fredag 1. april 2011

Nyfriserte pelargonia og fuhcsia står og ventar på lys og varme. Desse har i dag fått kome ut av isoporkassen som har vore vinterseng, med ei dyne av mose.  Alle plantene viser teikn til liv, så eg har håp om mange fine planter om ein månad.

Georgineknollane har hatt vintersøvnen i sin på vaskeromet i grøne fruktkassar med fine gardin rundt seg. Nesten alle hadde fine spirer, og dei fleste hadde tilogmed merkelapp på seg så eg har ei aning om kva slags farge det er snakk om.
Her har georgineknollane kome i potter med ei blanding av hagejord, kjøpejord og litt beinmjøl. Eg håpar dei set pris på maten og at eg kan plante kraftige fine planter ut i beda om ein par månader. 
Eg har fått på plass hyllene i drivhuset og idag, så no er det litt meir leveleg i stova, ikkje for det, det er veldig fint med friske grøne lobeliaplanter som velt utover dei blå soppkassane. I år er dei kome så langt at eg må nok gje dei ein god stuss så dei kan verte tette og fine til utplanting.

I dag har det vore omlag 10 grader, skya med litt trekk.  Så då nytta eg høvet til å plukke vekk det verste i beda. Det skal ikkje så mykje til før alt ser mykje trivelegare ut. No er regnet her att.

Eg ynskjer alle som eventuellt er innom bloggen ei god helg.

6 kommentarer:

  1. Jøje meg.. så mange krukker og et ryddig system.
    kan godt forstå at du ser frem til vekst og blomstring. Det er en fantastisk tid vi nå går i møte. En fin helg til deg også!

    SvarSlett
  2. Det var mange georginer! Liker de, men sår nye hvert år :-) Ha en riktig god helg!

    SvarSlett
  3. Du har jammen mange krukker med både Pelargonia, Fuchsia og georginer! Det kommer til å bli flott når alt står i blomst ;) Flott med skikkelige hyller i drivhuset!

    SvarSlett
  4. Hei, og takk for kommentar. Det pussige er at eg trur at eg nesten ikkje kjøper gorgineknollar. Dei er utruleg lette å formeire. Eg delar dei opp når eg pottar dei. for første gong i år så tok eg vare på knollane frå sommargeorginene som eg hadde sådd, og ein av knollane frå Decorative Giants var verkeleg gigantisk.

    SvarSlett
  5. Det så ut som du hadde et fint system i drivhuset ditt. Det blir nok fint i din hage med masse georginer!

    SvarSlett
  6. Eg er nøgd med systemet som eg har på hyllene. Eg har kjøpt hylleknektar på Biltema, der står hola nesten rett ovanfor kvarandre.Desse står oppe heile tida. Hyllene er lause bord som eg legg oppå. Då er det enkelt å ta dei vekk att når tomatplanene veks seg til og treng plass. Den øverste hylla kjøpte eg med drivhuset, men det vart for dyrt å innrede heile huset med slike hyller. Eg kjøpte ein billeg reol på Biltema i fjor, men den var ikkje noke tess, så den har eg fytta i uthuset.

    SvarSlett