fredag 8. april 2011

Drivhustemperatur

Begoniaknollane hadde godt av få flytte i drivhuset, dei haldt på å verte litt for lange inne i glaskarmen.

Dette er fakkelranke.

Blodbegerplantene veks fint, eg har ein kasse i drivhuset og ein i stova.

Dette er rosmarin som har overvintra i drivhuset.

I dag har eg potta om det som eg tidlegare har sagt er av favorittane mine, Kongslys. Dei er verkeleg i god vekst, og eg må nok snart flytte dei ut, men enn so lenge skal dei få stå i drivhuset.

Dette er sølvkrans, dei største av dei har fått større potte i dag.

Dette er valmuesøstrene som eg grov fram frå lauvhaugen for ei veke sidan. Dei er byrja å få litt friskare grønfarge. I helga er det meldt om varmare veir, og då har eg tenkt å setje meg i sola å pusle litt med staudepottene mine.

Temperaturen i drivhuset er no omlag 15C om dagen dersom det er oveskya, om natta er det mellom 7 og 10C. Jordtemperaturen er 15 grader, og det tykkjer eg er kjempeflott.  Det har voe mykje regn og vind i det siste, så det er ganske fuktig inne, det er både ilt og godt. Plantene vil jo gjerne ha god luftfuktigheit, men det kan fort verte for fuktig og då veks sopp av alle slag. Så eg luftar så godt eg kan. Drivhustermostaten som regulerar lufteluka monterte eg på onsdag.

3 kommentarer:

  1. Så flotte bilder! Jeg har nylig fått med meg hjem totre frlplanter av Kongslys, har aldri hatt den før, og egentlig er det litt tilfeldig at jeg har den nå, men har søkt litt på nettet og den ser jo flott ut. Det er en hvit jeg har, sikkert 'Alba'. Hvilken har du?

    SvarSlett
  2. frøplanter og ikke frlplanter, men den tok du vel... :-)

    Skulle forresten også si at jeg har svart på det du lurte på om Awarden du fikk, så nå er jeg spent på hva du kommer til å skrive!

    SvarSlett
  3. Eg har vanleg kongslys fargeblanding, 1 filtkongslys, konslys Violetta og 2 kvite. Det er dei vanlege som spirer best, så fekk eg bra spiring på Violetta, men filtkonslys og den kvite var dårleg spiring. Ja, då før eg til å pønske ut kva eg skal skrive.

    SvarSlett