søndag 22. mai 2016

Facebook og blogging

Eg hadde aldri tenkt at eg skulle verte brukar av Facebook for venekretsen min er ikkje større enn eg bør klare å ha kontakt med dei utan å¨bruke nettet. Det heiter jo ven, så då tok eg det heilt bokstaveleg. 
Men so sit eg no her med ei masse av overskotsplanter av sågalskapen min og då måtte eg finne ein måte å få fortalt om plantene mine. Då var det at eg let meg overtale til å prøve Facebook. 
Det vart ei heil ny verd som opna seg og eg har funne massevis av lærdom der ogso, i tillegg til hagefora og hageblogging som eg har nytta tidlegare. 
Der er ogso ein del lukka grupper, der det nesten vert kravd at du har i det minste litt erfaring, og der det vert delt mange flotte bilete og mykje god informasjon om hage og planter.
Staudeglade på Facebook er ei slik gruppe og den kan eg trygt anbefale. Der er det mange med erfaring og kunnskap som villig vekk deler det dei kan. Så er det jo veldig kjekt at det vert kravd at vi brukar botanisk namn på plantene slik at alle veit kva for ei plante det er snakk om, og då får vi opp masse informasjon ved å bruke søkefeltet. 
Ja det er berre å innrømme, eg er ein ihuga brukar av Facebook.

6 kommentarer:

  1. Ja, hvorfor ikke! Alt til sin bruk sier jeg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Alt til sitt bruk er heilt rett, og eg er jo litt redd for å verte heilt utdatert dersom eg ikkje prøver å henge meg på.

      Slett
  2. Eg har vore på facebook i seks-sju år, og er vel litt avhengig må eg innrømme! Det blir mindre blogging, for det krev ikkje så mykje energi å holde til på Fb liksom. Men eg savner det bloggsosiale, og hageforumet hagEgal der eg tross alt har vorte kjend med likesinna! Ikkje misforstå, eg bloggar framleis, og er ofte innom hagegalforumet! Ja takk til alle :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser og at eg er mykje mindre aktiv på bloggen etter at eg kom på Fb, det er liksom så mykje enklare der. Men for å ha noke å sjå attende på så er bloggen suveren. Då angrar eg på at eg ikkje har vore flinkare til å blogge.

      Slett
  3. Jeg synes det er litt trist at så mange bloggere går over til fb...Det er enklere å bruke fb, ja, men det burde ikke være en motsetning mellom det og skrive på bloggen. Jeg leser på fb, men skriver på bloggen. Uten den hadde jeg ikke husket halvparten av det jeg har i hagen ;) Jeg synes at hageblogging er mye mer personelig enn fb. Det blir alt bare en stor røre ;)
    Men hver sin lyst... :)

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er så einig, det er så mykje betre å ha notatar på bloggen. Det er dette med bilete som vert så krøkkete for meg, får ikkje til å lage blogginnlegg frå mobilen.

      Slett