tirsdag 25. september 2012

Nytt veksthus og nyvaska drivhus

 Fredag var det nye veksthuset på plass, så so er eg såvidt igang med å flytte inn staudepotter til overvintring. Eg reknar med at det er for tidleg å setje inn staudene med mykje lauvverk, eg er redd det vert grobotn for sopp og mugg dersom dei kjem inn i eit tett hus. Så eg reknar med at eg må vente til temperaturen går ned ein god del før eg set inn alle pottene. 

I dag har eg vaska ned drivhuset. Det er alltid ein god følelse når huset er reint og står klart til neste sesong. I år brukte eg Bio-clean frå Plantasjen og det funka godt. Eg blanda det ut i vatn og i mangel på ei god sprøyte så hadde eg det på med ein kost. Så spylte eg det reint etterpå. 

No har eg teke inn den automatiske lukeopnaren, det er fort gjort å gløyme den før frosten sett inn, men no er den komen inn i varmen. Kassane som eg har hatt tomatar i har eg tømt, vaska og dei står til tørk.                                                                             I morgon skal eg rydde vekk frostskadde sommarblomar som står i beda, og så skal eg fylle inn med stauder. 

Håpar ALLE får ei god haustveke!


4 kommentarer:

  1. Så dyktig du har vært... det er enda en tid før jeg kommer så langt. Trøster meg med at det er meldt rundt 12 gr. neste uke, så frosten lar heldigvis vente på seg en liten stund til.
    Jeg skal prøve å vaske med dampvasker i år, venner av meg anbefaler det...

    SvarSlett
  2. Du er virkelig ei driftig dame og er koma langt med vinterforberedelsane. Ja det drivhuset såg inbydandes ut til ein ny sesong....det er berre å glede seg. Den kjem før ein veit ordet av det.
    Ha ei fine dagar i hagen!

    SvarSlett
  3. Heia Elsa.

    Gratulere så mye med nytt drivhus :)

    Ja, det er deilig og få vaska ned drivhusene, har du strøm der om vinteren sia du sett plantene der til overvintring ?

    Æ har også tatt opp løkene som skal overvintre inne og begynt og rydde i bedene, frosten har ikke vært her ennu, men nesten :)

    Ha en fin kveld, hilsen Lisbeth ;Ø)

    SvarSlett
  4. Hei på deg Else,,,
    Det var ett flott drivhus , vaske med ett rense middel var lurt det skal jaggu jeg og he he ,,lærer noe nytt og lurt hele tiden,,

    Ha en fin kveld , Maritklem.

    SvarSlett