søndag 8. mai 2011

Tomatplantene har kome på plass i drivhuset.

 
Den 7. mai flytta 12 av tomatplantene ut i drivhuset der eg fylt baljane med hagejord, lecakuler, litt kjøpejord og mykje hestegjødsel. Eg har nokre fleire tomatplanter, physalis, tomatillo og agurk som skal ut og, men først er det fleire planter som må flytte ut.
I dag har det vore mellom 20 og 24 grader, bris frå aust som har kome i sterke rosser. Så dei plantene som no er ute har fått kosta seg. Mesteparten av tida i dag har gått til vatning.

Eg har hatt bilete av luktlupinen i mange stadier, slik er stoda no.

Petuniaplantene veks i rekordfart.

Dette er ei plante eg aldri har sett før
Cerinthe major purpurascens, stor voksblomst, ho veks og ser ut til å verte ei svært kraftig plante, 80 cm trur eg det var.


Zuluastersen vert fin i år og.

Dette er litt av staudene mine, dei store nede er overvintra frå 2010, dei på hylla over er av årets sådd. Eg har mange såpotter att å prikle, pluss at det er mange som ikkje har spirt endå.

Attende i drivhuset, dette er før tomatplantene kom inn, det er sommargeorginer som står i dei nederste kassane. I kassane over er det ulike sortar lobelia.

Dette er eit variert utval av planter, eg har mange cosmos, blodbeger og raude vippeblomar. Her er og mange blodbeger.

Eit bilete som viser litt av kaoset. I kassane nederst til venstre er knollgeorginer.

Valmuesøstrene er i knopp.

Heggen blomstrar. Det må vere rekordtidleg.Eg kjende lukta i dag tidleg før eg såg dei hadde opna seg og tenkte dette måtte vere feil. Men varme neter og dagar driv alt fort fram.

Ein tulipan til å verte glad av.

Tulipanar og narcissar på geledd.

Endå ein sjarmerande tulipan.
Har ikkje tid til å skrive meir no, det er alt for fint veir ute. Ha ein fin kveld!

9 kommentarer:

  1. Nå ble jeg imponert =) Det er voldsomt som du produserer planter ,og grønnsaker også! Det er på tide vi kan få begynne å sette ut, ikke sant?
    Jeg ser du bruker hestegjødsel til tomatene. Mine vokser så sakte, syns jeg! Jeg bruker Superba, blandet med vann, konsentrat. Men det blir ikke noe futt av det! Kan jeg bruke hønsegjødsel i stedet for hestegjødsel? Her er ikke hester i nærheten!

    SvarSlett
  2. Du kan heilt sikkert bruke hønsegjødsel, men den er mykje sterkare enn hestegjødsel. Eg brukte det hønsegjødsel i fjor. Tomathausten vart heller skral, men det hadde heilt sikkert med veiret og gjere. Hestegjødselen som eg brukar no har fått av ein bonde i nabobygda, den var 2 år gamal og nesten som kompost. Det med hestegjødsel las eg på ein dansk hageblogg, han hadde brukt det dei to siste åra med godt resultat.
    Ja eg er einig i at det er stor produksjon, men eg sel litt av plantene.
    EG har tenkt å plante ut ein del planter i morgon. No melder det regn og då klarar plantene seg mykje betre enn i den temperaturen og vinden vi har hatt i dag. Men det er no herleg med varme.

    SvarSlett
  3. Skal si det er masse i drivhuset ditt! Jeg er virkelig imponert.

    SvarSlett
  4. Du verden så mange planter du har produsert. Det er nok litt av en jobb bare å vanne alle i dette været. Vi har jo hatt det så fint og dermed er det veldig tørt i hele Sør-Norge nå.

    SvarSlett
  5. WOW!! Så mange planter! HEr var det mye å glede seg til på sommeren:) Har full forståelse for plantegalskapen din;) Det dufter nok godt i drivhuset ditt:) Klem Ellen.

    SvarSlett
  6. Takk til alle for hyggelege kommentarar. Det er med ei god kjensle eg går i drivhuset om morgonen og vert møtt med så mykje grønt. Det er berre til å verte glad av. Eg har heldigvis ingen restriksjonar på vatn, for no treng plantene mykje, dei minste i priklepottene må eg jammen passe godt på.

    SvarSlett
  7. oioioi, for en produksjon!
    Wow

    Artig å se hvor orden du greier å ha, smart med blå soppkurver da, det rydder jo opp visuelt også.

    SvarSlett
  8. Du verden!! Hah, det var plantegalskape sin det :D Moro!!

    SvarSlett
  9. Jeg sier bare - jøss for en planteproduksjon, Else! Jeg ble helt paff av å se disse bildene. Det blir nok supert å få plantet ut det som skal ut, og ikke minst når du kan begynne å høste av tomatene mm :-) Ha en flott søndag!

    SvarSlett