fredag 4. januar 2013

Frø, frø, frø,,,,,


Omslaget till TA 4/2012

 
2034 ulike variantar av frø kunne eg velje mellom i STA si frøliste som kom før jul.
Så måtte eg velje 20 av dei eg hadde mest lyst på, det var jo sjølvsagt ei uoverkommeleg oppgåve. Sidan energinivået mitt i det siste har vore på eit lågmål så var det heilt i siste liten at eg klarte å ta fatt på lista. I går fekk eg sendt av stad bestillinga, pluss ein del reserve i tilfelle dei gjekk tom for dei sortane eg hadde mest lyst på.
I dag har eg vore på planterommet og sådd lobelia, asarina og blodbeger. I tillegg fekk eg sådd Magnarfrøa som eg ikkje hadde overskot til å så før jul. Du og du kor ein herleg følelse det var å setje seg ned i ro med frøposane og spre frøa i den svarte passeleg fukta jorda.
Dette er  fjerde sesongen min med planterom som er tilpassa å ale opp frøplanter til eg kan flytte plantene ut i drivhuset. Planterommet er egentleg vaskerommet mitt, men det er lite som minner om vaskerom i tida frå januar til april, då eg flytter ut dei siste plantene.
Eg har tre hyller med plantelys over, temperaturen i romet er omlag 15 C. So har eg fått opp hyller til tomme potter og anna som eg treng. Eg brukar plastfolie til å dekke pottene med fram til frøa spirer. Dei fleste sortane spirer greitt i denne temperaturen, men dei som treng meir får stå på badegolvet og då skjer det som regel fort. Då må eg passe godt på slik at eg flyttar pottene med småspirene i lys slik at dei ikkje vert for lange i mangel på lys.
Etter spiring set spirene og som regel pris på litt lægre temperatur så då er det ideelt på planterommet.
Temperaturen ute dei siste dagane har veksla mellom 2 og 7 grader, det har regna dag og natt, men no ser det ut til at i løpet av neste veke skal det verte litt betre.
 

Godt nytt år til alle som besøkjer bloggen min og som legg att hyggelege kommentarar. No tek vi til på ei tid der dagane gradvis vert lysare og vi kan snart gå ut å kike etter dei første teikna til dei første vinter/vårblomane.

9 kommentarer:

  1. Godt nytt år til deg også Else.
    Her fikk jeg mange gode tips, jeg har jo laget meg plante-rom i kjelleren.
    Blodbeger kan jeg så nå forstår jeg, det blir første året jeg prøver den,,spennende,,

    God helg fra Marit.

    SvarSlett
  2. Godt nytt år, Else! Det var merkelig nok et lite tiltak å så, men når jeg først kom i gang, var det riktig så koselig :) Asarina har jeg glemt å så! Det gikk ikke så bra med de jeg sådde i fjor. De spirte og vokste flott, men overgangen til utelivet ble litt for tøft, så de døde .....Men jeg prøver igjen i år! Måtte du begrense deg til bare 20 forskjellige frø? Da skjønner jeg det ble vanskelig, ja!
    Lykke til med sådden!

    SvarSlett
  3. Godt nytt år!
    Det er så deilig at vi igjen går mot lysere tider. Nå kan vi finne fram staudefrø og andre frø som trenger lang utviklingstid, jord og merkepinner. Om ikke lenge spirer det både ute og inne.
    Her er det også mildt og grått for tiden. Håper på litt lettere vær i helgen.
    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  4. Dette var snadder å lese :) Åååå det er så herlig når vi er komne så langt at frøsåinga kan starte.
    Høyrest heilt fortreffelig ut med planterom som er egna til å drive fram spirane i påvente av våren i drivhuset.
    Den STA lista høyrest spennande ut. Må undersøke litt meir korleis ein kan melde seg på den til seinare år. Men det må ver veldig vanskelig å velge ut 20 sortar visst den er lang.
    No gled eg meg vidare til å sjå dei første spirane hos deg :)

    Ha ei god fin helg.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Godt Nytt År til deg også.
    Krysser fingrene for at du får de frøene du ønsker deg fra STA. Der fra kan man få mye lekkert.
    Ha en fin helg :-)

    SvarSlett
  6. Eg blir so imponert tanta! :)
    Eg kjem gjerne en tur i sommar og tar med meg litt forskjellig om du har ;D
    Johanne.

    SvarSlett
  7. Godt å se at det begynner å vokse sjølv om det er tidleg endå. Den cyclamen'en såg interessant ut. Har selv bestilt 4 variantar til våren. Legg gjerne ut sålista di! Alltid spennande å se hva andre sår og kva som spirer! Er spent på korleis det går med plantane eg kjøpte frå deg i sommar og om dei har overlevd vinteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Eivind, har nok mykje på sålista i år og. Enno er det berre dei første sommarblomane som har spirt. Har ein god del staudefrø dette året og, noke som er sådd, og noke som skal såast denne veka. Skal legge ut ei liste når eg har fått litt betre oversikt. Eg håpar og trur at plantene har overlevd og sneglane har fått fyken. Har heldigvis ikkje brunsneglar enno, men det er vel berre eit spørsmål om tid før dei dukkar opp i hagen min og.

      Slett
  8. Brunsneglane er ikkje noko kjekt å ha i hagen nei. Dei to stadane eg plantar mine planter (Førde og Bremanger), har eg hatt brunsneglar nokre år. Verst er det i Førde, der dei tydelegvis har god tilgang på mat. Dei er iallefall velfødde og store!!! :( Mora mi var forskåna for sneglane heilt til i fjor, så dei kjem nok ein gong....dessverre...

    SvarSlett