mandag 15. juli 2013

LITT AV KVART

Denne har eg ikkje kontroll på kva ho heiter, eg finn ho ikkje på sålistene mine under Campanula, så då må eg leite vidare, med mindre noken kan seie meg kva det er.

Laurdag var eg i Parken i kommunesenteret og selde planter, eg hadde desse amplane med lobelia og blodbeger, sommarblomar og stauder. Det var ikkje vanskeleg å selje amplane.

Staudekassane var ganske tomme dei og då eg reiste heim att. Eg har faktisk hatt ein del respons på å Plantelista mi og, eg har sendt ein del plantepakkar og fått gode meldingar attende. No har eg potta opp ein del nye stauder, så lista vert snart oppdatert.

I hagen er det VÅTT, men hjelpe meg som det veks. Eg brukar alltid å ha tre gjødslingar, men i år slutta eg etter to. 


Denne storknebben er altfor stor for denne plassen, så enten må han få ny plass eller ny hage, får tru det vert det siste.

Her veks noken abnorme kongslys og blodtoppar. Kan ikkje ha kongslys i rosebedet, og blodtoppane må og få nytt bed eller ny hage.


Endå eit kongslys som kjem til å dominere bedet.

Denne anemona veks i eit reint staudebed, der gjødslar eg minimalt, så den er meir normal i størrelsen.


Allium cernum som eg sådde første året i Hagegalskapen, no har den eine løken som eg planta utvida seg og planta er voksen seg stor og kraftig.
No er omsider sjasminen i fullt flor.
I dag regnar det OG, eg ser ikkje over fjorden, vi fyrer i ovnen og eg har ei brøddeig på gong. Det melder sol og 20 C frå fredag, det skal verte herleg med sol og varme og feriegjestar.
Ha ei flott veke alle!

6 kommentarer:

  1. Her var det mange fine planter og så flotte ampler, ja de gikk vel som varmt hvetebrød.

    Her har det vært sol og varmt den siste tiden så jeg har vannet de nye plantene hver kveld.
    De ser ut til å trives godt og kommer med nye blader og skudd.

    Ha en fin sommerdag Else, Marit.

    SvarSlett
  2. ja, jeg kan tenke meg at de amplene gikk fort unna! De var jo kjempefine! Jeg kunne godt tenke meg en natt med regn, for her er det så tørt at plantene detter ut av pottene. Men å måtte fyre i ovnen, nei det vil jeg helst slippe på en god stund enda :-)

    Ha en fin dag uansett vær!

    SvarSlett
  3. Hei Else.
    Ja, det er heilt urtulig at vi må fyre no midt på sommaren. Det er så grått og kaldt her også. Ingen vits å prøve seg på noko slags hagearbeid no, det regnar i ett.
    Amplane dine var virkelig frodige så dei var det nok mange som ville ha, likeså staudene.
    Kan det ver Campanula barbata alba du viser. Litt vanskelig å sjå når ikkje blada viser. Den har ein bladrosett nede ved bakken. Lignar veldig på bildet.

    Ha det fint, så får vi berre håpe at varmen kjem snart. Det hadde vore deilig, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Så kjekt at du får god avsetning på plantene dine. Det vokser jo så det knaker i den flotte hagen din.

    SvarSlett
  5. Så fint at du får solgt palntene dine, da får du nu litt inntekt etter all strevet som du kan bruke til nye frø :)

    Så masse fint du har i hagen din.

    Ha en fin kveld.

    Lisbeth ;)

    SvarSlett
  6. Plantene dine , skulle det stå :P

    SvarSlett