mandag 27. juni 2011

Tomatplantene er oppbundne

 Omsider har eg fått ut alle uteplantene frå drivhuset og eg har fått litt plass til å snu meg rundt. Så laurdagen vart brukt til å binde opp tomatplantene. Dette er andre året med tomatplanter i drivhuset og plantene ser mykje betre ut i år enn i fjor. Dei har kraftigare stamme og det kjem mykje meir blomar.  Mesteparten er av dei same frøa som eg brukte i fjor frå Camilla Plum, men eg las ein stad at det var i spireprosessen at anlegga for blomar var skapte. Så i år var eg nøyen på spiretemperaturen. Når plantene kom opp fekk eg og fjerna alle tjuvane.
Her er to tomatilloplanter og den eine har blomstra. Eg har to agurkplanter og, dei fekk det for kaldt ein periode, og då sturte dei veldig lenge, men no er dei endeleg kome i blomst. Physalisplantene er kome i store potter og, men her er det ikkje blomstring enno. Eg må vel vente til neste år før eg får frukter på dei. Har planer om å overvintre iallefall den eine planta.

6 kommentarer:

  1. Så flotte tomatplanter ,nå er det bare å vente på de første fruktene.
    Ha en fin dag , Marit.

    SvarSlett
  2. Hei Marit, ja no gler eg meg til å hauste tomatar, håpar at noken vert modne tidlegare enn i fjor. Ein god dag til deg og.

    SvarSlett
  3. Så store, flotte og sunne tomatplanter du har fått til! Kjempesmart med de plastikk kassene som du har dem i:) Klem Ellen.

    SvarSlett
  4. Hei Ellen, takk for klem og klem attende til deg. I fjor la eg lecakuler i botnen av kassane, men det vart mykje styr med vasking av kuler om hausten. I år nemde eg såvidt til mannen min at eg skulle hatt ei anna ordning i botnen av kassane. Før eg hadde snudd meg rundt så var han igang med å lage eit vassreservoar i botnen, som eg la duk over, og vips så slapp eg alt syret med lecakuler. Kassane har hol på sida til å sleppe ut for mykje vatning. Dei blanke kassane kjøpte eg på Jula, men dei toler lite. Dei sprekk lett. Dei svarte er kjøpt på Biltema og varer sikkert til evig tid.

    SvarSlett
  5. Hei! Det lover godt for årets tomatavling :-) Takk for info om at blomsteremnene dannes så tidlig, det visste jeg ikke. Lykke til!

    SvarSlett
  6. Så flotte de ser ut! Mine er også i god vekst, og har allerede bært frukter! Nå er det bare å vente på at de skal bli røde =) Ingenting er som selvdyrkede tomater!

    SvarSlett