torsdag 28. mars 2013

VÅR I DRIVHUSET

                                     BLOGGTØRKE
Eg vart rimeleg overraska då eg såg at siste innlegg var for meir enn to månader sidan. Men det er ikkje verre enn at alt står vel til vel til med både plantene og meg. Såinga starta rett etter nyttår og held fram enno. For 2 veker sidan flytta eg inn i drivhuset med planter og i dag sette eg meg ut og prikla nokre stauder.

Pelargonia som har overvintra i isoporkasse.

Desse geraniumane har vokse godt etter at dei kom ut i drivhuset, så idag har eg potta dei om i større potter.

Blodbegerplantene er ikkje så store enno, men dei ser ut til å verte tette og fine.

Nokre av Dahliane, sommargeorginene er alt komne i større potter og er i god vekst.

I år har eg sådd Ageratum, blåkorg, dei spirte flott og no vert dei tette og fine.

Det har vore ein usedvanleg kald vår. Det trur eg at eg har uttalt kvart å dei siste åra etter at eg fekk drivhus. Men i år er det verkeleg kaldt. Dalsvatnet har 50 cm is, og det må truleg vere rekord, iallefall er det ikkje noken eg har høyrt som hugsar meir is. No ser eg at Yr trur at nattetemperaturen skal verte rundt 0 om ein par dagar. Så då vil nok telen byrja å sleppe, slik at eg kan få rydda litt i beda.
Kulden er ikkje berre her, det ser ut til at det er usedvanleg kaldt over heile landet. Eg skal ikkkje klage, kjem det seg no så vert det nok flott.


Til venstre her står 3 Anthirrinum, løvemunn, som og har overvintra i isoporkassar ilag med Fuksia og Pelargonia. Eg ser at etter 2 veker med lys og jord rundt røtene så er dei igang med veksten.


Knollgeorginene har hatt vinteropplag i planterommet, og der har dei hatt det fortreffeleg i vinter og. Eg skal potte dei opp etter påske når eg får kjøpt meir jord.

Denne fuksiaen og ei til har stått i plastpose i same frostfrie blindkjellaren, utan lys og dei er klar for potte og sommaren.

Eg sådde Abutilon, stuelønn, som eg sådde for eitt år sidan, dei største har overvintra inne, desse var så små at eg tenkte dei ville ikkje overvintre, men livsviljen er der, så etter ein vinter i isoporkassar så skal dei få godt stell i sommar, for å få komme inn i stova til vinteren att.

7 kommentarer:

  1. Hei og God Påske til deg.
    Jammen er det frodig hjå deg. Så deilig å fått flytta inn i drivhuset. Håper det blir litt mildare no så eg får opne mitt også. I natt var det faktisk ikkje så veldig mange minus, så no håper eg..... Her står det litt rundt omkring og det er blitt ganske fullt. Og då har eg ikkje sådd sommarblomane enda....men men det ordnar seg nok snart :))
    Kos deg vidare i Påska, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Heia Else, det er ei stund sia sist vi har blogges , men nu er det lysere dager og vi er begynt ute i drivhusene våres og der skal vi kose oss med alle de søte blomstrene våre som skal pynte opp i hagene vårres :)
    Så mye fint og så store mange av blomstrene dine allerede er blitt idrivhuset ditt :)
    Du får ha en fin påske, hersnør det, ikke noe trivelig påskevær.

    Hilsen Lisbeth :O)

    SvarSlett
  3. Så masse flotte planter du har i drivhuset ditt! Det er kjekt å se at det spirer og gror. I år har jeg virkelig vært glad for å ha drivhus, siden det har vært så kaldt ute. Når solen skinner blir det jo sommertemperatur der.
    Ha en riktig god påske!

    SvarSlett
  4. Flott å se slik en vokseglede i drivhuset ditt. Her blir det mye fin blomstring:)
    Håper du/YR har rett i at nattetemperaturen skal stige.

    SvarSlett
  5. Som det vokser hos deg :o)
    Ja håper kulden forsvinner og telen tiner.
    Ha ei fortsatt fin påske.

    SvarSlett
  6. Hei Else:)
    Så hyggelig å høre fra deg...og at alt er bra med planter og deg:)..og som det vokser!...håper på mindre kalde netter så jeg også kan flytte ut mine frøplanter i veksthuset:)
    God påske:))

    SvarSlett
  7. Hei! Der var du igang med våren. Det er herlig når det spirer og gror igjen. Flotte småplanter hos deg!

    Ønsker deg en fortsatt fin påske! Vivi

    SvarSlett