fredag 2. mars 2012

Minne frå barndomen

Dette er trappa ned til kjeldaren i huset som besteforedra mine budde i. Her var det frostritt med unnatak av dei mest kalde periodane, og dei hadde kassar med poteter heilt innerst ved muren. Der var skap med saft, sylteøy og hermetikk. Mjelkebinna hadde og sin plass her, og så langt attende som eg hugsar så var det slange med vatn og gulvet var steinheller slik at vatnet kunne renne rett ut att. Tanta mi vaska klesvasken her og her vart det salta kjøt og fisk. Det er ikkje store rommet, men alt hadde sin plass og steinhellene utafor døra var gode arbeidsbenkjer. Inngangen vender mot syd og det vert lunt og fint her når sola skin. 
Då eg var lita så var eg ofte her og leika. Då var benkene butikkdisk eller gjorde teneste som bord til servering av "kaffi" frå sprukne krus. Alt utstyret som vi trong for butikk og kjøkkenteneste fekk plass i ein tom appelsinkasse og hadde plass under vindauget til høgre når han ikkje var i bruk.
No er besteforeldre, tante og onkel som budde i huset døde, men minna har eg og dei er gode å plukke fram. 

2 kommentarer:

  1. Eit riktig koseleg bilde av swg som ung jente, Else! Kjekt å lese om korleis livet var eingong for alle hadde vakemaskin, kjøleskap osv. God helg!

    SvarSlett
  2. Hei Lesley, takk for hyggeleg kommentar. God helg til deg og!

    SvarSlett