lørdag 25. august 2012

Eg trur dette er Verbascum thapsus, filtkongslys. Det er no eg verkeleg forstår kvifor Verbascum har fått namnet kongslys.

Det er ei frisk, god lukt av sitron av blomane,  det står ei Verbascum nigrum attmed og der er lukta meir ubestemmeleg. 

Ellers så er filtkongslys ei plante med som har mange medisinske eigenskapar, især mot forkjøling. Alt dette og mykje meir kan lesast på Urtekildens planteleksikon.  Verbascum er tilliks med røvebjøller ein viktig del av hagen min, og no har eg fått endå to favorittar, i tillegg til Verbascum phoenicum som eg har masse av frå før.

Så har Marit laga ein ny Give Away, med flotte premiar. 

Så ein liten reklame for Marit sin blogg, der er eg fast lesar, om eg ikkje alltid er like flink til å legge att kommentar. Det er ei dame med mykje kreativitet, flott humor og så tek ho så flotte bilete,  berre sjå biletet under. 

3 kommentarer:

  1. Verbascum er flott plante. Har ein annan sort enn den du viser her. Mi blomstrar tidligare en denne du viser gjer.
    Heilt enig med deg at den bloggen du reklamerar for er flott :)
    Ha ein flott kveld.

    SvarSlett
  2. Kongslys er flotte og staselige planter, og at de i tillegg dufter godt er ingen bakdel :)
    Ha en fin søndag!

    SvarSlett
  3. Verbascum er en nydelig plante, ja, vi må være med hos Marit, det har æ og kasta mæ på :)
    Takk for hilsen inne hos mæ, ha en fin søndag, trur det blir kjøttkaker her i huset idag :)

    Hilsen Lisbeth.

    ps, de derre tallan og bokstavan vi må skrive inn hos dæ for og legge inn kommetar, er vanskelig, de kan du fjærne , de gjør det så vanskelig og få lagt inn kommetar

    SvarSlett