lørdag 13. april 2013

NETTILGANGEN ER ORDNA OG DEI FØRSTE NYPRIKLA STAUDENE HAR FLYTTA UT


No er det meldt om mildare neter, og det er sprengfullt i drivhuset, så då flytta eg ut dei staudene som var komne lengst. No er det lite sol og dei kan stå lunt inne ved veggen. 


Slik ser det ut frå døra i drivhuset i dag. Enno viser det mest i blå kassar, men no er det like før lobeliaene, georginene og blåkorga kjem ut over kantane. 
Eg trur at eg har funne løysinga på problemet med Internettilknytinga, til slutt var det så ille at eg nesten ikkje kom inn på noka side. Så då måtte eg setje meg ned å bruke dei små grå. Då kom eg på at dersom vi fekk telefonproblem på ein av dei tidlegare arbeidsplassane mine så tok vi ut telefonledningen og så vart feilen retta. Eg trur at det må ha vore svaret på problema eg har hatt for i dag har alt fungert utan noke som helst trøbbel.
I dag og i går har det vore mellom 7 og 10 C, så no har eg fått grovrenska i beda. I morgon er vi lova mykje regn og det skal vare ved i ei vekes tid, så då tenkjer eg at telen forsvinn og eg kan klippe rosene og gjødsle dei i slutten av april som eg har gjort dei siste åra.
GOD HELG TIL ALLE I HAGEN! 

3 kommentarer:

  1. Hei Else T.
    Ja da er vi igang med rumpa i været og hendene i jorden hehe.
    Det var mange stauder men så har du orden i sakene ser jeg.
    Det blir fint på alle måter nå fremover hvis det blir mildere netter og varmere dager.

    God lørdag fra Marit.

    SvarSlett
  2. Det var enormt masse staude kasser du har, så deilig at du kan holde på ute nu med 10 + grader, ei hærlig tid.
    Her skal det også regne med pluss grader neste uke, så da håper æ telen og snøen er gått.
    Så bra du løste innternett problemene dine.

    Ha ei fin kveld.

    Lisbeth ;)

    SvarSlett
  3. Det var litt av ei staudesamling du har og så flott og stort drivhus.
    Du har det nok litt mildare enn det er her sia du kan sette ut staudene dine.
    Deilig å få kunne starte å ruske vekk litt i beda. Her ser det rett og slett ruskete ut, eg hoppa visst over ein god del av haustryddinga ser det ut som. Men eg har starta litt.....tek litt etterkvart som snøen tinar.
    Kjekt at du fekk ordna dataproblema :))
    God Søndag, frå MarJE.

    SvarSlett