tirsdag 7. juni 2011

Inspirert av Hagegal-tråd om mangel på grøne fingrar

 I går starta Alba ein tråd på Hagegal om kva det kunne vere ho gjorde som var feil ettersom det var så mykje som skranta i hagen hennar. Det visste seg fort at ho var ikkje åleine om å ha ting som ikkje går like bra, men det er sjeldan tema på hverken blogg eller andre stader. Så idag tenkte eg at eg skulle sjå litt på kva som ikkje ser så bra ut for tida. På biletet over står det ei potte med Zuluasters og restane av den eine av to Ipomea alba. Det er liv i rota enno, men eg trur løpet er kjørt for denne. Eg var nok for tidleg ute med utplanting.
 Dette er kvite ranunklar som skulle vere flotte brullaupsblomar. Dei har hatt lus og vart plasserte ut, men det hadde nok ikkje vorte noke blomar uansett.
 Der er utsikt frå gangdøra i dag tidleg. Det første som møter meg er synet av tulipanar som er i den fasen som skal syte for god blomstring til neste år. Det står og to roser der, men det er ikkje noke tak i dei, eg får plante noke som tek oppmerksomheita frå rosene dersom dei ikkje sler til, det er jo endå håp dersom det no vert varmare. Dette er roser som har gleda oss i sikkert 30 år, så det kan hende at dei no meiner dei har gjort sitt. Synd om dei takkar av for dei har vore friske og sunne og blomsterrike. Veit ikkje namnet.
 Eg må ta att alle hengeamplane mine. I denne har det vore 3 blodbeger, dei er ikkje døde, men vinden har fliska dei grundig, men så var det vel ein sterk kuling i kasta og då kan eg vel ikkje vente meir. Så no skal eg fylle på med noke til blodbegera har fått vokse seg til att.
 Dette er kvite løvemunn og restane av den andre Ipomea alba. Søren og - eg hadde verkeleg gleda meg til at dei skull glede oss med fine blomar og god lukt om kvelden og natta.
 Her er kvit bacopa og restane av vanleg Ipomea, eg har fleire i drivhuset så eg får prøve å plante til att.
Endå eit namnlaust rosetre - klatrerose denne gongen, raude roser som remonterar heile sommaren. Eg fekk treet som takk for at eg hadde gjort ein stor dugnadsjobb eg hadde vore med på i 1995. Det hadde fått ein stor knekk i fjor vinter og i år er det endå meir svekka. Eg har gjødsla og stelt det godt, så då får eg sjå om det kviknar til att.
Som om ikkje dette var nok så har eg idag fått vite at ein av landskjend veirspåmann seier at vi går ein ny kald vinter i møte. Eg hadde besøk av ei hageinteressert dame i kveld som kjøpte stauder av meg og vi var skjønt einige om at vi skulle ikkje late oss knekke, vi kjem vel til å auke innsatsen. Det er jo så enormt mange slekter, artar og sortar så det er alltid noke som vil trivast i min hage og.

5 kommentarer:

  1. Ja, det kan være nyttig å skrive om ting som ikke går så bra også. Det har skjedd akkurat det samme med mine blodbegere. Etter mye vind ble de plutselig helt slappe. Så det er tydelig at de ikke liker kraftig vind. Men de kommer seg nok etterhvert.

    SvarSlett
  2. Egentlig er det ganske interessant å se og lese om det som ikke ble helt vellykket. Jeg jo ikke så mye sånn - ehem...:-) men det er jo bare fordi jeg har plass til nesten ingenting på balkongen. Men, etter sommerferien pleier det meste å være kaputt, da blir det mye trist å rapportere om. Godt du har påfyll i drivhuset da, og selv om du var litt tidlig med noe, så har du sikkert hatt stor glede av tidlig utplanting :-)

    SvarSlett
  3. Ja jeg er enig med dere, det er vel ikke artig men nyttig og lese om ting som ikke går etter planen.
    Det er altid noe nytt og lære .
    Ha en fin dag ,Marit.

    SvarSlett
  4. Det er samme her, hvis det er en trøst! Sommerblomstene liker ikke det kjølige været med temperaturer på rundt 9 grader...Men blodbegeren er heldigvis en tøffing!

    SvarSlett
  5. Takk til alle for gode kommentarar, lobelia er og ein fulltreffar i slikt veir, og no har alle blodbegerplantene kome i blomst og i god vekst.

    SvarSlett