torsdag 10. mars 2016

Dei siste staudefrøa er klar for såing.


I dag har eg klargjort dei siste frøpakkane av stauder som eg har tenkt å så i denne sesongen. Eg  har brukt mykje tid på å finne ut av korleis eg skal merke pottene slik at dei vert lette å finne att i listene mine etter fleire år. Tidlegare så skreiv eg berre namnet på frøsorten, då fekk eg problem med gamle såpotter som det ikkje kom spiring i. Eg pleier å tømme dei som ikkje er spiring i på komposten etter tre sesongar. Det kan jo tenkjast at det er frø som treng endå lenger tid på å spire, men då ventar eg ikkje lenger. Så hadde eg eitt år då eg berre skreiv nummer og årstal, men det vart altfor mykje styr når eg måtte inn og sjekke sålistene etterkvart som nye spirer dukka opp. Så no merkjer eg med nummer/årstal og namn. Då har eg ein god backup i tilfelle at pc-en skulle låse seg. Eg har rett nok lagra dei viktige filene på ein ekstra harddisk, men dette er ein grei måte å gjere det på.
No har eg 176 sortar, men eg ser jo at Aquilegia ...McKana Giant har eg tre sortar av, eg synest dei er så flotte og første gongen eg sådde så var det ikkje så god spiring. Eg kjem til å legge inn lista oppe til venstre på bloggen seinare. 

4 kommentarer:

  1. Du er så flink Else :)

    Ha ei fin helg.

    Liosbeth :O)

    SvarSlett
  2. Dette minner meg på at jeg har 3 poser med frø liggende som ikke trenger kuldebehandling, se må sås denne helga :-)
    Men jeg er ikke så flink som deg til å ta vare på potter uten spiring.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er litt styr med å ta vare på gamle såpotter med vatning om sommaren, men sidan eg sår såpass mykje så kan eg ikkje berre kaste det etter eitt år, det er faktisk ein god del som spirer etter to år, og så nokre få etter tre år.

      Slett