onsdag 8. desember 2010

Juleførebuingar

Eg pussar messing og sølv som ein del av juleførebuingane kvart år, enten det er trong for det eller ikkje.

Eg har vore innom mange ulike merke, og vore rimeleg nøgd kvar gong , MEN NO har eg funne supermiddelet. POL heiter det og er for alle metallprodukt. Eg har ikkje sett det før, men det skal visst vere omtala i Familien.  Eg kjøpte det på ein butikk for antikvitetar og dei prisa det opp i skyene.  I dag har prøvd det og aldri har eg hatt så fint sølv og blank messing før.  Lett å bruke var det og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar