lørdag 24. mars 2012

VÅRONN

I går kom plenklypparen fram, plenen er grøn og frodig.

 Krokusane er opne og store og viser seg fram for humlene og dei let seg lokke.
 Helleborus orientales har såvidt opna blomstrene sine.
 Peonane har fått fine raude spirer, og eg har lese meg til at dei vil ha kalk no om våren, Helleborusen likar og kalk, så no har eg hatt ei runde i beda med kalkposen.
 Meconopsis betonicifolia, blå og kvit valmuesøster som har hatt sin andre vinter i pottene, desse pottene har lagt på sida for å unngå at det kjem for mykje vatn i dei. I går plukka eg dei fram, og no er nesten alle pottene med stauder reinska og fine. Det hadde gått bra med nesten alle pottene, men sneglane hadde hatt fest i pottene med Tusenfryd. Heldigvis så har eg mange potter, så eg har rikeleg. 
Linaria purpurea, Purpurtorskemunn, som eg har både i potter og bed. Desse har overvintra eitt år og ser heilt fine.
No er eg byrja å ha litt av spirene av sommarblomane ut i drivhuset. Det tek til å verte fullt på planterommet, så etter at dei har fått vokse seg til litt etter priklinga så får dei komme ut. Det spirer godt i staudepottene og no, så no har eg mange potter med spirande stauder som står inne i drivhuset.
Det har vore herleg med litt sol, deileg å sitje ute i sola og pusle med pottene og høyre på våryre småfuglar og humler som kroar seg i  krokusane.
God hagehelg til alle som er innom bloggen!

fredag 16. mars 2012

SAMPLANTING

Dette er bidraget mitt til Anne på Moseplassen sin konkurranse om samanplantingar. Det er Alcea rosea, kvite stokkroser som vert omfamna av ein lilla klematis. At det vart så vellukka er tilfeldig, som det meste i hagen min, ettersom eg ikkje viste fargen på stokkrosa då eg planta ho.
Kunkurransane til Anne er nyttige for meg på mange måtar. Dei er på ein måte som å delta på eit kurs i hagedesign. Med alle dei variantar av tema som ho byr på så vert eg oppmuntra til å sjå på hagen og plantene med andre auger enn når eg står med ei plante og lurer på om det er ein ledig plass. Ved å ta del i Anne sine konkurransar vert eg utfordra på årstider, gode og dårlege løysingar, fargar, bladformer, høgde, sol, skugge, samspel mellom planter eller andre installasjonar i hagen m.m.
Det er ikkje alltid eg har så mykje å bidra med i konkurransane, men eg deltek og eg studerar andre sine bidrag for å lære meir og å finne inspirasjon til nye gode løysingar. Eg vert og utfordra til å tenkje på korleis eg fotograferar, og det skal eg ta til meg i sesongen som eg no står framfor, for det er sanneleg ikkje lett å finne brukande bidrag til konkurransane. 
Stor takk til Anne for det du bidreg med, eg gler meg til neste utfordring.

torsdag 15. mars 2012

OVERVINTRA PLANTER FRAM I LYSET

I dag var dagen komen for å ta fram plantene som har vore i vinteropplag i ein krypkjellar. Det var med stor spaning eg opna isoporkassen med Pelargonia og Fuchsia. Dei vart nedlagde i haust i isoporkassa med mose. Ved første augekast ser det verkeleg ille ut, men ved nærare ettersyn så viser det friske røter og nye kvite skot. 

Ettersom eg har lite overvintringsplass for planter inne så gjorde eg eit førsøk med blodbeger og. Eg tok berre pottene som dei var og sette dei inn i krypkjellaren i haust. Som det går gram av biletet over så er det godt liv i plantene og no må eg vel syte for å gje dei ein dusj med grønsåpevatn for å førebyggje luseangrep. Eg reknar med at dei sit klar til angrep, og eg vil helst vere ute før dei har fått etablert seg altfor godt i drivhuset.

Dette er ei Fuchsia som eg har hatt mange år og som eg tek ut av potta , og set rotklumpen i ein plastpose før eg set dei i krypkjellaren. For alle plantene gjeld det at rotklumpen ikkje er for våt då eg set dei vekk, for ellers er eg redd det vert for vått.

Dette er planter som har overvintra ute, eg stabla alle kassane med stauder ihop og dekte med plater slik at dei har helde seg tørre i vinter. No er det yr kvar dag og då har eg teke dei fram att slik at dei kan få høveleg væte slik at dei er klar for ein ny sesong. 
Det eg no verkelg ser fram til er at det kjem dagar med sol og litt varme, slik at eg kan sitje ute og pusse dei overvintra plantene.
I år har vi hatt ein heilt normal vinter med lite frost og det ser ut til at plantene har hatt det bra.

No har dei nyspira staudene hatt tilhald i drivhuset sidan den 1. mars, og der skal dei få vere så lenge det er plass. 
Det har vore god spiring i dei overvintra pottene med staudefrø. Eg har funne spiring på Lilium, Paeonia, Aquilegia, Androsace, Angelika og  Fritillaria, pottene med spiring set eg inn i drivhuset etterkvart som eg ser det er spirer. 
Det ser ut til at sneglane har hatt det godt i vinter, det er veldig mykje små sneglar i alle fargar og variantar som kosar seg i pottene, så no er det verkeleg på tide å passe på slik at dei ikkje får ta heilt overhand, men bank i bordet, eg har ikkje sett brunsneglar. 

fredag 2. mars 2012

SIKKERT VÅRTEIKN

Rabarbra er synonymt med vår., iallefall for meg. Eg brukar å lage rå rabarbrasaft og grunnlovsdessert av denne delikatessa, men det er ei grønsak som kan brukast til det meste og oppskriftene er mange. Eg har liksom ikkje hatt tilgang på så mykje rabarbra tidlegare, men no skal det verte ein annan dans. I fjor sådde eg Glaskins Perpetual og i år har eg sådd Victoria og så tenkjer eg at eg kan utvide med ein sort kvart år framover. Rabarbraen som eg sådde ifjor bør få vekse eitt år til for å utvikle seg før eg byrjar å hauste av han. Men eg skal heilt sikkert ha ein smaksprøve. Eg har ein sort som eg har arva og den har eg no flytta til ein god plass til å v ekse og utvikle seg på, godt med gjødsel skal dei få og. 
I dag har det vore sol, og det er så stort nyhende at det fekk plass i nyheitene og. Dagen har vore nytta ute, eg har sett etter vårteikn og hatt fotoapparatet med, og då var denne rabarbraen eit av motiva. 
Drivhuset vart opna og idag, eg har vaska med litt grønsåpe  for å få inn god lukt og pynta litt opp. Eg vaska grundig heile huset i haust, i tillegg til alt utstyret slik at eg fekk teke knekken på det meste av sopp, mugg og insekt som kunne gjort våren sur. Så no er det berre å vente til temperaturen og lyset vert litt betre så skal dei nyprikla staudepottene inn. Meldingane for morgondagen ser bra ut og, så då skal eg   ta overfladisk rydding i staudebeda slik at dei ser litt betre ut. Det er jo berre 2. mars i dag og det kan enno verte vinterveir mange gongar, så litt vern kan nok staudene ha trong for enno. 
Det er ein heilt spesiell stemning ute no når lyset kjem att, fuglane har forandra lyden og litt insekt er byrja og vakne til liv. Det er stor skilnad på temperaturen frå sol til skugge og natt frå natt til dag. Det er skarpt veir som vi seier. Men det var så fint og vindstille i dag ettermiddag at eg stod ute og vaska potter, så no luktar dei og grønsåpe. Det er berre inne det ikkje luktar grønsåpe til helga, men det er sanneleg viktigare ting å bruke tida og kreftene på når det er vakre vårdagar. 
GOD HELG TIL ALLE SOM SER INNOM BLOGGEN!


Minne frå barndomen

Dette er trappa ned til kjeldaren i huset som besteforedra mine budde i. Her var det frostritt med unnatak av dei mest kalde periodane, og dei hadde kassar med poteter heilt innerst ved muren. Der var skap med saft, sylteøy og hermetikk. Mjelkebinna hadde og sin plass her, og så langt attende som eg hugsar så var det slange med vatn og gulvet var steinheller slik at vatnet kunne renne rett ut att. Tanta mi vaska klesvasken her og her vart det salta kjøt og fisk. Det er ikkje store rommet, men alt hadde sin plass og steinhellene utafor døra var gode arbeidsbenkjer. Inngangen vender mot syd og det vert lunt og fint her når sola skin. 
Då eg var lita så var eg ofte her og leika. Då var benkene butikkdisk eller gjorde teneste som bord til servering av "kaffi" frå sprukne krus. Alt utstyret som vi trong for butikk og kjøkkenteneste fekk plass i ein tom appelsinkasse og hadde plass under vindauget til høgre når han ikkje var i bruk.
No er besteforeldre, tante og onkel som budde i huset døde, men minna har eg og dei er gode å plukke fram.