatere kva som er gjort av haustarbeid.


For 10 dagar sidan så tok eg opp georginene mine. Det hadde ikkje vore frost på dei, men eg er avhengig av å arbeide når forma er der, og då passa det best. Det hadde vore opplett nokre dagar så jorda var tørr og fin. Så då tok eg opp alle georginene som var sette frå knoll og villgeorginene som eg sådde i vår. No ligg dei til tørk i veksthuset, der er det luftig og fint når eg har sidegardina oppe. Dei som viser på biletet her på venstre side er alle av villgeorginene, og no tek eg inn frøkapslar og tek frø etterkvart som dei modnar.
Så er det noken av lesarane her som har lyst på ein pose med frø så må de gjerne seie frå. Eg deler gjerne ut som takk for alle hyggelege kommentgarar som de har lagt att sidan eg byrja å blogge.

I går og i dag har det vore flott temperatur og eg har teke inn alle fuksiaplanene mine. No står dei i drivhuset til avmodning, før eg set dei vekk for vinteren.

Pottene er vaska og klar for ein ny sesong.
Det er tre veker sidan eg tømde drivhuset, tømde kassane som det hadde vokse tomatar i og fekk vaska både hus og kassar. 
Tomatåret er det beste eg har hatt, men eg kunne nok håpa det hadde vore endå betre. Eg har fått ein del glas med gode Henkogte tomatar. I fjor laga eg marmelade av resten av dei grøne tomatane, det var ganske godt, men vart ikkje brukt så mykje av, så i år tok eg eit kilo små grøne tomatar som eg har eddiksylta. Skal verte spennande å prøve det i romjula.

mandag 2. september 2013

FRØ


For nokre veker sidan starta eg å samle inn frø. Det er og har vore ganske vått, men eg har teke inn litt frø som har vore til tørk i filterposar i stova til i dag. Dette er frø av Geranium pratense striatum 'Splish Splash' som eg har fått fram frå Magnarfrø i 2010. 
Eg har vore litt forsiktig med å samle frø for vidareformidling for eg har vore usikker på om dei var spiredyktige. Eg gjorde nokre prøvar i fjor og dei frøa spirte godt så i år prøver eg på alvor. Nokre frø skal gå til Frøboksen på Hagegal og noke kjem eg til å sende til STA som eg melde meg inn i, og fekk frø frå i 2012. Frøa som er vist på biletet her var forsåvidt enkle å renske, store frø som lett sleppte frå hamsen, men andre kan vere langt verre. Frøa som vi sender frå skal helst vere reine, ingen er interessert i å få ein pose med rusk og rask. 
Magnar gav det rådet å solde frøa i sil og det var eit godt råd. Eg hadde nokre frøhamsar av Silene asterias og dei var ypperlege å solde i ein tesil.
Eg vonar at det er mange rundt om som no er igang med frøsamling, det tek litt tid, men er veldig kjekt når posane er klar med renska fine frø. 
Ha ein god dag!

fredag 30. august 2013

GEORGINE I UTVIKLING


Denne georgina har vore knollgeorgine i 3 år, etter at eg sådde ho som frø i 2010. Ho har heile tida hatt enkle blomar som blomen nede i høgre bildekant, men no er ho plutseleg komen med mykje større doble blomar. Biletet er frå same plante, teke i kveld, og ikkje manipulert. Er det andre som har hatt liknande erfaring? Eg har ikkje lagt merke til det før.

torsdag 29. august 2013

SISTE VEKA I AUGUST

Her kjem ei samling av litt av det som no er fint i hagen min. Eg har masse stauder i potter som skulle vore planta ut no, men forma er ikkje den beste, så det får vente. Men ei runde med fotografering er jo kjekt.




No er solsikkene på veg mot himmelen og eg treng stige for å fotografere dei, men eg har utsikt til dei frå stoveglaset og der ser dei flotte ut.

Det må nok verte meir oppstamma roser i hagen min, dersom eg skal få plass til alle staudene eg har lyst til å prøve.

Like før desse, duehode, er i full blomst.

Det er ikkje alltid at pottene med sommarblomar er fine på denne tid, men desse to pottene her kjem til å vere fine langt inn i hausten.

Noken humler er så berusa av nektar at dei berre klamrar seg fast og heng der.

 Kubjøllene brukar alltid å kome med ein par blomar i august.
 I fjor kom eg over Susanne med det sorte øyet på ein blogg, og då likte eg henne så godt at ho kom på sålista i år. Eg hadde gule og African Sunset, eg planta alle i støtta som eg laga til solsikkene, dei har ikkje vorte så høge, men fine er dei.
Endå varer sesongen for månadsjordbæra lenge, ein god munnfull kvar dag.

Her skal det liksom vere eit rosebed, men det er det ingen som ser. Kongslysa har teke heilt overhand, desse er attpåtil ei staude som kan verte endå større neste år. Nei her må eg nok fram med spaden så rosene kan få vise seg fram att. 
Under kjem fleire fargar av sommarflox.





Clematis Rouge Cardinal, denne har eg planta ilag med New Dawn og eg har håp om at dei skal klatre i ein apal. No har eg ei potte med forskjellige sommarblomar attmed, og eg kan sjå på biletet at ein knopp av blodbeger har plassert seg på eine klematisblomsten.
I dag har eg mi første runde med tomatar kokt i olje på gang i steikeovnen, det er ei herleg lukt som fyller huset. 
Ha ein god torsdag - og takk for alle hyggelege kommentarar som de legg att på bloggen min.

onsdag 28. august 2013

ER DETTE MELON?


I vår sådde eg to sortar melon, Honey Dew og Minnesota Midget, og no har eg ei plante i veksthuset. Dei andre tykte det vart for kaldt då eg planta dei ut. Planta kom med rikeleg blomar, men det var berre hoblomar såvidt eg kunne sjå, så då vart det inga ykt med sokalla handpollinering frå mi side.
To av blomane har allikavel kome med frukt, desse to, som først var grøne, til forveksling like agurk, men som no er byrja å verte gule. Eg er spent på om det er noken som kan seie meg om eg kan forvente melonar av desse, eg trudde at dei skulle vere runde i heile utviklinga. 

fredag 23. august 2013

KVA SLAGS DANS ER DETTE?

I dag tok eg meg ei runde med fotojakt på blomar og insekt. Då såg eg dette paret her. Eg må vedkjenne at eg har vanskar med å identifisere mange av insekta eg ser, så der må eg vente å sjå om noken kan gje meg info om det. Den eine var ivrig oppteken av å samle pollen, og fauk ivrig frå blomst til blomst

 den andre var like ivrig til å følgje med, men ha stod still i lufta rett over

 Her er det like før han fekk ein treff på den under og forsvann,
Den andre heldt fram som ingen ting og samla nektar. 

VILLGEORGINER

Eg vert meir og meir begeistra for villgeorginene mine, Dahlia coccinea. Ikkje fordi at dei er så spesielle korkje i farge eller variasjon i blomsten, men dei er veldig blomsterrike, på kraftige stenglar. Blomstrene står lenge og dei tåler regn. 










Insekta er og veldig begeistra.

tirsdag 20. august 2013

1000 opne hagar og Give Away hjå Marit


Sundag var det Hageselskapet si markering av 1000 opne hagar. Hagen min var ikkje med der, men eg var på besøk i ein hage. Vertinna for hagen vart mildt sagt overrumpla då eg ringde på døra og inviterte meg inn i hagen, for ho hadde meldt frå om at ho kunne ikkje delta i år. 
Men ho var sporty og inviterte meg på ei runde i hagen, noke eg sette stor pris på. Ho har mange rosetre, både slyngroser og buskroser, men alle dei var tydeleg prega av at vi har vore mottakarar av mange mm nedbør i det siste. Ho gav meg denne rosegreina som står i ein fløytemugge og fyller romet med den herlegaste roselukt.
Marit har utruleg mange jarn i elden, stadig full av ideear og innfall, noke som gjer at det alltid triveleg å ta ein tur innom bloggen hennar. Denne gongen har ho fått tak i fuglehus som ho inviterar til Give Away på.
Eg vil sjølvsagt vere med på den, eg har rikeleg med potensielle leigebuarar som vil flytte inn i eit sånt flott hus.