onsdag 27. april 2011

Vår i ekspressfart

Det er ikkje ofte narcissane, eller det som eg kallar påskeliljer, blomstrar til påske. I år kunne eg plukke inn ein bukett med påskeliljer, pulsatilla, tulipan, kuleprimula og greiner med grønt lauv på jasmin.


Eg har ei lita blåveis, importert til vestlandet av ei tante for meir enn 20 år sidan, tanta er død, men eg prøver å halde liv i planta. Det vert nok aldri noke teppe av blåveis hjå meg, men kvitveisa lyser fint opp på bøen til naboen. 
Det er frydefullt å ha eit stort nesten tomt bed klart til å ta imot alle småplantene som no er i god vekst både på planteromet, drivhuset og ute.

Peonane strekkjer seg.

Helleborus orientalis, eg har ei plante i bedet, mange frø er sådde, så eg reknar med det vert mange fine planter etterkvart.

Dette er ein annan peon, kjøpt før den store hagegalskapen med namn på alt, ilag med ei julerose på hell. Denne kjøpte eg billeg  i vår og har pynta opp framfor inngangsdøra. No skal ho stå midt mellom to peonar.

Dette er den andre naboen.

Rosene i venstre bildekant vart klypte 18. april, då var det musøyre på bjørka, i dag er det vel kattøyre. No har eg gjødsla med beinmjøl og lagt på eit godt lag med kompostert hestegjødsel. Bedet til høgre skal fyllast med litt stauder, masse georginer og sommarblomar. 

Denne raude pulsatillaen kjøpte eg for nokre år sidan og no står knoppane og blomane i kø.

Denne kvite pulsatillaen står bak den raude og er litt blyg, men veldig fin den og.

Skota på georginene er i god vekst, det er noken få potter som ser ut til at eg må vente lenge på liv, men eg har tid til å vente litt til, så får vi sjå.

Klokkeranker i god vekst.

Kentuckykaffiplante.

No er det nye teikn på vår kvar dag, vi har klypt plenen to gonger, i dag så eg to svaler, 23. april var linerla på plass. Bøndene er i full gang med vårvinna. Vegane er fulle av svarte bremsespor. Eg har hatt min første terassepils, og dei siste dagane har høgste punktet på kroppen vore halebeinet.
LIKNINGA ER LEVERT!

8 kommentarer:

  1. Ååå så langt alt har kommet hos deg ,det er så fint å se hva vi har i vente. Våren kom litt plutselig i år , eller er det jeg som er litt treg,,, jaja sånn er det,,,
    Klem Marit.

    SvarSlett
  2. Hei Marit, takk for klem og kommentar. Ja no går det unna i sjumilssteg. Det er plussgrader om natta og, noke som er uvanleg når det er fint veir om våren. I dag skal eg ut å ha hestegjødsel utover det nye bedet mitt. Mannen min støyper heller som eg skal ha som gangveg gjennom bedet. I år vert der mykje georginer og sommarblomar. Seinare vert det planta til med stauder, når alle småplantene veks seg til. Ha ei god dag. Klem frå Else!

    SvarSlett
  3. Så deilig med bed klart til utplanting :D Det er da moroa begynner!! Sånna Pulsatillaer er noe jeg må sette på lista mi, fantastisk flotte planter og får de ikke deorative frødusker også?

    Valmua du lurte på kan være en schnasen rød orientvalmue eller lyserosa/lilla ettåringer... tror jeg :P

    SvarSlett
  4. Eg skal prøve å få sendt deg nokre frø av
    pulsatilla når eg får samla inn. Eg har ei sjølvsådd blå som blomstrar og. Takk Mari, for svar.

    SvarSlett
  5. Og så artig nå gleder jeg meg til jordbær med fløte. Takk takk for fine fakta ,ha en fin kveld Marit.

    SvarSlett
  6. En fantastisk bra vår-status-rapport, Else! Jeg lo høyt! Nydelige bilder også. :-)

    SvarSlett
  7. Skal si våren er kommet lengre hos deg enn hos meg. Nydelig å se:)
    Takk for svaret på Hagegal.no, var inne der for 1. gang ikveld. Redd stokkrosene mine ikke kommer.
    Ha en fin vårkveld, klem klem:)

    SvarSlett
  8. Takk for hyggelege kommentarar. Eg er imponert over at de har tid til å lese andre sine bloggar og kommentere i desse travle tider.

    SvarSlett