torsdag 3. mars 2016

SPIRING I STAUDEPOTTENE



I dag har eg plukka fram staudepottene frå vinteropplag. I fjor måtte eg kjøpe nytt teltdrivhus, det synte seg å vere av så dårleg kvalitet at saumane rakna då det vart litt vind. Så då måtte vi finne alternativ oppbevaring og det vart  til at mannen min rydda plass i vedboda og der har dei vore i vinter. Det har vel knapt vore kuldegrader, men litt var det nok i januar. 

Ved første gjennomgang så ser det verkeleg ut til at dei fleste plantene har overvintra godt. No står dei ute i regn og snø, men så snart det vert god varme i lufta så skal ha gjennomgang på dei og sjå korleis det står til.
I dei to pottene som står bak er det er det trepion og ein meir ukjend som eg sådde i 2015 og som det er masse spiring på.
Pottene framme er frå 2013, 2014 og 2015. No står dei inne i drivhuset ilag med sommarblomane som er i god vekst. Dei kunne godt ha stått ute framleis, men ved at dei no får komme inn i varmen så kjem dei raskare i vekst og eg kan få prikle dei. I dag har eg tenkt å ta inn pottene som eg har sådd denne vinteren slik at dei og kan få komme igang. 

2 kommentarer:

  1. Hei Else, koselig at du kommer med et blogginnlegg :)
    Syns no bloggen er bedre enn fb og instragram ;)
    Så spennnede tid vi hagefolk har fremfor oss, med såing og alt som skal spire og gro for oss, sitter i sofaen og ser på vinden som blåser, noen gulspurver som besøker matplassen, og noen stor måser og sjurer og kråker som flyr over her :)
    Ser at snøen minkerute og at gresstustene kommer frem på marka av vinden som vi har hatt her hele uken,
    Vi har hatt og har oppholsdvær litt solgløtt av og til, og et par plussgrader, æ e så lei sne og vinter nu :)

    Ha ei fin helg og kos dæ med spiringa både ute og inne i drivhuset, det skal æ og gjøre.

    Lisbeth :O)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Lisbeth, det var du som fekk meg til å starte att. Pluss at eg og synest det er kjekt å lese/skrive blogg. Eg er ikkje så flink til å kommentere, men det får stå sin prøve.

      Slett