Her er det frø av to sortar gulrot, 'Resistafly' og 'Amsterdam Forcing 3', to sortar raudbete, 'Burpees Golden' og 'Bolivar'. Dei har lege til bløyt i omlag 4 timar, så silte eg dei i tesilen før eg la dei på tørkepapir.
Dette er pallekarmar som eg har kjøpt på ein fabrikk som lagar pallekarmar, og her har eg sådd gulerøtene og Salat, 'Baby Leaf Mix' i midten. Vi har lagt not over alle kassane i dag, for at ikkje kattane skal verte altfor freista til å ta dei i bruk som toalett, seinare skal eg ha fiberduk over.
Her har eg sådd to sortar pastinakk, 'White Gem' og 'Gladiator', den eine kan haustast tidleg, men begge kan stå i jorda til våren. Til høgre i denne karmen skal eg så bondebønne, 'Witkiem'.
Salat av mange slag: Isberg Great Lakes 118, Plukksalat Salad Bowl og Rucola.
17. mars sådde eg Pak Choi F1 'Joi Choi' og Grønkål 'Nero di Toscana' inne, dei har vokse seg store og fine før utplanting, så direktesådde eg ei rast i midten med Sareptasennep 'Green in Snow'.
I denne karmen har eg sådd fennikel 'Fino' og raudbetane.
I den fjerde karmen har eg to sortar lauk, raud og gul.

