lørdag 31. desember 2011

NYTTÅRSHELSING

Med dette biletet frå slutten av september 2011 vil eg takke alle som har vore innom bloggen min med hyggelege og gode kommentarar gjennom året.
I kveld er det regn, 3,3C og lett bris. Det har vore ei våt og svært vindfull jul, det er usemje om denne julestormen var verre enn nyttårsorkanen for 20 år sidan. Det har vel vore lokale forskjellar, på vårt knappe mål tomt har det gått bra, det gjorde det den gongen og, men andre hadde det verre både no og då.

Hageåret har vore vått, frodig og godt. Det har ikkje vore trong for vatning. Det var ein lang, kald og snørik vinter, våren vart kort, avløst av ein voldsom varme i slutten av april og inn i mai, men så dabba det av og etter det så vart det svært vekslande. Hausten og førjulsvinteren i år har vore våt og mørk.
Drivhussesongen vart etter forholda god, eg kunne ha vona på tidlegare og betre avling på tomatane, men tenkjer at alt vert betre til neste år.
Eg har sådd ein god del staudefrø, så har eg kjøpt ein god del frø frå Planteliste, frøpakken kjem rett etter nyttår og eg har mange spennande frø som ventar på god fuktig jord og varme. I tillegg skal eg arrangere ein frøbytekveld i hagelaget og då reknar eg med at der og kan dukke opp noke spanande.

Eg gler meg til eit nytt Hageår med god kontakt med alle andre hageinteresserte og til at vi kan dele sorger og gleder, gje og få ros og trøst.  Eg har vorte så utruleg glad og stolt over kvart rosande ord eg har fått i året som gjekk og eg har teke dei til meg kvar eitt. Ein av grunnane til det er at dette kjem frå personar eg ikkje kjenner og som ikkje har anna att for å rose meg enn at dei kjenner ordspråket:
Den største gleda du kan ha er å gjere andre glad. Takk!


GODT NYTT ÅR!

onsdag 14. desember 2011

IDENTIFIKASJON

EG vil tru dette er ein iris, men har ingen ide om namn. Eg synest at han har ein nydeleg farge og no har eg masse frø av han som eg gjerne vil dele med andre. Eg tenkjer og at eg kan bruke frø å legge inn i frøpakken som snart kjem innom meg, men eg reknar med det er lite interssant dersom frøa er anonyme. Kan noken hjelpe meg med å identifisere denne.