tirsdag 28. juni 2016

1000 OPNE HAGAR - IKKJE FULLT SÅ MANGE - EG HADDE EIN AV DEI

 Pompomakeleie og fiolkongslys.
 Krypbrudeslør
 Paeonia 'Festival Maxima'
Paeonia 'Nordic Paradox'

Sist sundag den 26. juni var eg ein del av Hageselskapet sine 1000 opne hagar. Eg brukte litt tid på å ta avgjerda om å melde meg på, for det er jo noke med å invitere folk på hagebesøk på ein sundag då det er flust opp av tilbod som kan freiste.
Ikkje minst syntest eg det var vanskeleg sidan fleire som meinte at deira hagar på langt nær var fine nok til å invitere på besøk i.
Hageselskapet reklamerte med å opne hagen sin og sjå vekk ifrå at han ikkje var strigla og perfekt, men det er jo lettare sagt enn gjort. Det som eg tenkte utifrå var at eg har ein hage med ein god del stauder, eg har sådd dei aller fleste sjølv og såleis har eg ein billeg hage. Det treng ikkje koste allverden å få masse planter i hagen. Eg har alltid hatt interesse for hage og planter, men helsa strakk ikkje til å arbeide i hagen etter arbeidstid og å kjøpe stauder i massevis hadde eg heller ikkje råd til. 
Så tok livet mitt den vendinga at eg ikkje lenger kunne vere i arbeid og då har eg fått utfolde meg i det som på ein måte har vorte ei redning både fysisk og psykisk. 
No vart det ikkje fokusert på helsa min den dagen, mange av dei som var her veit tilstanden min, men hagegleda og kva som kan gå an å få til for ein rimeleg penge fekk dei delta i.
Det kom 16 besøkande på ein sundag med lett regn i lufta. Dei gav utrykk for at dei var godt nøgde, og at dei trivdest. 

For meg som hagevert så var det så ufatteleg kjekt å få vitjing av så mange hageinteresserte og få tre heile timar med hageprat, eg lever på ei høg bylje enno. Etter som eg forstår så skal Hageselskapet ha dette som aktivitet annakvart år. 
Eg kjem nok til å invitere til open hage kvart år sålenge helsa held og nokon vil kome. 

6 kommentarer:

  1. Så bra at du tørte å åpne hagen og at det ble noen hyggelige timer! Jeg tror at mange legger lista for høyt i forhold til å tørre å invitere inn, men hagen skal jo ikke være striglet, det er gøy å se prosjekter på gang og at andre også har ugress :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, som sagt eg trur lista ligg altfor høgt mange stader. Det som er fine planter for meg og som eg knapt får til veks som ugras i andre sine hagar og sånn er det berre. La oss nyte resten av sommaren!

      Slett
  2. Hei! Kjekt å lese, og hyggelig at det kom fonøyde folk på bersøk:) Jeg er jo sikker på at de fikk mye spennende å studere, bare de få bildene du la ut viser jo planter som jeg ikke tror jeg har sett før, enda jeg ikke er heeelt grønn. Flott at hagen gir så mye glede fort deg! Nyt sommeren!

    SvarSlett
  3. Takk Bille, det var det eg tenkte at eg synest at plantene eg har er "vanlege", men det er sjølvsagt fordi eg ser dei ein 3 til 4 gonger pr dag. om eg hadde kome inn i ein hage som min for 10 år sidan så hadde eg syntest at den var fantastisk. Nyt sommaren du og både på terassen og i feriehagen.

    SvarSlett
  4. Hei Else :) Lenge sia æ har blogga nu, har vært i en blogge dvale :).
    Regner med at de som var på besøk i hagen din koste seg riktig, for du har så mye fint og vise frem.
    Æ må lage mæ et blogginnlegg snart, for æ har ikke blogga på 1 mnd nu.
    Ha en trivelig dag.

    Lisbeth :)

    SvarSlett
  5. Så flott at du våget! Jeg trakk meg for et par år siden, og skjems fremdeles litt over det. Så klapp deg selv på skulderen over vågestykket!
    :-)

    SvarSlett