søndag 19. mai 2013

VÅREN HAR FÅTT HETESLAG

For ei veke var det klagesang om at eg måtte bruke fleece og fiberduk mot kulde, no har vi hatt nokre dagar med 25 grader, og alt rundt oss eksploderar i vekst. Eg har mitt fulle hyre med å vatne alle småpottene. Nokre nyprikla stauder trur eg at eg har forsømt med vatn slik at dei har tørka inn. 
Den tidlege blå Alpeklematisen er klar for blomstring.

 Gamle raude tulipanar.
 Utsikt frå gangdøra i kveld 19. mai, det vert lubnare i beda for kvar dag, og bjørka har snart fått fullvaksne blad.
 Nyklipt lavendel har sett pris på varmen.
 Sanguisorba officinalis, blodtopp.
 Pulsatilla vulgaris
 Mertensis pterocarpa, Steinsøsterurt. Denne sådde eg av Magnarfrø i okt. 2011, eg vonar at det vert blomar på denne i år. Eg har ho fleire stader i  hagen.
 Duppesoleie som snart er i full blomst. Denne får ikkje anledning til å verte stor, for det er stadig ein eller annan kunde som fell for denne og får med ein liten rotbit på kjøpet. Ho kan som tidlegare sagt ikkje formeirast med frø og ettersom det er ei kulturarvplante så er det om å gjere å få ho spreidd.
Cephalaria gigantea, gullknapp, sådd i oktober 2011 av Akoenfrø, eg fekk berre ei plante og i år ser ho ut til at ho skal gjere ære på namnet. Ho er svært kraftig, eg vonar at ho blomstrar i år, i så fall vert det første gong eg ser blomane hennar.

 Ein pion som er i krafti vekst.
 Tomatane har kome på plass i kassane sine. Eg har ikkje fått sett dei nedi før i dag, for jordtemperaturen var for låg. 12 kassar har eg med 2 planter i kvar. 
 Drueplanta kjøpte eg for 3 år sidan og ho står no på tredje plassen. Det ser ut til at ho har tålt flyttinga inn i veksthuset, for no veks knuppane.
 Eg er ikkje heilt sikker på kva slags frø denne kjem frå, men ei blålilla Pulsatilla er det iallefall. Denne står slik at ho får sol mesteparten av dagen så ho snur seg nok ein 300 grader får soloppgang til ho no nyt siste solstrålane.
Rhodiola rosea, rosenrot, på Rolv kan du lese meir om denne planta og bruk i folkemedisinen. Her veks ho rundt i fjellhamrane ned mot sjøen, og på denne tid pyntar ho godt opp.
No har vi feira 17. mai og pinse med litt familie på besøk, det har vore flotte dagar og eg ynskjer alle som kjem innom bloggen god sundagskveld, framleis god pinse og ei god veke.

5 kommentarer:

  1. Å så deilig at du har fått varme hos dæ endelig, så fint blomstrene veks hos dæ.
    Masse fine bilder :)
    Ha en fortsatt fin pinse :)

    Lisbeth :O))

    SvarSlett
  2. Dette er jo nesten-sommer! Så sterke flotte de plantene er, det blir nok fine eksemplarer med blomstring! Synd med frøplanter som tok skade av heteslag, men man må vel alltids ta høyde for at noe faller fra. Fortsatt fin pinse til deg!

    SvarSlett
  3. Deilig med sol og varme. Fine bilder du viser.

    Ha en flott dag!!

    SvarSlett
  4. Vel overstått 17 mai og pinse. Så mye spennende du har som spretter opp hos deg nå. De murerbaljene var smarte til tomtene forresten.

    SvarSlett
  5. Herlige bilder og mye morsomt som kommer opp hos deg!

    SvarSlett