lørdag 9. april 2011

BLOG AWARD - TAKK TIL BILLE

Tusen takk til Bille som har gitt meg ein Award etter kort tid som bloggar. Det er og Bille som har hjelpt meg til å lage heading på bloggen, og den er eg om eg skal seie det sjølv, ganske nøgd med. Ettersom eg forstår så bør eg fortelje litt om meg sjølv. Eg har vel helde korta ganske tett til brystet så langt.
Men så er det så at etter å ha delteke litt på Blogforumet og i Skravleforumet så har eg fått vite litt om dokke andre som eg deler interesse med og då skal eg by på litt om meg. 
  1. Eg har vore gift i snart 40 år, og håpar på 40 nye, om ikkje mannen min får nok av hagegalskapen min.
  2. Det første bedet mitt var på omlag 60 cm i diameter rundt eit plommetre i hagen til foreldra mine.
  3. Eg likar godt å lese, i bokhylla er det mange faktabøker om litt av kvart, mest mat og hage. Skjønnlitteratur lånar eg på biblioteket.
  4. Eg elskar eit kortspel som heiter Romme.
  5. Eg bur i ei lita bygd, med god utsikt til fjell, fjord, øyar og hav.
  6. Så har eg ein ting eg lurer på: Når eg sit ute på terrassen og ser ut fjorden så går ferja att og fram heile tida. Men når eg skal reise med ferja sjølv - så går ho nokre få turar for dag. Er det nokon som kan gje ei god forklaring på det?
  7. Når lyden av insekta ein varm sommardag fyller lufta, då er sommaren fullkomen.
Når vinden uler og snøen piskar, då er eg glad eg er fødd i forrige århundre og ikkje i den tid folk måtte søkje ly under ein hellar.

Det å dele ut Award til andre bloggarar er både lett og vanskeleg, det er fantastisk mange flotte bloggar å fylgje. Noken er flottare enn andre, men alle har eitt eller anna ved seg som er verdt å ha med seg. Eg kosar meg med bilete av natur, hage, fuglar og frøspirer. Eg tykkjer det er kjekt å lese om store og små prosjekt, store og små gleder, og store og små tabber. 
Så har eg sett opp ei liste og dei nominerte er:
  • RandiF sin vestlandshage - den første bloggen eg følgde, og fordi vi bur nær kvarandre og har nokelunde likt klima.
  • Sunnmørshagen - ho er tidleg ute med vårteikn og deler små og store opplevingar med oss.
  • Hageflekken - som skriv om økologisk hageglede
  • Kathrinehagen - flotte bilete
  • Mari - som mellom anna er "berre gal", og som har spandert ein stor frøpakke på meg.
Det er mange andre bloggar som har trengt seg på i minnet mitt når eg har skriv, men no får det halde for denne gong.
Eg ynskjer dokke alle ei god helg.


5 kommentarer:

  1. Hei Else! Herlige punkter du har satt opp, mystisk det der med ferga, har aldri tenkt på det men sånn er det faktisk med bussen her jeg bor også. Kanslje mysteriet er større enn du tror? :-) Kortspillet Romme har jeg aldri hørt om. Og takk for takk ;-) Ha en fantastisk flott søndag!

    SvarSlett
  2. Takk for nominering, koselig :) Får se hva jeg får rota meg til.
    Er enig med at skjønnlitteratur er greiest å låne på biblioteket hvis de har bøkene jeg er ute etter. Er veldig glad i fantasyforfatteren David Eddings og da må jeg ty til Ebay, men de kan jeg godt lese mange ganger så det er liksom greit ;)

    Ps dysleksitesten krever at jeg skriver "papaver" artig!!

    SvarSlett
  3. Til Mari og Bille, takk for kommentar. EG har hatt ei travel helg, med rydding i staudepotter og rydding i hagen. I dag har vi vore i byen på handel, så no har eg fått opp litt meir hyller både ute og i drivhuset.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for award, Else T. Sei frå om du kjem til Florø.... :-)

    SvarSlett
  5. Takk, eg har jo tenkt tanken at det skulle vore kjekt å sjå hagnen din, så takk. Du er sjølvsagt velkomen til meg og. Kanskje de tek turen inn Dalsfjorden ein gong.

    SvarSlett