mandag 27. juni 2011

Årets tredje og siste gjødsling av rosene.

Dette var motivet frå gangdøra i går. Det livnar til, eg har klipt ned visna lauv frå vårløkane, og fyllt på med sommarblomar og sjølvsådde stauder. Kvar vår så gler eg meg stort over alle vårløkane og det store fargekicket dei gjev. Så kjem forfallet si tid og eg tenkjer at dette vil eg ikkje sjå på fleire år, og bestemmer meg for å grave dei opp. I år har eg gjort ein mellomting, eg har teke opp tulipanar og lagt dei til tørking og så har eg lete dei andre visne ned.
Dei vårblomstrande staudene har eg og klipt ned og dermed vart det plass til mykje nytt. Det er meldt mykje regn i desse dagane, så igår hadde eg meg ei runde med hønsegjødsel i alle bed. Rosene fekk for siste gong i år, men sommarblomane kan vel kanskje trenge ein omgang seinare og.
I går fekk eg telefon frå ei dame frå det lokale hagelaget om at dei vil prøve å blåse litt liv att i laget. Ho ville gjerne ha meg med, og inviterte meg til å kome på møte i neste veke. Då måtte eg ta med i bilen alt eg hadde plass til av sommarblomar og stauder for salg. Eg vart både glad og rørt over eit slikt tilbod og stiller med glede opp. Det kan verte ein vinn vinn situasjon for alle partar dersom eg finn noken som er interessert i å kjøpe av overskotet av staudeproduksjonen min. Hagelagsmedlemane kan få kjøpe både vanlege og meir uvanlege stauder og eg får kundar. Men det å få treffe andre likesinna og prate planter med noken som verkeleg er interesserte er det viktigaste av alt. Eg gler meg!!

3 kommentarer:

  1. Der fikk jeg en påminnelse ja... det med gjødsling av roser har det ikke blitt tid til. St.Hans-tid er vel tidsgrensen... men noen få dager over, får vel gå.

    SvarSlett
  2. Du er jammen dyktig som rekker tre runder med gjødsling.. Her får de nok nøye seg med to også i år. Lykke til med hagelaget.. jeg synes det er veldig kjekt. En får mange gode venner som har den samme interessen.Og så er det mye kunnskap å ødsle av blant medlemmene:-)

    SvarSlett
  3. Hmpf... jeg har visst glemt å gjødsle rosene i feriehagen i år. Håper de fremdeles kan tære litt på den halve runden jeg rakk i fjor, hehe :-) Kos deg på hagelagsmøte!

    SvarSlett